Sambåndet

Søndag 23. september 2018
RSS
KJEM: President Donald J. Trump og visepresident Mike Pence er venta til Billy Grahams gravferd. FOTO: Gage Skidmore, Wikimedia Commons

Trump einaste president i Billy Grahams gravferd

Gravferdsseremonien til den berømte predikanten føregår på same måte som hans evangelisering starta – under eit stort kvitt telt.

Av Kristelig Pressekontor og Sambåndet. Publisert 2. mars 2018.

KJEM IKKJE: Dei tidligere presidentane (f.v) George H. W. Bush, Barack Obama, George W. Bush, Bill Clinton og Jimmy Carter har meldt at dei ikkje har høve til å vera til stades. Bildet er fra 2009. FOTO: CC Flickr Public Domain

President Donald Trump og visepresident Mike Pence vil vera til stades på Billy Grahams gravferd kl. 18 i kveld norsk tid. Dei tidlegare amerikanske presidentane Barack Obama, Bill Clinton, Jimmy Carter, George H. W. Bush og sonen hans, George W. Bush, var òg venta å delta, men kjem likevel ikkje, melder amerikanske nettaviser.

Avbod

Den regionale TV-stasjonen Wyff 4, tilknytta NBC, melder at tidlegare president Bill Clinton var i Billy Grahams barndomsheim i Charlotte i Nord-Carolina tysdag for å visa si respekt. Tidlegare president George W. Bush og kona Laura Bush gjorde det same dagen før.

Lokalavisa Citizen Times kan fortelja at tidlegare president  Barack Obama ikkje har høve til å delta i gravferda. Tidlegare president George H. W. Bush og kona Barbara har meldt at dei ikkje har høve til å reise til Charlotte for å delta. Ein representant for tidlegare president Jimmy Carter sa tysdag at Carter «seier seg lei for» at han ikkje har høve til å vera til stades.     

Teltduk

Ifølgje CBN News vil Billy Graham «enda slik han starta» – under eit stort kvitt telt føre tusenvis av menneske. I 1949 vart Grahams forkynning først nasjonalt kjent då han heldt eit «korstog» i Los Angeles under eit stort kvitt telt, òg kjend som ein «lerretskatedral».

– Familien hans og team-medlemmar meinte det ville vera passande å òg utføra gravferdsseremonien hans under eit telt som ei påminning om korleis hans offentlege evangelisering starta, seier talsmann for familien, Mark DeMoss.

Han annonserte førre veke at gravferdsseremonien til den store predikanten vil verta halden fredag 2. mars i eit lerretstelt sett opp i nærleiken av The Billy Graham Library i Charlotte, North Carolina.

Likvake

Gravferdsseremonien vil vera privat og vil omfatta familiemedlemmar, vener og samfunnsleiarar som vart rørt av Grahams misjon, med totalt rundt 2300 menneske som deltek på den 90-minutt lange seremonien.

Billy Graham døydde i heimen sin i Nord-Caroilina onsdag 21. februar. Grahams kiste vart laurdag flytta frå gravleggingsbyrået. Måndag og tysdag denne veka låg Graham på likvake i heimen til Graham-familien, der folk kan koma for å visa sin respekt.

På Grahams førespurnad vart kista hans handlaga av innsette ved Angola fengsel i Louisiana i 2006 .

Vekt på evangeliet

Graham sjølv snakka regelmessig om døden og godkjende planlegging og detaljar om gravferdsarrangementa sine år før døden sin og sørgde for at søkelyset ikkje vil vera på han, men på evangeliet, skriv CBN.

Franklin Graham, som var i Oslo i haust, vil halda minnetalen, og Billy Grahams andre barn vil halda korte innlegg for å heidra faren sin.

Graham vert gravlagd ved Billy Graham-biblioteket ved sida av kona si Ruth, som døydde i 2007. Ein kan følgja gravferda direkte på denne nettadressen. Senda startar kl. 16 norsk tid fredag ettermiddag.

Les òg bloggpost på www.imf.no: Arven etter Amerikas pastor.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

En møtehelg på Frikstad bedehus ble plutselig til seks, snart syv møtehelger.

Det smalt i helgen, ikke av skudd eller fyrverkeri, men av påmeldinger til ImFs Lederkonferanse.

Rolv Egelandsdal har et engasjement for det gode lydbildet, og det vil han dele på ImFs lederkonferanse.

Paul Otto Brunstads første møte med NLA var et sjokk. I dag er han professor der og ser på skolens fortid og fremtid i anledning at den fyller 50 år.

Lørdag åpner dørene til jubileumsfeiring på Nesttun bedehus.

Copyright © Sambåndet 2018