Sambåndet

Torsdag 22. februar 2018
RSS
STIFTING: Eirik Pettersen (frontbilde) leia stiftingsmøtet. På bildet observerer Terje Slettebl, t.v., medan Sigurd Idland registrerer medlemmer i Inn-kyrkja. Begge foto: Petter Olsen

Forsamling på Jærens tak

Fleire enn halvdelen av dei som var møtt fram til sundagssamling på Lye forsamlingshus, melde seg inn i Inn-kyrkja.

Av Petter Olsen. Publisert 29. januar 2018.

SØTT: Stiftinga av Inn-kyrkja vart markert med kake. Foto: Petter Olsen

TIME: Inn-kyrkja er namnet på siste tilskudd til rekkja av forsamlingar i bedehusland. Forsamlinga fekk 38 medlemmer alt på stiftingsmøtet som var i forlenginga av sundagssamlinga 28. januar. Det var «rulleførar» og medlem av det som no er blitt interimstyret for Inn-kyrkja, Sigurd Idland, godt nøgd med.

– Så veit me òg at fleire familiar som går her, ikkje kunne koma i dag, supplerer Terje Slettebø, som òg er med i interimstyret.

Tre organiasjonar

Ei arbeidsgruppe på åtte personar har i om lag halvanna år førebudd forsamling på Lye forsamlingshus på Lyefjell, som geografisk ligg heva over resten av Time kommune på Jæren. Seks av desse er no blitt interimstyre og skal leia forsamlinga fram til første årsmøte i februar eller mars neste år: Annbjørg Bjelland, Sigurd Idland, Brit Ege Aarsland, Terje Slettebø, Magnhild Sørlie og Eirik Pettersen. Kamilla Salmelid sluttar seg til interimstyret.

Inn-kyrkja er ifølgje vedtektene «en selvstendig, selveiende, juridisk enhet» og vil melda seg inn i tre organisasjonar – Indremisjonsforbundet (ImF), Norsk luthersk misjonssamband (NLM) og Normisjon. Inn-kyrkja «støtter seg til de tre organisasjonene sine vedtekter og verdidokumenter».

– Det er i stor grad desse organisasjonane folk som går her, høyrer til, seier Eirik Pettersen, som har vore leiar for arbeidsgruppa.

I tillegg til dei tre nemnde organisajonane er òg Det norske misjonsselskap (NMS), Norges KFUK-KFUM og Time sokneråd eigarar av forsamlingshuset.

Vidare med Jesus

Terje Slettebø, som til dagleg er administrasjonsleiar i ImF Rogaland, tala på sundagssamlinga over det som er mottoet for Inn-kyrkja: «Vidare med Jesus – han som er vegen, sanninga og livet». 

– Vi vil gå vidare med den einaste vegen som fører til Gud. Det er det viktigaste oppdraget ein kan ha, og med dei største konsekvensane, sa Slettebø.

Den nye forsamlinga har altså fått namnet Inn-kyrkja. Visjonsdokumentet utdjupar det med «Inn i ordet», «inn i disippelgjering», «inn i fellesskap» og «ut i teneste». Eirik Pettersen seier til sambåndet.no at det var litt diskusjon om det å ta «kyrkje» inn i namnet.

– Guds kyrkje

– Noko av årsaka er å unngå namnelikhet, og så har jo ikkje Den norske kyrkja monopol på dette ordet. Vi byggjer Guds kyrkje, seier Pettersen.

Han viser til at det ikkje er så språkleg naturleg å ha «forsamling» med i namnet. Arbeidsgruppa har òg tenkt at «kyrkje» er lettare for unge å forhalda seg til enn «bedehus».

– Dessutan har me allereie forsamlinga Bedehuskyrkja i same kommune, på Saron, Bryne, peikar Eirik Pettersen på.

Fellesskap

TIME: Lye forsamlingshus ligg høgt til å vera på Jæren. Foto: Petter Olsen

Inn-kyrkja legg opp til det dei kallar «storfellesskap» på sundag føremiddag og mindre fellesskap som huskyrkjer, bibelgrupper og bønnegrupper på andre tidspunkt. Dei vil dela trua på Jesus gjennom relasjonar og vennskap i kvardagen, og fellessamlingane blir då viktige møtepunkt der ein kan få inspirasjon og hjelp til å leva som kristne i kvardagen.

Leiar i styret for ImF Rogaland, Randi Klingsheim Bø, var til stades på sundagssamlinga og stiftingsmøtet.

– Krinsen heiar på at det blir danna forsamlingar, og eg vil halda fram at me kan vera med på å utrusta, seier Randi Klingsheim Bø til sambåndet.no. 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Den verdenskjente vekkelsespredikanten som blant annet omtales som den viktigste evangelisten siden apostelen Paulus, døde onsdag 21. februar, 99 år gammel.

Awanas toppleder er imponert over måten ImF har tatt trosopplæringsopplegget til Norge på, og han har et klart råd for veien videre.

Norsk luthersk misjonssamband vil markere 70-årsjubileet for den israelske staten med seminar og bønn i stedet for flaggheising.

KOMMENTAR Jesu stedfortredende strafflidelse går som en blodrød tråd gjennom hele Bibelen.

– Det er eit mirakel det som skjer i Iran no, seier Stig Magne Heitmann i Åpne Dører.

Copyright © Sambåndet 2018