– Behovet for biblar har aldri vore større

Dei kristne i Syria og Irak samlar seg på nytt til gudsteneste, men dei fleste biblane dei hadde, er brunnen opp og øydelagde.

– Dei fleste biblane vi hadde, er brent og må erstattast, seier erkebiskop Yohanna Petros Mouche på Bibelselskapet sine nettsider.

Under heile krigen har Bibelselskapet halde sine bibelutsal opne i både Damaskus, Aleppo og Erbil. Dei tilsette der fortel til Det Norske Bibelselskap at dei aldri har distribuert fleire biblar enn dei siste åra. Krigen har skapt ei lengsle hos mange etter å læra meir om bodskapen i Bibelen.

– Det har aldri vore større behov for Bibelselskapet enn no. Behovet for biblar har aldri vore større, seier Nabil Omiesh, leier i Bibelselskapet i Irak.

Bibeldagen 2018 vert feira den 27. og 28. januar, og i år skal det samlast inn pengar til nye biblar og bøker, til erstatning for dei som er brent.

– I tillegg til at behovet er stort, er det òg ein situasjon i landa no som gjer det mogleg å gjera meir, seier generalsekretær i Bibelselskapet Ingeborg Mongstad-Kvammen, til KPK om kvifor valet fall på desse områda i årets prosjekt.

Lang kristen historie

Både i Syria og Irak finst ei lang kristen historie. Kyrkjene her reknar opphavet sitt heilt tilbake til det første hundreåret etter Kristus. Men på grunn av borgarkrigen i Syria og IS si grusame krigføring er tusenvis av kyrkjer og kristne heimar øydelagd. Kristne har ikkje berre mista hus og heim, men òg biblane sine og andre kristne bøker.

– Det er mange som spør etter materiell til borna, seier George Andrea, leier i Bibelselskapet i Syria.

Han skulle eigenleg koma til Noreg i samband med Bibeldagen, men vart nekta visum av norske styresmakter.

– Vi er sjølvsagt skuffa, men har hatt god dialog med UD og ambassaden. George Andrea ynskte å koma til Noreg for å takka for alle bidrag i form av forbønn og pengar, seier Mongstad-Kvammen.

Det bur ca. 17 millionar menneske i Syria og 37 millionar i Irak, men mange er på flukt, anten internt eller i andre land. På få år er 2 millionar kristna i Syria og 1,2 millionar i Irak vorte redusert til ein tredjedel.

«Dei som er igjen, treng støtta vår for å overleva, slik at ein to tusen år lang kristen historie i Syria og Irak ikkje vert brote», skriv Bibelselskapet.

Lang tradisjon

Bibeldagen er den årlege feiringa av Bibelen sin plass i kyrkjelyden, i Noreg og i verda.

«På Bibeldagen set vi Bibelen i sentrum og gleder oss over at vi har ho på vårt eige språk. Vi set søkelys på bibelbruk og vil hjelpa alle til å opna Bibelen. Og vi vender blikket ut mot menneske i andre land som òg ønskjer seg ein bibel» skriv Bibelselskapet.

Noreg har, ifølgje Bibelselskapet, lang tradisjon for å feira Bibeldagen på Såmannssøndagen.

– Eg har reflektert rundt dette med å så og hausta, noko som skjer samstundes. I Syria var jo den første såmannen Paulus, så dei har eit verkeleg stort trosforbilde der, seier Ingeborg Mongstad-Kvammen. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.