Sambåndet

Tirsdag 19. september 2017
RSS
SAMTALE: AP-leder Jonas Gahr Støre og MF-professor Sturla J. Stålsett møttes til lunsjsamtale om sistnevntes nye bok «Religion i urolige tider». FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

– Urolege tider gir religion aukt tyding

SERIE: Globalisering gjer menneska meir sårbare. Dette gir ei auke i religiøsiteten si tyding, meiner Sturla J. Stålsett. – Eit viktig tema, seier Jonas Gahr Støre.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 28. juli 2017.

Fakta

Globalisering

  • Uttrykk som ofte brukes om økonomiske, politiske, materielle og kulturelle forflytninger, kontakter og påvirkninger som i moderne tid skjer i en verdensomspennende målestokk.

Kilde: Store norske leksikon

GLOBALISERING: Sturla J. Stålsett har skrive boka «Religion i urolige tider». Den vart lansert tidlegare i år i samband med ein samtale mellom forfattaren og Jonas Gahr Støre, leiar i Arbeiderpartiet (Ap), tidlegare generalsekretær i Norges Røde Kors og utanriksminister frå 2005 til 2012.

Boka tek for seg religionen og religiøsiteten si rolle i det moderne samfunnet på godt og vondt og har undertittelen «Globalisering, religiøsitet og sårbarhet».

– Globalisering (sjå faktaboks) har mange gode sider, men eg er her ute etter å sjå skyggjer som utviklinga skaper. I sum er det ulikskap og overskriding av kloden sin kapasitet. Dette fører til uro, utsette menneske og sårbarheit, seier Stålsett som er professor i diakoni, religion og samfunn ved Menighetsfakultetet (MF) i Oslo.

Stålsett meiner det er eit problem at denne sårbarheita ikkje blir sett på som noko som gjeld alle.

– At den ikkje anerkjennast som noko som rammar heile kloden og heile det menneskelege fellesskapet, og ikkje blir handtert som ei felles utfordring, meiner eg er grunnlaget for ei etisk og politisk krise i globaliseringsalderen, seier han.

KRISE: Sturla J. Stålsett mener verden står overfor en etisk og politisk krise dersom en ikke anerkjenner sårbarheten globaliseringen skaper. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

– Sårbarheit aukar religionstydinga

– Religion har så stor tyding for enkeltmenneske og har derfor også stor tyding for oss som samfunn og fellesskap. Vi kan kjenne det som personar, og forskinga viser òg at når vi er utsette og i sårbare situasjonar, aukar tydinga til religiøsiteten, seier Stålsett.

Også Støre trur auka sårbarheit har ført til at religion er eit større tema i samfunnet i dag enn for ti år sidan.

– Det er ikkje berre at vi vaknar opp og ser at ein del av befolkninga vår har religion som ein større dimensjon i liva sine, men folk kjenner seg meir sårbare i dag, seier Ap-leiaren.

Han meiner ein i Europa finn mykje uro, frykt og sinne.

– I Norge har vi uro.Vi har enno ikkje gått over streken til frykt og sinne, men det er ein sårbarheit der, seier Støre.

Motstand og ressurs

Stålsett spør med boka kva religion og religiøsitet kan hjelpa med i den auka sårbarheita som følgjer globaliseringa.

– Den kan vera motstand, den kan føra til at ein fortset flukta frå sårbarheita, og den kan definitivt føra til å auka fiendskapen mellom menneske. Det ser vi i korleis religion blir misbrukt til terror. Men religion kan òg vere ein ressurs til overleving, håp, til å byggje nye fellesskap når ein godkjenner kvarandre sine grunnbehov og forskjellar og gjensidige avhengnad, seier han.

MF-professoren ønskjer å rette eit søkjelys mot koplinga mellom sårbarheit og religiøsitet som samfunnsmessig viktig, både for religiøse og ikkje-religiøse, og som noko som ikkje er eintydig.

– Eg freistar i boka å visa at det er ulike religiøsitetsformer som forheld seg på ulike måtar til sårbarheita.

– Ei viktig bok

– VIKTIG BOK: Jonas Gahr Støre mener Stålsett har skrevet en viktig bok om et komplisert tema. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Jonas Gahr Støre meiner Stålsett har skrive ei viktig bok.

– Men den er ikkje lett, for dette er kompliserte samanhengar, og dette temaet er ekstremt motsetnadsfylt. Det spenn frå det forsonande som gir håp, tilhøyrsel og trøyst, til dei absolutt mest groteske, brutale drapsorgiane til for eksempel IS, seier Støre.

Denne dobbeltdomen i religiøsiteten er noko Stålsett seier han ønskjer å få fram i boka.

– Eg vil sjå det destruktive ordentleg i kvitauget og ikkje prøve å dekkje det til, og samtidig prøva å sjå kor ofte religion i media og allmenta har blitt forflata til eit bilete av dei andre sin religiøsitet som ein delvis fryktar og delvis foraktar, seier professoren.

Sekularismens problem

Både Støre og Stålsett kjem i løpet av samtalen inn på det sekulære samfunnet sin manglande forståing for religionen si tyding.

– Eg trur vi har fått eit samfunn der kunnskapen og kompetansen vår om tydinga til religiøsiteten kan verke som den er på retur. Det er uheldig både i eige liv og i samfunnet. Vi veit at idet krisa rammar oss på eit personleg eller nasjonalt nivå, så er religiøsiteten ein ressurs for mange menneske, seier Stålsett.

Stålsett trur mangelen på kunnskap også førar til auka frykt.

– Det ein ikkje forstår, det som verkar rart, kan også verke skremmande og kan føre til at ein avviser noko ein kanskje ikkje helt har skjønt.

Dette er andre i en serie på seks artikler på sambåndet.no om kristendommens vilkår i dagens samfunn, nasjonalt og internasjonalt. Første artikkel (27.07.) handler om nasjonalisme. Kom gjerne med dine tanker i kommentarfeltet under.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Monica Pollestad er ny barnearbeider, og Per Åge Berge er ny forkynner i ImF Rogaland.

Hadde den tiltalte etter knivstikkingen på KVS-Bygland vært fire måneder eldre da ugjerningen skjedde, kunne han fått nesten dobbelt så lang straff.

Talar av dei mest kjende forkynnarane i Norge dei siste 50 åra blir no gjort tilgjengelege for alle.

VALG 2017: Det er vanskelig å mislike Jonas Gahr Støre – uansett hva man måtte mene om partiet han kanskje snart må gå av som leder for.

Copyright © Sambåndet 2017