Sambåndet

Mandag 16. juli 2018
RSS

Snakkar med unge om porno

– Få snakkar sant om porno, seier Alexis Lundh som heldt seminar om porno på KRIK sin Explore-festival.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 1. januar 2018.

I 2017 har Alexis Lundh frå Tro & Medier undervist om porno i mange kristne samanhengar. På nyttårsfestivalen til KRIK (Kristen idrettskontakt), Explore, tok han pornopraten med dei rundt 1200 deltakarane der. Festivalen starta 28. desember og blir avslutta i dag.

HELT FRI: Alexis Lundh er leder for HeltFri.net, et arbeid innen Tro & Medier. Foto: Kjetil Fyllingen

– Få snakkar sant om porno, og ein manglar kunnskap om skadeverknader, seier Lundh som er leiar for HeltFri.net som er eit arbeid i Tro & Medier.

Les òg: Snakker annerledes om rus og seksualitet.

Lundh har opparbeidd seg stor kompetanse innanfor pornografi og kva for skadeverknader det har. Han opplever at det vert tagt for mykje om dette temaet i kristne samanhengar.

– Pornografi og seksualitet er noko vaksengenerasjonen i dag slit med å prata om. Det har vi alltid gjort som kristne. Det handlar ofte om kunnskapsmangel, frykt og skam i eige liv, seier han.

Les òg: Gir ut barnebok om pornografi.

Om kjærleik

Generalsekretær i KRIK, Erling Ekroll, seier ungdomane på Explore sjølvsagt òg fekk høyra om Jesus.

– Samstundes ynskjer vi å ta eit større ansvar rundt den kvardagen ungdomane lever i, der det er eit veldig stort press på kropp og seksualitet. Vi ynskjer å gje støtte og rettleiing om korleis dei rettar seg til pornografi, seier han.

Barn og unge i dag veks opp med eit enormt tilgjenge til pornografi.

– Dette dannar eit grunnlag og er ein læringsplattform for det som har med seksualitet å gjera. Det er jo løgn, og kjærleiken vert utelate, seier Lundh.

Han er oppteken av at seminaret, som han heldt for første gong under Get Focused-festivalen i haust, skal løfta ungdomane og ikkje trykkja dei ned.

– Her er det mykje å ta tak i. Eg set ord på kva kjærleik er og kva for eigenskapar kjærleik har, og så noko om pornografi og korleis han påverkar oss både som individ og i samfunnet, fortel Lundh som vil vera tydeleg på kor destruktiv pornografien er.

– Eg forankrar dette i forsking frå veldig anerkjende universitet som ofte døljast i denne debatten. Her er det enorm mangel på kunnskap blant både leger og sexologar. Vi finn særs bra dokumentasjon på at pornografi er skadeleg for samfunnet og einskildindivid.

ENORM TILGANG: Gjennom internett har dagens ungdom enkel tilgang til pornografi. – Pornografien er jo løgn og kjærligheten blir utelatt, sier Alexis Lundh i Tro & Medier. ILLUSTRASJONSFOTO: KPK

– Sjukt relevant

Etter pornoseminaret på Get Focused i haust fekk Tro & Medier mange tilbakemeldingar frå deltakarane.

– Seminaret var sjukt relevant! Det er eit utruleg viktig og relevant tema som mange ikkje tør eller vil snakka om blant ungdom, skreiv ei 17 år gammal jente i evalueringa.

Fleire av ungdomane fortalde at seminaret hadde endra synet deira på ting.

– Dette seminaret har endra synet mitt på så mange ting, spesielt på pornografi, skreiv ein gut på 16 .

– Eg vil ikkje ha den dritten i livet mitt, noterte ein 13-årig gut.

Opne ungdomar

Sjølv om foreldregenerasjonen gjerne teier eller finn det vanskeleg å snakka om pornografi, opplever Lundh at ungdomane er mykje meir opne og har nesten ingen sperrer.

– Dei har behov for å snakka om dette. Dei treng å høyra vaksne som er uredde og tør å snakka sant om dette, seier han.

Lundh trur ungdomane treng nokre språklege knaggar for å snakka om pornografi og kjærleik.

– Kva er kjærleik? Jo, han snakkar sant, og han krenkjer ikkje. I dag lever vi i eit krenkingssamfunn med deling av nakenbilete og liknande på nett. Det er ein enorm krenking mot kjærleiken og det som skal skje mellom ein mann og ei kvinne, seier han.

HeltFri-leiaren håpar ungdomane på Explore vil sitja igjen med kunnskap.

– Dei kjem til å utfordrast på å ta eit standpunkt på kva dei vil fylla tankane og hjartet sitt med, og eg håpar at dei sit igjen med ei avgjerd om at dette er noko dei ynskjer å ta avstand frå. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

På sin nye singel spør John-Inge Rolfsnes om hvor stort mangfoldet er i samfunnet.

Ingunn Marie Ruud (36) er tilsett som ny redaktør for Kristeleg Pressekontor (KPK).

Ole Andreas Wastvedt forlater en organisasjon som sliter for å jobbe i en organisasjon som opplever vekst.

Nordmøre og Romsdal Indremisjons tidligere barne- og ungdomskonsulent har nå overtatt som kretsens toppleder.

P7 Kristen Riksradio går fra å ha sju til seks medlemsorganisasjoner.

Copyright © Sambåndet 2018