Sambåndet

Torsdag 17. oktober 2019
RSS

Høyrer vi berre det vi vil høyre?

Seier vi med munnen at vi vil gå dit Herren leier oss, men i praksis går dit vi trur det er mest behageleg for oss sjølve?

Skrevet av Sambåndet LEDER den 8. september 2017.

Då mesteparten av folket i Juda var bortført til Babel, kom dei leiarane som var att, til Jeremia og bad om forbøn og eit ord frå Herren om kva veg dei no skulle gå. Dei forsikra Jeremia om at dei kom til å lyde bodskapen frå Herren, enten den var god eller vond. Bodskapen som Herren gav dei gjennom Jeremia, var håpefull, fordi Herren atter ville velsigne dei og ta seg av dei dersom dei vart verande i landet Han hadde gitt dei. Berre om dei reiste til Egypt, ville han straffe dei, fordi dei der kom til å tilbe landet sine avgudar.

Trass i leiarane sine forsikringar om å vere lydige mot orda som Jeremia skulle bere fram, svara dei han hovmodig: «Du talar lygn! Herren vår Gud har ikkje sendt deg og sagt: De skal ikkje fara til Egypt for å bu der» (Jer 43:2b). I strid med Herrens ord drog dei altså likevel til Egypt, fordi dei vurderte det som tryggast, og gjekk så til grunne der.

Spørsmålet reiser seg for oss: Høyrer vi berre det vi vil høyre? Seier vi med munnen at vi vil gå dit Herren leier oss, men i praksis går dit vi trur det er mest behageleg for oss sjølve?

Sjølv om det er færre møte rundt omkring på våre bedehus, kan vi «vasse» i god og utfordrande forkynning på nett og i ulike tidsskrift, men spørsmålet er kva innverknad dette har på vår vandring. Bibelen talar mykje om forherding, og ordet som vert omsett med forherding, betyr å gjere hardt, sterkt, tungt, sløvt, ufølsomt. Vi tenkjer gjerne at det er til ufrelste menneske Bibelen advarer mot å forherde sitt hjarte (og det er jo også sant), men vi må ikkje gløyme at det er til Guds forsamling at desse orda er retta: «Derfor, som Den Heilage Ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst, forherda då ikkje hjarta dykkar …» (Hebrearbrevet 3:7-8).

Enten lar vi Gudsordet forandre oss, eller så vert vårt hjarte hardt, sterkt, tungt, sløvt, ufølsomt

For desse handla det om faren for å gå tilbake til jødedomen på grunn av motstanden dei møtte, men for oss kan det handle om andre forhold. Jesu og apostlane sine formaningar i Testamentet lyder til oss om å forlike oss med vår bror, om kjærleik til pengar, om baktaling, om partidanningar i forsamlinga osb.
Guds ord er gitt oss for at vi meir og meir skal likne Kristus i vår vandring. Enten lar vi Gudsordet forandre oss, eller så vert vårt hjarte hardt, sterkt, tungt, sløvt, ufølsomt.

400 ungdomar søkte forbøn siste kvelden under årets UL, fordi dei vart utfordra i forkynninga til å følgje Jesus og leve for han. Det er ei lys framtid for Norge dersom Guds folk ikkje berre lyttar, men også let seg forme av Herren.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

De leter etter en mann, men ingen supermann. Han skal være en skoleleder, men trenger ikke være tidligere skolemann. Og så må han trives med ungdommen.

Bildøy bibelskole har sikret inntekter som kommer fra utleie av tjenesteboliger til eksterne leietakere.

Torsdag sydde Rebekka Slettebø den fineste brudekjolen og vant med det Symesterskapet på NRK. Der har hun også fortalt om sin kristne tro.

Status for Lederkonferansen 2019 er 440 påmeldte, mens 156 foreløpig har meldt seg som utsendinger til generalforsamlingen. Både arrangements- og markedsansvarlig og generalsekretær i ImF har forventning om enda flere.

Med boken «Det gryr av dag» har Kjell Furnes levert argumenter mot det han kaller erstatningsteologi.

Copyright © Sambåndet 2019