Sambåndet

Søndag 19. november 2017
RSS
KABARET: Tor Øyvind Skeiseid, t.v., som Luther, Svanhild Eggebø Spanne i ulike roller, Leif Arild Steen som pave og Per Ivar Thorstad på gitar. Her under øving før forestillinga i Storstova på Bryne. Foto: Petter Olsen

Lutter speleglede

«Luther med latter» er fornøyeleg og med kommenterande snert, men på eitt viktig punkt er det ønskjeleg med meir dramatikk.

Av Petter Olsen OMTALE . Publisert 3. november 2017.

KABARET: Tor Øyvind Skeiseid, fremst, Svanhild Eggebø Spanne og Per Ivar Thorstad. Foto: Petter Olsen

Fakta

«Luther med latter»

  • Kabaret frå Ryfylke livsgnist om kva lutherdommen har ført med seg.
  • Eit 100 minuttars historisk og humoristisk tilbakeblikk på 500 år.
  • Manus: Tor Øyvind Skeiseid

BRYNE: La gå at det gammaldagse adjektivet i overskrifta strengt tatt høyrer bokmålet til – eg gav etter for freistinga til å skapa eit ordspel med det opphavleg lågtyske uttrykket for «rein» eller «ublanda». Framsyninga «Luther med latter» vart godt motteken i Storstova på Bryne 1. september, og i 27. framføring er det tydeleg at dette er noko skodespelarane framleis gler seg over å få vera med på.

Katolsk
«Frå munkesong til lovsongsdans» er ei oppsummering som Ryfylke livsgnist sjølv har sett på kabareten. Ein kunne kanskje tru at desse to uttrykksformene kunne isolerast til starten og slutten av den 500 år gamle soga frå 1517 til 2017, men sjå om ikke framsyninga her kjem med ein aldri så liten aktuell kommentar. For idet lovsangstonar heilt på slutten lyder frå scena, kjem den katolske munken frå starten av kabareten inn at, og messinga hans glir umerkeleg saman med den repeterande karakteren i lovsongen. Om manusforfattaren legg ein aktuell kommentar inn i dette, er det nok meir for å dra tanken til markerte personar som har konvertert til den katolske kyrkja, enn å kritisera lovsong som uttrykksform.

Kunnskap
Framsyninga byrjar altså på 1500-talet, med munken Martin Luther som frå klosteret sitt observerer ei romersk-katolsk kyrkje i forfall. Forteljaren, Svanhild Eggebø Spanne, kjem med naudsynt informasjon, medan manusforfattaren sjølv, Tor Øyvind Skeiseid, spelar Luther. Før teppet gjekk opp fortalte Skeiseid til Sambåndet at mange bøker er lesne i arbeidet med kabareten, og dei har òg vore på studietur til Wittenberg, byen der Luther kom med dei 95 tesene om avlatshandelen. Denne kunnskapen kjem godt fram i kabareten.

For neddempa
Det eg derimot synest ikkje kjem godt nok fram, er kjenslene og dramatikken som knyter seg til Luther si oppdaging av bodskapen i Rom 1,17 – i det (evangeliet) blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. Det er sagt at reformasjonen kom som følgje av ein sjelekamp på liv og død for Luther om korleis han kunne greia å møta Gud. Etter mitt syn kjem denne dramatikken for lite fram i Skeiseid sin særs nøkterne og refererande framføring av denne avgjerande augneblinken for Martin Luther – og ikkje minst òg for millionar av andre som skulle få høyra bodskapen om trua og nåden aleine – Sola fide, sola gratia.

Humor
Dei humoristiske sidene av kabareten kjem elles tydlegare fram etter kvart som handlinga forlet Tyskland og Italia og kjem heim til Norge. I samtalen med Sambåndet på førehand avslørte Tor Øyvind Skeiseid at alle stader der framsyninga blir sett opp, får sin eigen vri i kabareten. På Bryne vart det til dømes minna om at det eigentleg var Hognestad som først var tiltenkt jernbanestasjonen. Men då stasjonen først hamna på Bryne, bygde indremisjonsmannen Lars Oftedal bedehuset Saron i nærleiken for å passa på at det ikkje kom for mykje sedløyse til gards. Peter Hognestad (1866-1931), som vart biskop i Bergen, er fødd i Time kommune på Jæren. «Fager kveldssol smiler» er skriven av Hognestad, og denne songen fann vegen inn i framsyninga på Bryne.

Pontoppidan
Konfirmantane si pugging av Pontoppidans 759 forklarande spørsmål til Luthers vesle katekisme er humoristisk sett eit høgdepunkt i kabareten. Peder, som prøver seg for presten for femte gong, får aldri så lite godvilje av den geistlege til å koma seg gjennom forhøyringa. Leif Arild Steen gjer seg langt betre i denne rolla enn som den litt for klisjéaktige professoren med dei mange fagfelta. Ubetaleleg er òg scena frå ein typisk bedehusbasar, der Skeiseid er rørt emissær og Steen den som har ansvar for loddtrekkinga.
Kva har så Tor Øyvind Skeiseid sjølv lært om reformatoren i arbeidet med kabareten? Ikkje noko småtteri:

Viktigaste
– Luther er den viktigaste europearen som nokongong har levd.

Den tidlegare NRK-journalisten peikar naturleg nok på at det oppsto eit nytt kyrkjesamfunn som tok namn etter Luther, men òg at den tyske munken og professoren var viktig for språkutviklinga ved at han omsette Bibelen til tysk. Dette gjorde det mogleg for kvar og ein å lesa og tala Guds ord. Også når det gjeld utdanning og kultur, spela Luther ei stor rolle, peikar Skeiseid på.

– Me har fått veldig mykje repsons på kabareten, og det er kjekt å reisa rundt med noko som folk likar, seier Tor Øyvind Skeiseid.

Kristne skodespelarar
Manusforfattaren stadfestar at alle som er med i kabareten, er kristne, men at det ikkje er forkynning dei driv med i framsyninga. Han er ikkje bekymra over at dei presenterer reformasjonen på humoristisk vis:

– Til dømes er det bedehusfolket sjølv som ler mest av bedehusrevyen som Ryfylke livsgnist har hatt sidan 2003, seier han.

Og latter vart det også i Storstova på Bryne 1. september. «Luther med latter» står prøva. I kveld (3. november) står Misjonssalen i Myrabakken næringssenter i Ålesund for tur, i regi av NLM Ålesund misjonsforsamling og Sunnmøre Indremisjon. 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Indremisjonsforbundet (ImF) ønsker å styrke organisasjonens identitet.

Det har vært hektiske dager for arrangements- og markedsansvarlig Kenneth i Indremisjonsforbundet (ImF) like før ImFs lederkonferansen starter.

Atle Våge har brukt det siste året til å drive bruktbutikk.

Nå gledet Tordis Langlo seg til å høre sønnen. – Vi regner med det blir oppbyggende og bibelsk.

KOMMENTAR Det var sterkt å se mennesker i ti- og hundretall gå fram i Oslo Spektrum lørdag kveld for å søke frelse.

Copyright © Sambåndet 2017