Sambåndet

Søndag 20. august 2017
RSS
INGEN ØKNING: Mange bibelselskap økte sin distribusjon av Skriften i 2016. Det Norske Bibelselskapet sto på stedet hvil med samme distribusjon som 2015. ILLUSTRASJONSFOTO: KPK

– Bibelen forandrar liv

Bibelselskapa i mellom anna Iran, dei sjølvstyrte palestinske områda og Bangladesh kan melda om sterk auke i distribusjonen av biblar og bibeldelar frå 2015 til -16. I Norge var det inga auke.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK . Publisert 4. august 2017.

RAUDT FLAGG: Ingeborg Mongstad-Kvammen i Det norske bibelselskap er skuffa over at bibelsalet i Norge ikkje aukte i 2016 samanlikna med året før.

I Bangladesh distribuerte bibelselskapet der meir enn åtte gonger så mange nytestament i 2016 som året før.

– Gjennom desse Skriftene har mange liv blitt omskapt, og mange har akseptert Kristus. Kyrkja sitt frammøte er auka, barn har eit godt åndeleg grunnlag, og familieforholda blir styrkte, seier ein talsmann for bibelselskapet i Bangladesh.

Fleirdobling

Bibelselskap i mange land såg eit plutseleg oppsving i bibeldistribusjon i 2016, ifølgje ein ny rapport frå United Bible Societies (UBS). Det iranske bibelselskapet har distribuert ein million ikkje-trykte biblar og ein halv million ikkje-trykte nye testament, og eksporterte 7.500 biblar og 9 400 nye testament. Det er dobbelt av det dei distribuerte i 2015.

– Talet på ein million biblar er eit svært konservativt estimat. Røynda er ein mykje større innverknad. Vi bruker fleire plattformer for å distribuere lyd og digitale versjonar av dagens persiske bibel i mange former og format, seier Nahid Sepehrifard, som leier teamet i Iran.

Bibelselskapet i dei sjølvstyrte palestinske områda distribuerte fem gonger så mange nye testament i 2016, samanlikna med 2015, og også på Cuba, i Tyskland og i USA har bibeldistribusjonen auka kraftig.

400 millionar eksemplar

UBS Scripture Distribution Report 2016 fortel at verda sine bibelselskap for tredje år på rad har distribuert meir enn 400 millionar eksemplar av Skrifta over heile verda – inkludert meir enn 34 millionar biblar.

– Det norske bibelselskap er den tredje største bidragsytaren til det globale bibelarbeidet gjennom United Bible Societies. Det er ikkje eit lite tal av dei 400 millionane bibeldelar som er distribuerte globalt som norske givarar står bak, seier Mongstad-Kvammen som uttrykkjer stor takksemd til dei norske givarane.

Rapporten fortel at den samla 2016-summen – nesten 401,4 millionar – inkluderer biblar, testament, evangelium og mindre eksemplar av Skrifta. Den er litt lågare enn 2015, men er oppe i 2010-totalen.

Tala er utarbeidde frå årlege distribusjonstal rapportert av bibelselskap rundt om i verda, og inkluderer lokale sal og eksport av Skrift-materiale.

STOR DIGITAL ØKNING: Antallet ikke-tykte bibler som ble distribuert av verdens bibelselskaper økte betraktelig i 2016. ILLUSTRASJONSFOTO: KPK

Auke i ikkje-trykte biblar

Fordelinga av ikkje-trykte biblar som digitale nedlastingar, CDer og DVDer har meir enn dobla seg over heile verda i 2016.

– UBS er heilt i front med tanke på digital utvikling, og vi ser dette som strategisk viktig, seier generalsekretær Ingeborg Mongstad-Kvammen i Det norske bibelselskap.

Meir enn 3 millionar ikkje-trykte biblar blei distribuert i 2016, opp frå under 1,3 millionar i 2015. Det har vore ein enda skarpare auke sidan 2010, då UBS distribuerte mindre enn 200 000 ikkje-trykte biblar på eit år.

– Om lag 45 prosent av befolkninga i verda har tilgang til internett, og kostnaden for Bibelen digitalt er langt lågare enn for den tradisjonelle boka. Dermed er det her eit stort potensial for at menneske som tidlegare ikkje har hatt råd til ein bibel, no får det, seier Mongstad-Kvammen.

Øvst på distribusjonslista til den ikkje-trykte Bibelen er Brasil, der UBS Bible App blei lansert i august 2015. Meir enn 1,5 millionar biblar blei gjorde tilgjengeleg gjennom den i 2016.

Inga auke i norsk bibelsal

Det Norske Bibelselskap såg derimot inga auke i bibelsalet i jubileumsåret 2016. Det uroar generalsekretær Ingeborg Mongstad-Kvammen:

– Vi selde omtrent akkurat like mange biblar i 2016 som i 2015. Dette ser vi på som eit raudt flagg, ikkje berre for Bibelselskapet, men ikkje minst òg for alle kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar, seier ho.

Dette ser vi på som eit raudt flagg, ikkje berre for Bibelselskapet, men ikkje minst òg for alle kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar

Bibelselskapet hadde ein oppgang i bibelsalet etter den nye omsetjinga kom i 2011, men opplever no at salet har stagnert.

– Dei to siste åra før 2011 distribuerte vi i overkant av 50.000. No har vi stabilisert oss på i underkant av 60 000, der vi har lege dei to siste åra, seier Mongstad-Kvammen.

I fjor feira Bibelselskapet 200-årsjubileum med fleire store kampanjar (sjå lenka over). 

– I vårt jubileumsår hadde vi jo svært stor oppsikt om Bibelen i media, i sosiale medium, i lokalsamfunn og på offentleg transport i Oslo. Men det har ikkje gitt utslag i bibelsalet, konstaterer Mongstad-Kvammen.

Forskar på bibelbruk

Det norske bibelselskap har inngått eit samarbeid med Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (Kifo) for å finne ut meir om nordmenn sin bibelbruk. Ei kartlegging av kva ein veit om bibelvanane i Noreg er alt gjennomførd.

Les meir: Unge menn bruker Bibelen meir enn unge kvinner.

– Vi inngjekk samarbeid med Kifo fordi vi ikkje veit nok om bibelbruksvanane til nordmenn og kva som motiverer og kva som hindrar folk i å lese/høyre Bibelen, seier Mongstad-Kvammen.

Rapporten seier, ifølgje generalsekretæren, mest om kven som les i Bibelen, kvar dei bur, utdanningsnivå, forhold til kristen tru osv.

– Vi fortset samarbeidet med Kifo. I haust begynner dei ein kvalitativ studie av ungdom og bibelbruk. Då skal dei sjå nærmare på kva det er som motiverer til å lese Bibelen, og kva som blir opplevd som hindringar. For oss som ønskjer at fleire skal lese i Bibelen, er dette kjempeviktig å finne ut. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Gaven fra en anonym lottovinner brukes til å ruste opp Fjell-Ly.

Etter en tids leting har ImF Midthordland nå fått ansatt en ny barne- og ungdomsleder.

Begrepsbruken til et muslimsk trossamfunn har gjort det nødvendig for NLM-forsamlingen i Kristiansand å presisere ståstedet sitt.

Arkeologer tror el-Araj er svaret på hvor Peters hjemby, Betsaida, lå.

Ein tanke om at det finst ein Gud som vart menneske til frelse for verda, vart for stor til at kunnskapsminister Tormod Røe Isaksen kunne tru.

Copyright © Sambåndet 2017