Forkynninga av evangeliet

Det er den delen av evangeliet som handlar om synd og nåde, som framleis er det viktigaste for ImF å halda fram, meiner Sambåndet.

Sambåndet sette i marsnummeret søkjelys på forståinga av omgrepa «evangeliet» og «Guds rike». Dette er på fleire måtar ei oppfylging av temaet i februarnummeret. Då skreiv me om Jesu soning på korset av vår skuld og straff som skapte forsoning med Gud.

Nokon vil kanskje tenkja at dette blir vel mykje «tung» teologi på ein gong. Då er det greitt å trekkja fram noko av historia til Sambåndet. I programmet som var vedteke på skipingsmøtet 19. oktober 1898, heiter det mellom anna følgjande: «Bladet vil (…) hævde den gamle retfærdiggjørelses- og forsoningslære, og at Jesus er given os til helliggjørelse.»

Noko av bakgrunnen for denne formuleringa var den såkalla «nye teologien» som vaks fram i Norge frå 1880. 100-årsskriftet «Ordets folk» forklarar at det etter kvart utvikla seg til å famna dei fleste teologiske lærepunkta, inkludert kristologien – læra om kven Jesus var og er – og forsoninga.

«Fedrane», eller utgjevarane, sette altså Sambåndet til mellom anna å vakta over aktuell bibelsk lære, og det er eit formål for bladet som skal vera styrande når den redaksjonelle leiinga utformar profil og strategi meir konkret. Når redaksjonen seinhausten 2016 vart gjort merksam på at eit nytt døme på «ny teologi» hadde bygd seg opp i utlandet, og som igjen sette spørjeteikn ved mellom anna forsoninga, var det naturleg å bruka mykje plass på dette. I året som er gått, er denne «nye teologien» komen til vårt eige land ved at ein nektar for at Jesus tok vår straff. Dermed har Sambåndet plukka opp tråden.

«Fedrane» sette Sambåndet til mellom anna å vakta over aktuell bibelsk lære

Ein annan læretrend med utgangspunkt i synet på forsoninga, gjeld kva ein legg vekt på i forkynninga av evangeliet. I 1. Kor 15 skriv Paulus om kva han først og fremst «overgav»: at Kristus døydde, vart gravlagd og stod opp att tredje dagen. «Ved det blir de frelste», strekar apostelen under. I marsnummeret gjer me merksam på ein definisjon av evangeliet som i staden legg hovudvekta på at dei kristne skal gjera kva dei kan for å verkeleggjera det framtidige gudsriket her og no.

Heller ikkje for oss er det tvil om at sanninga om Guds rike er ein del av evangeliet. Men i likskap med den første sekretæren for dåværande DVI, Andreas Lavik – som i mange år òg var redaktør for Sambåndet – meiner me at det er den delen av evangeliet som handlar om synd og nåde, som framleis er det viktigaste for ImF å halda fram. Gudsriket treng undersåttar som blir fødde ovanfrå ved Guds kraft gjennom ordet om korset.   

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.