Sambåndet

Søndag 17. desember 2017
RSS
ENIGE: (f.v) Leder i Hedningsamfunnet, Morten Guldberg, leder i Humanistisk Ungdom, Arnlaug Høgås Skjæveland, sentralstyremedlem i Rød Ungdom, Christian Eikeland, generalsekretær i Laget, Karl-Johan Kjøde og leder i KrFU Oslo, Kristofer Olai Ravn Stavseng, var alle enige om at skolene bør tillate ungdom å engasjere seg i kristne lag og kritisk tenkning. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Samde om kristne skulelag

SERIE: Det er brei semje blant ungdomsorganisasjonar om at ungdomar framleis bør få lov til å engasjera seg i kristne lag på skulane.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 31. juli 2017.

LIVSSYNSOPE: Det kom fram i ein debatt på Litteraturhuset i Oslo tidlegare i år. Representantar frå høvesvis Hedningsamfunnet, Humanistisk ungdom, Rød Ungdom, KrfU Oslo og Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget) er einige: Skuleungdom bør få lov til å driva med kristne skulelag på skulen.

– Det finst ikkje noko betre enn engasjert ungdom. Dersom dei vil ta opp nokre av dei viktigaste spørsmåla i tilværet, burde ikkje skulen stikke kjeppar i hjula men oppfordra og tilretteleggje, seier leiar i Hedningsamfunnet, Morten Guldberg.

På kongressen til det svenske regjeringspartiet Socialdemokraterna i år vart det vedteke å forby religiøs praksis i alle friskuler, også dei som er etablert på religiøst grunnlag

Blir nekta

Bakgrunnen for debatten, som blei arrangert av Laget i samarbeid med Barne- og ungdomsorganisasjonane i Oslo (UngOrg), er at Laget stadig opplever at elevar på ungdomsskular og vidaregåande skular som ønskjer å starta skulelag, blir nekta dette av rektor.

– Vi prøver å hjelpa elevane som får avslag, men slike prosessar tek lang tid og gjer ofte at ungdomane mister piffen, seier Werner Ramberg som er regionleiar for feltarbeidet i Laget på Austlandet.

– Livssynsnøytralitet finst ikkje

Rektorane sine grunngivingar går ofte ut på at dersom det kristne skulelaget får lov, må dei også gi alle andre grupper lov, eller at skulen skal vera livssynsnøytral.

– Livssynsopenheit, der ein godkjenner at folk har ulik tru og har ein grunnleggjande respekt og toleranse, er ein bra ting. Livssynsnøytralitet finst ikkje. Alle trur eller meiner noko, seier leiar i KrFU Oslo, Kristoffer Olai Ravn Stavseng.

Christian Eikeland, sentralstyremedlem i Rød Ungdom, er einig med Stavseng.

– Vi kan ikkje ha eit samfunn som er nøytralt for religion. Nøytralitet trur vi ikkje eksisterer. Det er viktig med ein skule som er open for alle religionar og livssyn, og at ingen religionar får forrang, seier han.

Ikkje i skulen sin regi

Leier i Humanistisk Ungdom, Arnlaug Høgås Skjæveland, meiner at livssynsnøytralitet og livssynsopenheit ikkje er motsetnadar.

– Det skildrar forskjellige ting. Ein livssynsnøytral skule driv ikkje med bordbønn eller går i kyrkja til jul. Dei har religionsundervisning der alle kan kjenne seg respektert, og der læraren ikkje forkynner, seier ho.

Både Eikeland og Skjæveland er oppteken av å skilja mellom det som skjer i skulen sin regi, og det dei engasjerte ungdomane sjølv arrangerer.

– Ein livssynsopen skule respekterer at elevane har ei tru, eller ikkje har ei tru, og synest det er OK at elevar ber religiøse symbol og har eit behov for å be og ønske å snakke om trua si på skulen, seier Skjæveland.

– Skulen målber livssyn

Generalsekretær i Laget Karl-Johan Kjøde poengterte at mange av verdiane som blir omtalte som nøytrale, kjem frå den judeo-kristne kulturen.

– Verdiar som openheit, respekt og likeverd er også livssyn. Både skulen og staten målber eit livssyn, seier han.

Kjøde meiner ordet forkynning ikkje kan avgrensas til religiøse livssyn.

– Eg er einig i at skulen ikkje skal forkynne. Skulen er ei plattform for å formidla faget som er bygt på ein bestemt fagleg teori. Samtidig målber ein verdiar i skulen heile tida. Sjølv om det ikkje tilhøyrer eit dogmatisk læresett i ein bokreligion, forkynner ein det, seier han.

Felles front

Debattantane var einige om at det burde utarbeidast klarare retningslinjer for kvarvidt elevar skal få lov til å engasjera seg i religiøse skulelag på skulane.

– Det bør ikkje vera opp til den einskilde rektoren si overtyding, seier Stavseng frå KrFU.

Fleire av debattantane oppfordra kvarandre til å stå saman i kampen for ungdomane sin rett til å engasjera seg – og våge å tillate meiningsbryting på skulane.

– Eg liker omgrepet «felles front». Særleg når det handlar om å hegna om såpass grunnleggjande verdiar som dette, seier Guldberg frå Hedningsamfunnet.

– Vi samarbeider gjerne med desse organisasjonane. Vi er klare for å ta kampen og er glad for at alle her er einige med oss, seier Kjøde.

– Vi er glad for at Laget no lagar litt bråk rundt dette, og vi vil vere med og støtte, seier Skjæveland frå Humanistisk Ungdom. KPK

Dette er den femte i en serie på seks artikler på sambåndet.no om religionens vilkår i dagens samfunn, nasjonalt og internasjonalt. De tidligere ble publisert henholdsvis 27., 28., 29. og 31. juli. Kom gjerne med dine tanker i kommentarfeltet under

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

ImF-styret meiner underskot i budsjettet for 2018 gjer det naudsynt med nedbemanning på hovudkontoret på Straume.

Indremisjonsforbundet (ImF) og NLM har arvet en halvdel hver fra boet etter et småbruk i Lyngdal kommune.

Gode tilbakemeldinger på Indremisjonsforbundets Lederkonferanse gjør at det blir et årlig arrangement. 9.-11. november neste år blir det ny konferanse.

I årets juleaksjon samlet misjonseide Møre barne- og ungdomsskule i Herøy inn over 80 000 kroner til Åpne Dørers arbeid i Sentral-Asia.

Petter Myhr trakk fram den store betydningen hans far hadde hatt i livet hans, da han tok imot Petter Dass-prisen på vegne av festivalen Olavsfestdagene.

Copyright © Sambåndet 2017