Sambåndet

Tirsdag 19. september 2017
RSS
PÅ HEIMEBANE: Wenche Lunde fotografert på Stranda på Sunnmøre tidlegare i sommar der ho var talar på eit regionmøte. FOTO: Hjørdis Almelid Vikenes, KPK

– Viktig å vere Guds påminnarar

Via ein ukjent mann i Øvre Årdal fekk studenten Wenche Lunde i 1974 ei påminning frå Gud som gjorde at ho valde å bli misjonær.

Av Hjørdis Almelid Vikenes, KPK. Publisert 5. august 2017.

– Det er viktig at vi torer å vere påminnarar for Gud og seie i frå til andre kva vi har vorte minte om å seie vidare, seier Wenche Lunde no.

Ho byrja først å tenkja på å bli misjonær under ein skuletur for Norsk Lærarakademi (NLA) i Bergen der ho tok kristendom som fag.

– Eg var med ei lita gruppe til Øvre Årdal i Sogn hausten 1974. Ein kveld var vi heime på kveldsmat hjå ein familie, og der vart eg spurt av mannen i huset, Erling Klungset, om eg ville vera med opp i andre etasjen og besøkja ei sjuk dame, fortel Wenche.

Rektor ved NLA var med i gruppa, og Wenche tykte nok det hadde passa betre at han besøkte den sjuke kvinna, men ho vart no med. Og det vart eit underleg besøk.

– I forbifarten såg vi eit bilde på veggen av to misjonærar. Dei spurte om det ikkje var slik at eg òg skulle bli misjonær. Eg berre lo det vekk, seier ho.

Men då dei kom ned og skulle ete, bad mannen ei bordbøn: «Gud, eg tykte du minte meg om at eg skulle spørja ho Wenche Lunde om ho ikkje skulle bli misjonær», sa han. «No har eg gjort det, kan du velsigna maten for oss i kveld?».

– Der og då fall det som lys i frå klar himmel ned i meg. Eg kom ikkje vekk frå det spørsmålet resten av det studieåret. Og eg ser alltid tilbake på den kvelden der i Øvre Årdal som noko veldig avgjerande for livsvegen min. Det var «ei heilag stund» om eg skal vera litt høgtideleg, seier misjonæren.

Danninga

Wenche Lunde er fødd og oppvaksen i bygda Østhusvik på Rennesøy utanfor Stavanger i Rogaland. Mora kom frå Rennesøy medan faren kom frå naboøya Åmøy. Ho har hatt leilegheit i Stavanger i mange år, men har nyleg kjøpt seg hus på Vestre Åmøy i Rennesøy kommune. Der kjenner ho at ho har komme heim.

Lærarutdanning tok ho ved Stavanger Lærarskule frå 1974. Det var kjempeflotte studieår. Seinare tok ho kristendom ved NLA i Bergen og Nordisk språk og litteratur ved det som då var Høgskulen i Rogaland, no Universitetet i Stavanger. Før ho reiste til Peru i 1977, hadde ho òg gått på misjonsskulen på Fjellhaug eit år.

– Eg har hatt veldig god nytte av lærarutdanninga seinare i livet, sjølv om eg ikkje vart lærar i den norske skulen. Mange ting som gjeld når du skal formidle i skulen, gjeld og anna formidling, seier ho.

Wenche har arbeidd som lærar ved den norske skulen i Peru i 1,5 år, og to gongar når ho har vore på heimeopphald, har ho vore lærar ved Drottningborg vidaregåande skule i Grimstad.

Peru-åra

GLAD MISJONÆR: Misjonær Wenche Lunde på tur med sykkeldrosje i Juliaca i Peru. Foto: Kirsten Marie Dagsland

– I Peru har eg drive mykje med undervisning, både på bibelskulen og i ute i forsamlingar, i bibelgrupper og kvinnegrupper. Eg har undervist søndagskulelærarar, skrive undervisningsopplegg og elles delteke i forkynningsarbeid, fortel Wenche.

I 1997 kom ho heim til Norge, og etterpå har ho reist som forkynnar for NLM Norge, med unntak av kortare turar til Peru. Siste gongen i Peru var frå 2013 til 2014.

– Eg tenkte aldri under oppveksten at eg skulle bli misjonær, sjølv om eg tok eit bevisst val at eg ville vera ein kristen som 12-åring under ei vekking med Arne Aano. Yngresleiaren min spurte meg om eg hadde tenkt meg til himmelen. «Jesus er vegen dit» sa han. «Ja, då vil eg tru på han», sa eg, «for dit vil eg».

Sakn

Rogalendingen har hatt mange flotte år i Sør-Amerika. Ho fekk vera med på å starta opp arbeidet i Peru i lag med flotte og brennande medarbeidarar, mellom andre Mette og Kjell Jaren, Solveig Bjørneberg Castro og Edel Nordby. Ho tykte det var utruleg spennande å få vera med og starta opp på eit nytt kontinent for Misjonssambandet (NLM) i 1977.

– Eg likte å få læra nye språk, møte ny kultur og levesett og bli vener med nye menneske med ein annan bakgrunn enn meg, både norske og peruanske. Det har berika livet mitt og forma meg som menneske, seier Wenche.

Men ho fortel at ho sakna familien sin då ho var ute.

– Det var annleis då enn i dag med telefon og Skype. Postgangen var ei utfordring, og eg hadde mange bomturar til posthuset. Eg hugsar første telefonen eg hadde til Norge etter to år ute. Vi gret både eg og far, og eg betalte 250 kroner for det heile, seier Wenche og held fram:

– Vi kunne nok sakna det norske systemet med orden og pålitelegheit nokre gonger, men når ein så var i Norge, så kunne ein sakna livet og mentaliteten i Peru med at folk hadde tid til å prata og gleda over fellesskap og samtalar – og så all den gode frukta og grønsakene, då.

Takksemda

Misjonæren er veldig glad for det å få leva under andre vilkår enn i heimlandet har gjort med henne, og at det har gjeve henne meir forståing for andre menneske sin oppførsel og utfordringar. Ho kjenner på takksemd for sitt eige land og oppvekst.

– Vi er så privilegerte i Norge, og vi burde vera så takknemlege. Å leve som misjonær i ein annan kultur, gjerne under utfordrande klimatiske tilhøve, gjer at ein må vere litt robust både fysisk og psykisk, seier Wenche og legg til at misjonærar bør vere fleksible, like menneske, takle forandringar og vere opne.

– Eg opplevde det òg som viktig å ha i alle fall ein medarbeidar eg kunne vere heilt fortruleg med. Å stå heilt åleine er utfordrande for alle. Det blir større og større for meg ettersom åra går at eg fekk bli ein kristen som tenåring, og at Gud let meg få så mange fine år i Sør-Amerika, seier Wenche, som òg er takknemleg for å ha fått reist i mange år som forkynnar i Norge.

Ho fekk ikkje plass til versets avslutning: «Så eg kan fortelja om alle dine gjerningar»

Som kristenruss på Bryne Gymnas i 1972 hadde Wenche på Russekortet versa frå Salme 73,28: «Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud. Eg set mi lit til Herren Gud.» Men ho fekk ikkje plass til versets avslutning: «Så eg kan fortelja om alle dine gjerningar».

Det ville eg hatt med i dag. For det er det det dreier seg om. Å driva misjon anten det er i heimlandet eller ein annan stad. Det er å fortelja kva Guds gjerningar er. At Han sendte Jesus til verda for at vi skulle bli redda for himmelen.

– Eg er så takknemleg for at Erling Klungset i Øvre Årdal var lydig då han tykte at Gud minna han om å spørja meg om det ikkje var slik at eg skulle bli misjonær. Trur han vart forundra over at eg ikkje hadde tenkt på det før, men så brukte Gud han for at eg skulle byrja å tenkja på det, konkluderer misjonæren. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Arild Ove Halås i Nordmøre og Romsdal Indremisjon blir ny medarbeider i Sunnmøre Indremisjon fra høsten 2018.

Monica Pollestad er ny barnearbeider, og Per Åge Berge er ny forkynner i ImF Rogaland.

Hadde den tiltalte etter knivstikkingen på KVS-Bygland vært fire måneder eldre da ugjerningen skjedde, kunne han fått nesten dobbelt så lang straff.

Talar av dei mest kjende forkynnarane i Norge dei siste 50 åra blir no gjort tilgjengelege for alle.

VALG 2017: Det er vanskelig å mislike Jonas Gahr Støre – uansett hva man måtte mene om partiet han kanskje snart må gå av som leder for.

Copyright © Sambåndet 2017