BØNN 24/7: Over 120 voksne hadde per 11. januar meldt seg på for å være med å virkeliggjøre Søndagsskolens bønn for barna 24 timer i døgnet i 7 dager. FOTO: Søndagsskolen Norge

Ber for barn heile veka

Frivillige vaksne deler timane i denne veka mellom seg i bøn for borna.

15. til 21. januar går Sundagsskulen Noregs bønneveke, Bøn 24/7, av stabelen. Godt over hundre vaksne delar då timane i døgnet mellom seg for å be for borna.

– Vi trur at bøn er i kjernen av det kristne livet og av sundagsskulearbeidet. Vi ynskjer å be fram nye sundagsskulegrupper og frivillige leiarar, seier leiar for Bøn 24/7, Maria Sammut.

Det er fjerde gong det arrangerast ei slik bønneveke der det vert bede døgnet rundt i ei heil veke.

– Ei slik bønneveke markerer viktigheita av bønn og skapar fellesskap. Vi ber mellom anna spesielt for barn som vert mobba for trua si eller er offer for seksuelle krenkingar, seier prosjektleiaren.

Ho trur det at ein ber og veit det vert bedt kontinuerleg heile døgnet, òg gjer noko med dei som deltek.

– For Gud er kanskje tida irrelevant, men for menneske er tida viktig. Det er veldig fint å kunne samla folk til å be i ein slags stafett på denne måten, seier ho.

Inspirasjon frå Oslo

Inspirasjonen til ein bønneaksjon døgnet rundt kom frå kretsen i Oslo og Akershus.

– Dei vart inspirert av arrangementet Bønn for Oslo, og i 2015 gjorde vi det til ein landsdekkande aksjon, seier Sammut.

Treng fleire forbedarar

Per 11. januar hadde over 120 forbedarar meldt seg til teneste. For å dekka alle timane i veka trengst det totalt 168 forbedere.

– Alle som har eit hjarte for barn kan vera med og be, òg viss du ikkje vil setja deg opp på ei liste, seier prosjektleiaren.

Ho håpar likevel dei får fylt opp dei få timane som er igjen for å få til kontinuerleg bønn heile døgnet.

– Det er særleg i helga på dagtid og nokre nattetimar som manglar, seier Sammut og oppfordrar folk til å ta kontakt med Sundagsskulen Noreg viss dei vil vera med.

Dei forpliktar seg til å be ein bestemt time og får ei liste med konkrete bønneemne og forslag til korleis ein time i bønn for sundagsskulen kan vera.

– I bøna møter Jesus alle barna sine – både dei som har levd lengje og dei som har levd kort på denne jorda, seier prosjektleiaren.

Bønneemna er delt inn i kategoriane borna, familiane, frivillige leiarar og Sundagsskulen Noreg.

Vil vekka gnistar

Sundagsskulen håpar òg at det gjennom bønneaksjonen kan tennast gnistar til å starta opp nye barnegrupper, til å stilla som frivillig leiar og til å senda eigne barn i sundagsskule.

– Tidlegare år har vi opplevd at folk som har vore med og bedt ein time, har vorte inspirert til sjølv å stilla opp som sundagsskuleleiarar, seier Sammut.

Ho håpar aksjonen kan framheva viktigheita av bønn i kristen teneste og det Sundagsskulen driv med, nemleg formidling av Jesus til borna.

– Aller mest ynskjer vi at Gud rører med hjartet til menneske. Det er det vi jobbar for først og fremst. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.