Sambåndet

Tirsdag 23. oktober 2018
RSS

Gråt og jubel i forsamlinga

Når vi les heile Bibelen, får vi ei sterk påminning om kor viktig det er å lære av vår historie, samtidig som vi ser framover for å byggje forsamlingar som kan vinne dei nye generasjonane for Gud.

Av Sambåndet LEDER. Publisert 1. oktober 2017.

Det skjer mykje gledeleg og spennande i forsamlingsarbeidet for tida. Kristne på Bedehuset går saman på tvers av organisasjonsgrensene for å etablere og byggje forsamlingar som kan vere ein åndeleg heim for heile Guds familie, på tvers av generasjonar og ulike arbeidslag. ImF vil vere med og heie på denne utviklinga, og vi håper Leiarkonferansen og nye læringsplattformer kan gje gode impulsar og støtte.

Det er interessant å lese om då dei la grunnvollen for det nye tempelet etter den første heimkomsten frå fangenskapet i Babel. «Men mange av prestane og levittane og ættehovdingane – dei gamle som hadde sett det fyrste huset, gret høgt då dei såg at dette huset vart grunnlagt. Men mange jubla høgt av glede» (Esra 3:12). Det var tungt for dei som hadde vore vitne til dei gode gamle dagane under kong Salomo og hans fantastiske tempel. No stod dei midt i ein ruinhaug rundt eit attreist alter og feira gudsteneste, så det er ikkje så rart at dei gret. Men den nye generasjonen, dei som ikkje hadde vore vitne til den rike historia, dei jubla no av glede.

Dei nye forsamlingane er i sanning ei salig blanding av gråt og jubel, og det er ikkje så rart. Du som har vore vitne til rike vekkingstider der møteveke etterfølgde møteveke og du lærde dei gode, gamle songane; det er heilt greitt at du kjenner på eit vemod/sorg over alt det nye. Du skal ikkje undertrykke dine kjensler, og det er mykje åndeleg lærdom å ta vare på frå vår historie.

Kan du glede deg over det nye som skjer, sjølv om det er mykje nytt som du skal førehalde deg til?

Spørsmålet er likevel: Kan du glede deg over det nye som skjer, sjølv om det er mykje nytt som du skal førehalde deg til? Profeten Haggai formidla noko tankevekkande då dei bygde det nye tempelet: «Er det enno nokon att av dykk som har sett den fyrste herlegdomen til dette huset? Og kva tykkjer de om det no? Er det ikkje som ingenting i augo dykkar?» (Hag 2:3). Herren godtok ikkje deira innstilling. Sjølv om det nye huset i det ytre ikkje var så vakkert som det gamle, sa likevel Herren dette: «Dette siste huset skal få ein større herlegdom enn det fyrste …» (v.9). Det nye misjonsarbeidet kan bli vel så «vakkert» som det gamle, forutsett at det er bygd på bøna, truskap mot Guds ord og Den heilage ande si kraft.

Ikkje alt som hende før, var dårleg, og ikkje alt var bra. Ikkje alt det nye er godt, og ikkje alt er dårleg

Og spørsmålet til deg som er med på å leie i dei nye forsamlingane, er dette: Viser du respekt for at vaksne/eldre har vanskar med å henge med når det meste er nytt, eller tek du det for gitt at alle tek del i jubelen? Ikkje alt som hende før, var dårleg, og ikkje alt var bra. Ikkje alt det nye er godt, og ikkje alt er dårleg.  Snakk saman! Lytt til kvarandre! Når vi les heile Bibelen, får vi ei sterk påminning om kor viktig det er å lære av vår historie, samtidig som vi ser framover for å byggje forsamlingar som kan vinne dei nye generasjonane for Gud.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Hans Nielsen Hauge snudde opp ned på Norge. Kva kan det lære oss i dag?

Tor Andre Haddeland fra Hægebostad skal på ImFs lederkonferanse og anbefaler også andre å melde seg på.

Styret i Sunnmøre Indremisjon anbefaler overfor et ekstraordinært årsmøte å kjøpe butikkdriften Johan R. Sunde AS. Samtidig ber styret om tillatelse til å selge Ålesund bedehus, mest sannsynlig til leietaker Ungdom i Oppdrag.

Forsamlingskonsulent Runar Landro i ImF bekrefter det som det nystartede prosjektet Radiogudstenesta hevder, at noen i de nye forsamlingene savner liturgi.

Bedehusfolk som har gitt uttrykk for savn av liturgi i forsamlingene, får nå et alternativ.

Copyright © Sambåndet 2018