Sambåndet

Fredag 25. mai 2018
RSS
REISE: Lokaltransport med låg sikkerhetsbeltefaktor (forsidebilde). Bildet over: Saman med ein del av forsamlinga etter gudstenesta palmesøndag. ALLE FOTO: PRIVAT

Reisebrev frå Indonesia

– Det er viktig at vi etablerer fellesskap der indre- og ytremisjon går hand i hand, skriv Erik Furnes.

Av Erik Furnes . Publisert 28. april 2018.

ØYRIKE: Frå fattig fiskarlandsby ved kysten.

Dei siste åra har min gode kollega i NLM, Øyvind Åsland, ymta frampå om eg ikkje skulle vere med og besøke eit av organisasjonens misjonsfelt, og denne våren la ting seg praktisk til rette.

20. april sette vi oss på flyet frå Oslo, og via Amsterdam og Singapore sette vi beina i byen Medan nord på Sumatra i Indonesia. I dette folkerike og øyrike landet har NLM hatt arbeid sidan tidleg på 70-talet, og eg fekk gleda av å møte norske utsendingar, nasjonale medarbeidarar knytt til NLM sitt arbeid, samt partnarar for dei lokale lutherske kyrkjene i området. Med oss på reisa hadde vi ein fantastisk kjentmann i Olav Vestbøstad, opprinneleg frå Fitjar, som tidlegare har vore misjonær i Indonesia i seks–sju år, og som no er regionleiar for arbeidet i Indonesia, Japan og Stor-Kina.

10 prosent kristne

Indonesia er eit land som består av 17 508 øyer, og med ei befolkning på nesten 240 millionar menneske er dette det fjerde mest folkerike land i verda, samt det land i verda med flest muslimar. Nokre stader er det tøff motstand mot kristen verksemd, men i denne provinsen Nord-Sumatra er tilhøva meir harmoniske. Ein reknar at ca. 10 prosent av befolkninga i Indonesia vedkjenner seg til kristendomen, men store område er ukjend med Evangeliet om Jesus Kristus.

Slik som vi i Norge er opptekne med at forsamlingar må plantast i område der det er lite kristen verksemd, er situasjonen der ute derfor ganske parallell slik. Men med ei befolkning der om lag halvparten lever på under to dollar dagen, er likevel den største skilnaden at den materielle nauda er stor, og eg fekk sjå kor misjonen tek del med skule- og helsearbeid for å hjelpe menneske til eit betre liv.

ImF-bakgrunn

Forbønsstund for barna under misjonærkonferansen

Dei første dagane fekk eg gleda av å bu i heimen til Nils og Anna Rifsgård, som lesarane av Sambåndet/Venehelsing fekk lese om i førre nummer. Etter sju år i Medan vender denne flotte familien kursen til Frekhaug til sommaren, og Nils vert ny leiar for forsamlinga vår i Mæland. Eg synes det er spennande og viktig at misjonsarbeidet vårt får medarbeidarar som har bakgrunn frå både indre- og ytremisjonsperspektivet.

Frå sommaren av er det i alt seks norske familiar som er utsendt frå NLM til Indonesia, og dei har til dels høg kompetanse innan ulike felt. Dei fleste har base i Medan, ein by med nesten to millionar innbyggjarar, og nokre har tilhald på Lombok, naboøya til meir kjende Bali. For meg var det også stas å høyre at fleire av desse har bakgrunn frå ImF sine skular, så her får vi sjå stort på arbeidet som vi får stå i.

Lammets bryllaup

Palmesøndag køyrde vi eit par timar ut til ei lita forsamling for å ta del i ei gudsteneste. Eg hadde fått teksten frå Openberringa 19 om Lammets bryllaup, og Nils tolka til nasjonalspråket. Eg møtte ei svært open og lyttande forsamling der det var både unge og godt vaksne, og særleg gjorde den gode allsongen eit sterkt inntrykk. Songen måtte nå langt ut gjennom dei opne vindauge og ut i den muslimske befolkninga som omkransa kyrkja.

Vi tok del i to leiarkonferansar der Øyvind underviste om leiarskap, roller og makt, Olav om leiarskap i kryssande kulturar og eg om kommunikasjon og konflikt. Utfordrande tema, men like aktuelle der som her. Siste del av turen var vi samla med dei norske utsendingane på ein nydeleg stad ved innsjøen Toba, ca. fem timar å køyre frå storbyen Medan. Eg fekk innsyn i dei strategiske val som misjonen må ta for å nå lengst mogleg ut, og vi fekk dele Ordet saman om påska si store og avgjerande bodskap om Jesu død og oppstode for alle menneske.

Eg trur det har utvida hjartet mitt, og eit flott misjonsarbeid er lagt inn over meg

Takk til NLM og Øyvind Åsland for innsyn og utsyn. Eg trur det har utvida hjartet mitt, og eit flott misjonsarbeid er lagt inn over meg. I vår tid med vekt på forsamlingsbygging er det viktig at vi etablerer fellesskap der indre- og ytremisjon går hand i hand, for elles kappar vi fiskebåten i to. Det går jo ikkje så bra i lengda.

Leiarkonferanse for partnarar i ulike lokale kyrkjer og organisasjonar

1 kommentar »

  • 1

    Kjell Kolbrek

    4. mai, 2018, kl. 21:32

    Stjørdal: 04.05.2018

    Hei!
    Tusen takk, Erik Furnes, dette var en trivelig reportasje.

    Flott å se at NLM og Indremisjonsforbundet kan ha noen «treffsteder» sammen. Hver for seg har de viktige misjonsoppdrag i landet vårt, men kanskje kan de ha noen felles misjonsoppdrag?

    Dette gleder meg. Har en datter og svigersønn som jobber i Indonesia for NLM, og vi har fått besøkt dem mange ganger. Her har vi fått høre om både gleder, sorger og utfordringer i en misjonærfamilies misjonsoppdrag.

    Svar

Skriv en kommentar

Til høsten blir det ledige plasser i Betania Studentfellesskap. Husfar Torgeir Skrunes vil helst ha inn jenter.

‒ Vi har beholdt godkjenningen av 120 studentplasser, sier en lettet og fornøyd rektor Gunnar Ferstad ved Bildøy Bibelskole.

Plussreiser opplever størst vekst i turer til Israel/USA, og flere av de nye kundene kommer fra andre kirkesamfunn enn lutherske.

Er det at man bare ønsker å være morsom, en legitim grunn for en publikasjon til å bruke et navn som ligner en annens merkevare?

Forholdet til jøden Jesus sto sentralt da Israels første 70 år som gjenopprettet stat ble markert på Jæren i går kveld.

Copyright © Sambåndet 2018