Sambåndet

Tirsdag 19. juni 2018
RSS
ÅPNE ARMER: Rådgiver for skoleutvikling i NKF, Marie Wiland, har vært rundt på mange skoler og snakket om "Livsmot og mestring". – Dette er et prosjekt som blir tatt imot med åpne armer, sier hun. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

– Mange elevar slit med sosial angst

Dei kristne folkehøgskolane tek grep for å heva kompetansen og trygge dei tilsette i møte med elevar som slit psykisk.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK . Publisert 9. november 2017.

Norges Kristelege Folkehøgskolelag (NKF) arbeider i samarbeid med Kildehuset på Modum Bad med prosjektet «Livsmot og mestring i folkehøgskolen». Nyleg kom boka med same namn som skal hjelpa tilsette på folkehøgskolane i møte med elevar som slit.

– Mange tilsette har sagt at dei opplever fleire elevar som slit, enn før. Dei synest dei manglar kompetanse i møte med elevar som slit, fortel Marie Wiland som er rådgjevar for skuleutvikling i NKF.

Ho fortel at NKF ynskte å gå ordentleg inn i problemstillinga med kartlegging, tiltak og evaluering.

– Etter kvart samla vi ein del sentrale personar til eit arbeidsmøte på Modum Bad. Eit av tiltaka vi kom fram til, var å laga denne boka, seier Wiland.

Boka er skriven av Modum Bad-psykolog Kari Halstensen saman med pedagog Helle Myrvik.

Ikkje handsamingsinstitusjon

NKF er oppteken av at folkehøgskolane ikkje skal vera handsamingsinstitusjonar.

– Nokre av spørsmåla vi har teke opp, går på korleis vi kan sørgja for at dei som slit, får hjelp utan å ta all merksemda frå dei andre elevane, seier Wiland.

NKF reiser òg rundt på skulane og tek opp emnet og snakkar med personalgrupper. Wiland er oppteken av at alle dei tilsette er med på eit slikt opplegg og ikkje berre lærarane.

– Vi er opptekne av at i folkehøgskolen jobbar alle med elevane på einkvan måte. Det som er så flott i folkehøgskolen, er at eleven kan sjåast av både vaktmeistarar, kokkar, kjøkkenleiarar, skulesekretærar, lærarar, rektor og administrasjon. Alle ser elevane, seier ho og held fram:

– Vi trur at dei fleste unge menneske som slit, ikkje treng så mykje meir enn å møta ein oppegåande voksen som er interessert og kan høyra på dei. Så er det nokon som treng meir, og då må vi ha ein kompetanse på å kunna sjå skilnad og eventuelt skaffa hjelp utanfrå.

Sosial angst

Når Wiland reiser rundt, ber ho skulane velja mellom tema som mellom anna depresjon, sosial angst, sjølvskading og sjølvmord.

– Sosial angst er noko som særleg går igjen. Nesten alle skulane har bede meg fokusera på det, seier ho.

Skuleutviklingsrådgjevaren fortel at angstlidingane dei møter i folkehøgskulane, òg kan handla om presset ungdomar har om å vera suverene.

– Den sosiale angsten kan vera ein sjølvpålagt forklaring når ein plutseleg hamnar i ein setting der ein ikkje er suveren, seier Wiland, som trur det nok av og til kan vera litt sjølvdiagnostisering.

– Men det tyder ikkje at dei ikkje har angst eller eventuelt depresjon. Eg trur at valet om å gå på folkehøgskole òg kan handla om å prøva å koma over angsten, held ho fram.

Wiland er ikkje i tvil om at eit folkehøgskoleopphald kan hjelpa mot slik angst.

– Det har eg sett mange gonger då eg jobba på folkehøgskole sjølv, seier ho.

Positivt forteikn

Wiland fortel at prosjektet fort endra seg frå å handla om eit problem til å ha eit meir positivt forteikn.

– Vi snudde nokså fort merksemda frå at det er mange unge som slit og søkelys på psykisk uhelse, til å leggja vekt på psykisk helse, livsmot og meistring som vi ynskjer skal vera resultatet av det å gå på ein folkehøgskole både for dei tilsette og elevane.

Dette året har Wiland og NKFs styreleiar Edgar Fredriksen vore på besøk på over halvparten av dei 32 kristne folkehøgskulane knytt til NKF.

– Dette er eit prosjekt som vert teke imot med opne armar. Det har vore veldig flott og spennande, seier Marie Wiland. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

«Det ser ikkje ut til å bekymra ImF-Ung at dei går glipp av den kontaktflata som Kirkens Unge representerer. Det er berre å laga si eiga. Er det verkeleg så enkelt», spør Halvard Wiik i dette lesarinnlegget.

Magnus Persson er ferdig med det som er moteriktig og trendy. Det er det tidløse evangeliet han vil holde fram.

Årets Bibel og Fellesskap ble avlyst – kanskje for første gang. Kan lavere oppslutning om arrangementet skyldes at dagens eldre ikke er som gårdagens? Forsker ser en endring blant eldre.

I år er det 40 år siden loven om selvbestemt abort kom. Det blir markert med sørgetog for alle fostrene som er blitt abortert siden da.

Lillian Ueland døde for to og et halvt år siden i kreft, men i Ravnanger idrettspark på Askøy lever diktene hennes videre og inspirerer folk til å leve.

Copyright © Sambåndet 2018