Sambåndet

Onsdag 18. juli 2018
RSS
HODESKALLE: Er "Gordons Golgata" - utenfor Jerusalems bymyr og Damaskusporten - hodeskallestedet hvor Jesus ble korsfestet og gravlagt? FOTO: Petter Olsen

Frå syndefall til korset

Om lag halvparten av dei 60 gongene Paulus nyttar ordet «evangeliet», er det uten nokon nærare definisjon. Det er likevel ikkje stor tvil om kva han meiner.

Av Petter Olsen. Publisert 30. mars 2018.

LIVETS TRE: Syndefallet er gravlagd ved foten av korset. Kjelde: The Elisha Whittelsey Collection, The Elisha Whittelsey Fund, 1951/Wikimedia Commons

Kva er evangeliet? Me låner øyra til Torstein Jørgensen, professor i kyrkjehistorie ved Vid vitenskapelige høgskole i Stavanger (tidl. Misjonshøgskolen). 18. februar var han invitert til Bryne kyrkje for å halda føredrag under tittelen «Korset – avlyst eller umissande?».

Fremste symbol.

I førhandomtalen stod det mellom anna slik: «Korsfestinga av Jesus er eit historisk faktum som ingen seriøse forskarar set spørjeteikn ved. Men kva var det djupare innhaldet i denne hendinga sidan ho vart utgangspunktet for den verdsvide kristne kyrkja? Gjev tradisjonell teologi om korset framleis meining i eit moderne samfunn med ei ny og annleis verdstolking enn den som prega antikken? Er klassisk korsteologi ein konstant i kyrkja si lære, eller bør han nytolkast for å gje livsmeining for moderne menneske?»

Jørgensen gjorde det heilt klart at av alternativa «avlyst eller umissande» valde han det siste – at korsfestinga er uunnverleg for kristne. Han peika på at korset er det fremste – men likevel ikkje det einaste – symbolet innan kristendommen.

Heilagt triangel.

-Jesu korsdød og oppstode er sentrum i alle 27 bøker i Det nye testamente (NT). Det er dette forteljingane leier fram til. Det er dette som ligg til grunn for det me les om i Apg og breva til Paulus, sa Jørgensen.

Professoren peika på det han kalla «det heilage triangel», som består av Jesu kors, Jesu oppstode og trua.

-Jesu korsdød og oppstode har eit mål – det å utløysa tru. Trua vert ikkje alltid rekna med, sa Jørgensen.

Livets tre.

I Matt 16,21 seier Jesus at han «laut fara til Jerusalem». Det var altså noko som var naudsynt. Kvifor det, spurte Jørgensen – og svara sjølv. Han viste til at på mange gamle bilete av Jesus på korset er det ein hovudskalle ved foten av korset.

-Det skal forestilla hovudet til Adam og symbolisera at syndefallet er gravlagd ved korsets fot. Det går altså ei line frå syndefallet i Edens hage til korsdøden, og korset blir det nye livets tre. Ved dette får menneska det nye livet, sa Jørgensen.

Gjenoppretting.

PROFESSOR: Torstein Jørgensen. FOTO: Vid vitenskapelige høgskole.

Ut frå Matt 26,28, Heb 2,17 og 1. Joh 2,2 sa Jørgensen at det er ved korset paktene skifter. Det nye sprengjer på.

-Jesu død er gjenoppretting av tilhøvet mellom menneska og Gud som vart øydelagd ved syndefallet. Budskapet om dette er evangeliet, slo professoren fast.

Evangeliet er et ord som skaper det som det nemner. Når evangeliet vert fulgt av Den heilage ande, kan det gå frå øyre til hjarte.

-Jesus er ordet som «tok bustad hjå oss», sa Jørgensen.

Guds verk.

Professoren kom òg inn på tilhøvet til synd. I 1. Joh 2,23 står det at «kvar den som fornektar Sonen, har heller ikkje Faderen. Den som vedkjenner seg Sonen, har òg Faderen».

I teologien er det tale om «Guds framande verk» og «Guds eigentlege verk». Det framande verket er Guds vreide over synda, medan det eigentlege verket er Guds kjærleik og nåde.

-Gud ynskjer ikkje å vera vreid, men han må vera det. Då Jesus hang på korset, gjekk han i staden for dei truande inn i det å vera forlatt av Gud, sa Torstein Jørgensen.

Denne artikkelen er del av temaseksjonen i marsnummeret av Sambåndet, der emnet er hva vi forstår med begrepene «evangeliet» og «Guds rike». En digital utgave av dette nummeret kan kjøpes her

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

KOMMENTAR: Det er grunn til å være skuffet over at Israels ambassade i Norge takket nei til invitasjonen om å være representert under israelsmarkeringen på Lyngdal bibelcamp lørdag.

Israel som moderne stat er 70 år, og lørdag blir det bursdagsfest på Lyngdal Bibelcamp.

TILBAKEBLIKK – Lederkonferansen: Verbene «spurte» og «svarte» brukes langt flere ganger i Bibelen enn ord for å «forkynne».

På sin nye singel spør John-Inge Rolfsnes om hvor stort mangfoldet er i samfunnet.

Ingunn Marie Ruud (36) er tilsett som ny redaktør for Kristeleg Pressekontor (KPK).

Copyright © Sambåndet 2018