Sambåndet

Søndag 19. november 2017
RSS
SAMARBEID: Egyptiske biskop Thomas (t.v) har samarbeidet med Stefanusalliansen i 12 år. Konstituert generalsekretær Hilde Skaar Vollebæk sier at boken med biskopens tanker er en stor drøm som nå oppfylles. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Vil sjå terroristar slik han trur Jesus ville sett dei

Når biskopen har spurt seg om kvifor islamistar hatar så mykje, har han funne eit svar i seg sjølv.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 24. oktober 2017.

GODE VENNER: Forfatter og prest Eyvind Skeie (t.v.) har gjennom 12 år diskutert mye teologi og trosliv med biskop Thomas. – Han har et indre lys og folk blir glad i ham, sier forfatteren om sin venn. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

I ei tid då situasjonen for dei kristne i Egypt og resten av Midtausten vert stadig meir krevjande og farleg, står den koptisk-ortodokse biskop Thomas fram som ei stemme for forsoning. I ei ny bok deler han tankane sine med forfattar Eyvind Skeie.

– Dersom vi ser kvarandre gjennom auga til Kristus, vil den kjærleiken vi får frå han, reflekterast i heile samfunnet. Det er ei gåve i seg sjølv å få sjå andre med dette blikket, men med kvar og ei gåve følgjer eit ansvar, seier biskop Thomas under lanseringa av boka i Centralkirken i Oslo.

Dei siste åra har dei koptiske kristne i Egypt vore utsett for fleire terrorangrep frå ytterleggåande islamistar.

– Kvifor angrip nokon andre og utalar seg blasfemisk om Kristus? Kvifor hatar dei? Det har for meg vore eit viktig spørsmål. Og svaret kjem alltid tilbake til meg sjølv: Fordi eg har feila i å visa dei kor mykje kjærleik det finst og kor mykje dei er elska, held biskopen fram.

Langt samarbeid og ny bok

I 12 år har Stefanusalliansen samarbeidd med biskop Thomas i Egypt. Prest og forfattar Eyvind Skeie var med då dåverande generalsekretær Bjørn A. Wegge drog til Egypt for å finna samarbeidspartnarar til organisasjonen.

– Eg har kjent biskop Thomas i veldig mange år, og det har modna seg fram ein vennskap. Vi har diskutert veldig mykje teologi og trusliv, fortel Skeie.

No har han skrive ned mange av biskop Thomas sine tankar og refleksjonar i boka «Biskop Thomas. I sirkelen til kjærleiken». Etter tre års jobbing, inkludert ein intensiv to vekers økt i fjor sommar, er boka no utgjeve på Luther forlag.

– Eg er svært takknemleg. Eivind Skeie har gjort orda mine venare enn dei er, seier biskop Thomas audmjukt.

Konstituert generalsekretær i Stefanusalliansen, Hilde Skaar Vollebæk, fortel at boka er ein stor draum som no vert oppfylt.

– Stefanusalliansen er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med eit særleg søkelys på trusfridom. Difor er det naturleg for oss å støtta eit breitt og mangfaldig arbeid i Midtausten, og Egypt er ein viktig premissleverandør der, seier ho.

Forsoning og fred

Ifølgje Eyvind Skeie er ikkje biskop Thomas ein person som likar å dramatisera krevjande situasjonar.

 – Han er meir oppteken av korleis ein arbeider for forsoning og fred. Det har jo skjedd mykje i Egypt dei siste 12 åra, og diverre har situasjonen for dei kristne vorte vondare. Det er eit bakteppe for heile boka, men det er ikkje ei reportasjebok. Det er biskop Thomas sine tankar som viser korleis han jobbar som leiar og offentleg person i ei vanskeleg tid, seier Skeie.

FORMIDLER: Biskop Thomas beskrives som en god formidler og sammenligner her det å være troende uten å være koblet på Gud som en mobiltelefon uten dekning. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Eit døme på dette står under tittelen «Tilgivelsens tårer» i boka, der biskop Thomas fortel at han ikkje gret då IS drap 21 kristne egyptarar på stranda i Libya.

– Eg var sterk og gleda meg over at desse offera heldt fast ved vørdnaden sin som truande i denne vanskelege situasjonen. Men då eg høyrde familiane deira, med mødre og ektefellar, erklæra at dei ville tilgje, gret eg. Og då heile kyrkja stod fram og talte om kjærleik og tilgiving midt i denne blodige valdsutøvinga, gret eg òg, fortel biskopen i avsnittet som vart lese opp av Skeie under lanseringa.

– Gråten oppstod i kryssingspunktet mellom røyndom og tru. Det var eit sanningas augneblunk der krafta til trua oversteig den brutale røyndomen. Slike tårer skammar eg meg ikkje over.

Les òg: Alternativt bilde av kristne i Egypt.

Norgesvenn

Biskop Thomas har gjennom samarbeidet sitt med Stefanusalliansen vore fleire gonger rundt omkring i Noreg dei siste 12 åra og har fått mange vener her, ifølgje Skeie.

– Han har eit indre lys og er ein svært god formidlar. Folk vert glad i han, seier forfattaren.

Han trur biskop Thomas sitt sterke evangeliske bodskap, der Jesus er det sentrale, er det som når folk.

– I tillegg skjønner mange kristne i Norge at den egyptiske kristne folkesetnaden, som er på rundt 10 millionar, no er den einaste store kristne populasjonen i heile Midtausten. Det er ekstremt viktig at dei får støtte utanfrå, seier han.

Skeie meiner boka passar for den «opplyste offentlegheit i kyrkja».

– Han er for dei som vil møta eit heilt integrert kristent vitnesbyrd av eit menneske som lever sterkt i sin eigen samtid, tek leiaransvaret sitt på alvor i ei vanskeleg tid og som forstår at dersom du skal møta utfordringar i augneblunken, må du ha djupe røter, seier forfattaren.

I Wadi Natrun-ørkenen utanfor Kairo har biskop Thomas bygd Anafora Farm Retreat Center, eit senter for åndeleg liv og menneskeleg fellesskap. Her kjem både egyptarar og menneske frå resten av verda for å søkja inspirasjon, fordjuping og fornying.

– Tilhøvet mellom røtene og det å leva i veldig krevjande situasjonar er spenningsfeltet i biskop Thomas sitt liv som han kjem inn på i boka. Ho kan lesast som ei bok om leiarskap i vanskeleg tid, men òg som ei meditasjonsbok og til oppbygging, seier Skeie. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Indremisjonsforbundet (ImF) ønsker å styrke organisasjonens identitet.

Det har vært hektiske dager for arrangements- og markedsansvarlig Kenneth i Indremisjonsforbundet (ImF) like før ImFs lederkonferansen starter.

Atle Våge har brukt det siste året til å drive bruktbutikk.

Nå gledet Tordis Langlo seg til å høre sønnen. – Vi regner med det blir oppbyggende og bibelsk.

KOMMENTAR Det var sterkt å se mennesker i ti- og hundretall gå fram i Oslo Spektrum lørdag kveld for å søke frelse.

Copyright © Sambåndet 2017