Sambåndet

Tirsdag 17. oktober 2017
RSS

Vi vil hjelpe heimane

Den primære hensikt med forsamlinga sitt arbeid må vere å utruste heimen til å gje trua på Jesus Kristus vidare til neste generasjon, skriv Sambåndet på leiarplass.

Av Sambåndet LEDER . Publisert 29. juni 2017.

«Eg treng ei god forsamling, og gjerne også tilgang til ein kristen friskule, for at barna mine skal bli bevart hos Jesus». Slike utsegn høyrer vi ofte, og det er eit uttrykk for ei ekte bekymring for korleis det er å vekse opp i eit sekulært og multireligiøst samfunn. ImF har ofte, og i sterkare og sterkare grad, oppmoda til å byggje forsamlingar, skular og barnehagar, men det er enno viktigare for oss at den kristne heimen ikkje held fram med «å sette bort» det ansvaret ein sjølv har.

Då vi for nokre få år sidan la inn i vår langsiktige strategi at «vi vil stimulere til aktiv formidling av kristen tru i heimen», var det fordi vi meiner dette er ei gudgitt oppgåve som framleis står ved lag: «Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. Og du skal prenta dei inn i borna dine. Du skal tala om dei når du sit i huset ditt, når du går på vegen, når du legg deg, og når du står opp» (5. Mosebok 6:6-7).

Mange kristne foreldre strevar med dette. Dei er usikre, har manglande sjølvtillit og kjenner på at dei ikkje «når inn» til sine håpefulle. Derfor er det vår hensikt å skape sjølvtillit og gje overtyding om det gudgitte mandat som Bibelen talar om.

I desse dagar vurderer fleire forsamlingar og lag om dei skal ta i bruk Awana-ressursane som ImF lanserer i landet vårt. Vi står midt i eit stort og omfattande arbeid med å legge til rette dette til vårt språk og tilpasse det vårt læregrunnlag og kultur. Det er mange praktiske spørsmål som dukkar opp når ein skal vurdere ei omlegging av barne- og ungdomsarbeidet, men vi ber om at ein ikkje mister det fundamentale av syne her. ImF vil leggje Awana-ressursane i hendene på foreldra og seie: «Vi vil hjelpe slik at de kan ta dykkar ansvar på alvor. Det er de som sørger for kontinuiteten, og så vil vi arbeide for at forsamlinga kan gje støtte og hjelp ut over det».

Den primære hensikt med forsamlinga sitt arbeid må vere å utruste heimen til å gje trua på Jesus Kristus vidare til neste generasjon. Med «heimen» tenkjer vi då i vid forstand (foreldre, besteforeldre, einslege m.m). Gjennom heimane byggjast relasjonar til menneske som ikkje har ei levande tru, eller som ikkje har eit kristent fellesskap. Ei forsamling har andre oppgåver også, og ei forsamling må ta omsyn til at familie er noko meir enn mor–far–barn-relasjonen. Men det skal ikkje endre det som er grunnleggjande: «Fortel borna dykkar om det. Dei skal fortelja det til sine born, og deira born til ei ætt som kjem» (Joel 1:3).

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Opposisjonspartiene kom med knallhard kritikk mot regjeringens kuttforslag til folkehøgskolene.

I ettermiddag blir det demonstrasjon foran Stortinget mot regjeringens forslag i statsbudsjettet om millionkutt i bevilgningene til folkehøgskolene.

– Vi er med og utdanner for samfunnet og gir barn og unge et kompass – på alle plan i livet, sier rektor Jeanette Vesetvik.

Menigheter preget av Hauge-bevegelsen, satset mye på å sende ut misjonærer, går det fram av ny bok.

Theodore Kalogeropoulos fra Athen har mange tjenester i misjonen. Radioarbeid førte ham til Straume Forum denne uken.

Copyright © Sambåndet 2017