Sambåndet

Tirsdag 17. oktober 2017
RSS
NASHVILLE: Norske representantar på konferansen vari bakerstre rekke frå venstre, Erik Furnes (ImF), Jarle Skullerud (Frikyrkja), Rolf Kjøde (ELN) og Øyvind Åsland (NLM). FOTO: PRIVAT

Vil henta impulsar frå Afrika

Indremisjonsforbundet (ImF) er med i eit nystarta internasjonalt luthersk forum som vil la seg inspirera av lutherske kyrkjesamfunn som er i vekst.

Av Petter Olsen. Publisert 3. oktober 2017.

– Å henta imupulsar frå der vekkingane står i vår tid, håpar eg kan vera med og velsigna ImF-arbeidet òg, seier generalsekretær Erik Furnes til Sambåndet.

9. til 11. august representerte Furnes ImF på ei samling i Nashville, USA i regi av North American Lutheran Church (NALC). Dette er eit trussamfunn som vart til etter brot med Evangelical Lutheran Church in America (ELCA) i 2009 grunna synet på likekjønna samliv.

Knyta kontakt.
Bakgrunnen for ImF si deltaking er medlemskapet i Evangelisk luthersk nettverk (ELN), som vart etablert for å knyta kontaktar mellom bibelkonservative lutheranarar i Norge.

– I nokre år har me i ELN-samanheng sondert litt og sett på kvar me kan knyta kontaktar og kven vi kan stå saman med i ein vidare samanheng. I samtalane er det dei ELN-medlemmene som har eit ytremisjonsarbeid, som har spelt inn sine kontaktar i USA og i Afrika, fortel Furnes.

Stå på Skrifta.
Generalsekretæren legg ikkje skjul på at forma i NALC er meir kyrkjeleg og «rundsnippfaktoren» høgare enn i den norske lågkyrkjelege bedehussamanhengen, og at det òg er tilfelle for trussamfunna frå Afrika og Tyskland som var representert på samlinga.

– Men i bunnen av det ligg det eit ynskje om å stå på Skrifta og finna ut korleis ein kan dela erfaring med kvarandre. Nokre meir enn andre, og særleg afrikanararane, opplever eit press frå liberaliserte samarbeidskyrkjer på at dei skal endra profilen og synet sitt. Vi ynskjer å vera til hjelp for kvarandre og stå imot det presset som vi alle er utsett for – hjelpa kvarandre og forplikta kvarandre til å halda fast på trua, seier Furnes.

Konferansen hadde temaet «Holding fast – being (re)formed» ut frå Fil 2,12-18.

– Det handlar om å stå fast, samstundes som ein er i endring med tanke på å nå ut med evangeliet, utdjupar Furnes.

Vekking.
Frå Afrika var lutherske kyrkjesamfunn i Etiopia, Tanzania og Sør-Sudan representert på konferansen.

– Dei lutherske kyrkjene i Afrika opplever sterk vekst og står midt i ei vekking, og eg trur det er mykje å tena på å henta impulsar herfrå. Sjølv om modernisme og liberalteologi sprer om seg i den lutherske samanhengen i Europa, så er det mykje positivt som skjer i denne samanhengen andre stader i verda. Me ynskjer å henta impulsar, inspirera og sjølv bli inspirert, seier Furnes.

Forum.
På konferansen vart Global Lutheran Forum etablert. Generalsekretæren peikar på at dette ikkje har ei sterk organisering rundt seg.

– Det er eit forum der ein tar sikte på å møtast frå tid til annan som leiarar, for å samtala med kvarandre. Det ein arbeider fram mot no, er eit leiarmøte i Vest-Afrika seint i 2018 eller tidleg i 2019. Det skal gjerast noko forarbeid i haust, seier Furnes.

Erklæring.
Konferansen i Nashville utarbeida òg ei truserklæring – Statement of faith.

– Dette er eit trusgrunnlag som sjølvsagt ikkje skal koma i vegen for dei vedkjenningane ein står på kyrkjehistorisk. Men erklæringa slår fast ein del ting som det er viktig å blankpussa med tanke på kva vi trur, kva vi står på og kva vi forpliktar oss på, seier Furnes.

Erklæringa vil bli omsett til norsk og lagt ut på ImF si heimeside, imf.no.

– Det er mykje oppbyggeleg og solid å lesa her, og det blir ein del av det vi står saman med andre lutherske kristne om. Eg trur nok det er ein del i vår samanheng som tenkjer på kva vi eigentleg står for. Dette er ein god tekst som eg støttar av eit heilt hjarte, seier Erik Furnes.

Ope for andre.
Utanom Furnes var det leiarane for NLM og Frikyrkja og Rolf Kjøde som var dei norske på konferansen. Kjøde er tidlegare generalsekretær i Normisjon og har vore ein sentral aktør i samtalane og bygginga av det internasjonale nettverket.

Erik Furnes er for tida leiar for Nordisk indremisjonsråd, og på møte der i slutten av august, informerte han om det nye forumet og erklæringa.

– Dei ville ta det med seg heim og drøfta det i sine respektive organisasjonar. Om det er andre misjonsorganisasjonar som vil forplikta seg på dette trusgrunnlaget, er det flott, seier generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

I ettermiddag blir det demonstrasjon foran Stortinget mot regjeringens forslag i statsbudsjettet om millionkutt i bevilgningene til folkehøgskolene.

– Vi er med og utdanner for samfunnet og gir barn og unge et kompass – på alle plan i livet, sier rektor Jeanette Vesetvik.

Menigheter preget av Hauge-bevegelsen, satset mye på å sende ut misjonærer, går det fram av ny bok.

Theodore Kalogeropoulos fra Athen har mange tjenester i misjonen. Radioarbeid førte ham til Straume Forum denne uken.

Det kristne Norge klarer seg uten at kristendommen blir nevnt i Grunnloven, mener forsker og professor.

Copyright © Sambåndet 2017