Sambåndet

Fredag 25. mai 2018
RSS
TEOLOG: Carl Fredrik Wisløff er ein av dei som har vore premissleverandør for ImF-profilen, skriv Karl Johan Hallaråker. Foto: DM-arkiv

ImFs teologiske profil

Forbundslinja har ein tydeleg profil og er eit fellesskap bygd på ein klar åndeleg grunn, skriv Karl Johan Hallaråker i denne kronikken.

Av Karl Johan Hallaråker, teolog, prest i Den norske kyrkja, tidlegare bibelskulerektor og generalsekretær ImF. Publisert 10. mai 2018.

Kva er ImFs arv? Det er eit godt spørsmål. Eg skal gje mitt svar med å peika på ImFs teologiske profil slik eg har granska Forbundet si historie.

For meir utførleg svar viser eg til mi bok Bedehuset – heim og misjonsstasjon, Profilserien 2, 1981. Spørsmålet bør ikkje svarast med kjappe slagord eller subjektiv synsing. Temaet  fortener grundig svar med den grunngjeving som høyrer med.

Det første poenget er dette: Indremisjonsarven på Vestlandet omfattar på fleire måtar eit fargerikt og raust fellesskap. Folk har blitt med både av geografiske, åndelege og sosiale grunnar i det lokale misjonsfellesskapet. «Forbundslinja» som vi talar om, kan starta med dette – her er folk av ulik meining om mangt og mykje.

Indremisjonsarven på Vestlandet omfattar på fleire måtar eit fargerikt og raust fellesskap

Det andre poenget er dette: Forbundslinja har ein tydeleg profil og er eit fellesskap bygd på ein klar åndeleg grunn – ei evangelisk luthersk lekmannsrørsle. Eg har i fleire samanhengar sagt at ImF står for ein evangelisk luthersk vekkingsteologi. Eg skal utdjupa det litt etter kvart.

Men først det neste poenget: Det er leiarar på dei ulike plan med hjelp av teologar ein har hatt i sin midte og andre ein har hatt tillit til (som professor Carl Fr. Wisløff), som har vore dei faglege premisseleverandrørane for denne teologiske profilen. Forkynnarar har vore inkluderte med si nådegåveteneste enten dei har vore evangelistar eller meir tradisjonelle bibellærarar, Men desse har eigentleg ikkje utan vidare vore bærarar av Forbundslinja sin teologiske profil. Det viktigaste har vore at dei ikkje motsa eller undergrov den læremessige profilen. 

Les også: I aprilnummeret av Sambåndet kan du lese hva 13 forkynnere mener er ImFs arv og hvilke deler av denne det er verdt å legge vekt på videre. Er du ikke abonnent, kan du kjøpe dette nummeret av bladet i digital utgave via denne lenken.

Så til profilpunkta. Dette er vår læremessige arv:

Bibeltruskap. Gjennom Forbundet si historie har skrifttruskapen vore sentral. Bibelen er Guds truverdige ord. Med respekt for nyansar og vurdering av inspirasjonsteoriar har ikkje grunnhaldninga stått til diskusjon. ImF sine leiarar og teologar har alltid stått på det vi kan kalla ein heil bibel, forstått som «Så seier Herren».

ImF sine leiarar og teologar har alltid stått på det vi kan kalla ein heil bibel, forstått som «Så seier Herren»

Vedkjenningstruskap. Lovene har alltid vore forankra i Bibelen og den evangelisk lutherske truvedkjenninga (dei tre oldkyrkjelege og dei to lutherske – Den augsburgske truvedkjenninga og Luthers vesle katekisme.). Når somme uttalte at vi treng ikkje vedkjenningsskrifter, «for Bibelen er mi vedkjenning» svara våre fedre slik grunnleggaren Andreas Lavik sa det: Bibelen er ikkje vår vedkjenning. Bibelen er Guds vedkjenning. Vedkjenningsskriftene er vår vedkjenning, vårt gjensvar. (Å vedkjenna er jo «å seia det same som» eller å «sanna» at Bibelen talar sant frå Gud.)

Ordets nådemiddel. I heile si historie har ImF lagt vekt på forkynninga av Guds ord – lov og evangelium – til vekking, omvending og nytt liv kombinert med innføring i Ordet. Ein har vore overtydd om at forkynninga er Ordet sitt nådemiddel i funksjon. Forkynninga er ikkje informasjon om ei bestemt hending eller ein spesiell person. Forkynninga er Ordet som skaper det det nemner. Det er som Martin Luther formulerte det:  «Når Kristus blir forkynt, kjem han». Denne forkynninga vil eg meina er sjølve pulsslaget i heile forbundslinja sin profil. Ei framtidig indremisjonsrørsle utan forkynnarar er svik mot vår arv og vårt kall.

Forkynninga er Ordet som skaper det det nemner

Forkynnarrørsla står ikkje i motsetnad til å leggja vekt på dei to andre nådemidla – sakramenta dåp og nattverd. ImF-arven har allltid hatt syn for nattverden sitt sakrament. Det var jo difor dei heilt frå Andreas Lavik kjempa for nattverden i bedehuset – det var åndeleg mat for Guds folk.

Det var også difor ein døypte borna. Dåpen er Guds nådemiddel – gjennom evangelieordet sameina med vatnet gjev Gud barnet del i det nye livet. Men dette må leggast til: ImF sin arv har alltid hatt med «atterføding ved Ordet» for den døypte og fråfalne. Det fråfalne skal ikkje berre møta forkynning som formanar til å leva i dåpen, men gjennom evangelieordet bli ført til omvending, atterføding og nytt liv.

ImF sin arv har alltid hatt med «atterføding ved Ordet» for den døypte og fråfalne

Bak den læremessige profilen til ImF (sjå førre nummer, red.anm.) ligg følgjande moment:

Menneskeslekta som er skapt i Guds bilete, har frå sine første foreldre – Adam og Eva –  vendt Gud ryggen og blitt vreidens born. Guds frelse er knytt til Jesu stedfortredande soningsverk. Men skal dette frelsesverket bli eit menneske til frelse, må Gud ved evangeliet bringa Jesu frelsesverk til den enkelte. Det er når Gud gir oss si frelse at mennesket ved tru blir rettferdig for Gud.

Her må vi tilstå at vi som leiarar har svikta

Ei diakonal rørsle. Indremisjonen har vore diakonien sin fanebærar i kyrkjelandskapet like frå August Herman Francke i Tyskland. Arven har vore både institusjonsdiakoni, sjukepleie, fattigpleie og omsorg for menneske i nød. Her må vi tilstå at vi som leiarar har svikta. Eg gløymer ikkje kva Frank Aarebrot ein gong sa til meg: «Det er indremisjonen som burde vore først ute med ‘Kirkens bymisjon’». Her kan eg trekka inn mi eiga formulering: Vi må vera «Ordet nær – og – Mennesket nær». Det er sann indremisjon.

Avklart kyrkjeprofil. ImF har vore ei radikal lekmannsrørsle. Poenget er ikkje å vera ulærd, men at her høyrer vi til i kraft av liv i Gud og det allmenne prestedømmet som omfattar alle truande. Vi tener i kraft av nådegåve og det ytre kall vi får. Den lutherske truvedkjenninga seier at kyrkja sitt vesen er «Samfunnet av de hellige og troende. – Andre kjennetegn enn sann forkynnelse og sann sakramentsforvaltning nevner vår bekjennelse ikke.» (Carl Fr. Wisløff). Ytre kyrkjeordning er menneskeleg og ikkje guddommeleg fastlagd.

Ytre kyrkjeordning er menneskeleg og ikkje guddommeleg fastlagd

Den radikale indremisjonsrørsla fann si plass innan stats- og folkekyrkja. Det var ikkje fordi ein såg denne kyrkja (med si teologiske bredde) som eit fullgodt svar på «den sanne kyrkja» i bibelsk forstand, men her var vi plassert, og fordi den gav strategisk plass for vårt misjonskall og oppdrag i folket.  Arven seier at vi er «i kyrkja, men ikkje under kyrkja». Her er altså alle med på same grunn – også presten (ikkje i kraft av embetet), men som «bror mellom brør», som dei gamle sa).

KYRKJE OG BEDEHUS: ImF-arven forstår «ellipsen» annleis enn det Ole Hallesby gjorde, konstaterer Karl Johan Hallaråker. Kjelde: Oslo Museum/Leif Ørnelund/Wikimedia Commons

Vår vestlandske arv har vore meir markert sjølvstandig enn indremisjonsarven på Austlandet. Første gong eg har funne omgrepet «ellipsen» i norsk kyrkjeliv brukt, er i prof. Ole Hallesby si Sedelære bind II. Han forsto ellipsen med dei to sentra i hovudsak slik: Kyrkja og presten representerte embetet, bedehuset og emissæren representerte det andre senteret (evangelisten). Difor var det historisk ikkje plass for sakramentsbruk (bl.a. fri nattverd) i den austlandske indremisjonen. Det skulle embetet ta seg av.

Vår vestlandske arv har vore meir markert sjølvstandig enn indremisjonsarven på Austlandet

Vår ImF-arv forstod ellipsen annleis. Bedehuset og vennesamfunnet (det gamle forsamlingsnamnet) hadde fulle rettar til forsamlings- og kallsrett med rett til full nådemiddelforvaltning som lekmannsrørsle i kyrkja. Det er først i nyare tid med forsamlingsutbygging at full nådemiddelbruk har blitt meir «stuereint» utanom den vestlandske radikale lekmannsrørsla. (Eg kunne vera freista til å minna om dei første kommentarane etter eg som ny generalsekretær skreiv dokumentet Åndeleg leiarskap og den kristne forsamlinga i bedehuset (1996) der eg støtta ja til dåp i bedehuset, eit syn som fekk støtte i Forbundsstyret og Generalforsamlinga i ImF i 1997.

Dette er også eit aktuelt poeng for vår åndelege arv når ein i seinare år har drøfta kyrkjesyn og kyrkjemedlemskap. Indremisjonsfolket har i hovudsak vore medlemmer i Den norske kyrkja. Somme har vore medlemmer i den lutherske frikyrkja. Men medlemsskapet har ikkje vore basis for arbeidet. ImF har hatt tru for bibelsk dekning for liv og teneste i kraft av det allmenne prestedømmet. Grunngjevinga for ImF trussamfunn i 2009 for dei som personleg av samvitsgrunnar forlet Den norske kyrkja, var ikkje at vi trong eit kyrkjesamfunn for full nådemiddelforvaltning eller å tena folket med forkynning og undervisning eller andre «kyrkjelege handlingar» som gravlegging. Argumentasjon i den retning er faktisk i strid med vår lekmannslinje.

Calmeyergatens Misjonshus i 1957. Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum. Kilde: Wikimedia Commons

Calmeyergatelina er navigasjonsprofilen i kyrkjelandskapet.  Sjølv har eg ikkje vanskar med å følgja professor Carl Fredrik Wisløff sine vurderingar også i dagens kyrkjelandskap og ønskjer ei sjølvstendig og radikal indremisjonsrørsle i Den norske kyrkja framleis. Eg er overtydd om at det er den raude tråden i vår misjonsarv.

Calmeyergatemøtet i 1920 samla folk frå dei store misjonsorganisasjonane der Ole Hallesby, Johan Martin Wisløff og Ludvig Hope var dei fremste leiarane. Møtet drøfta korleis organisasjonane og bedehusfolket skulle førehalda seg til liberal teologi, og liberale prestar og leiarar. Konklusjonen blei denne – Nei til frivillig samarbeid med liberale prestar. Det betyr at dei ikkje problematiserte offisielt samarbeid i statskyrkja eller krevde nokon bort der. Dei ville berre ha klare linjer om sitt eige frie arbeid i bedehusland. På møtet blei det strid om eit poeng. Fleirtallet (austlendingane) vedtok at var det liberal prest i kyrkja, kunne ein også la seg betena med Ord og sakrament på «anna lovleg måte» («lovleg» var ved annan prest). Vestlendingane røysta imot. Det var naturleg grunna i deira radikale lekmannssyn – ein kunne bli betent i bedehusland med Ord og sakrament i kraft av det allmenne prestedømet.

Teologiske brytningar i kyrkja og biskopar som lærer i strid med Bibel og vedkjenning, er ikkje av ny dato

Teologiske brytningar i kyrkja og biskopar som lærer i strid med Bibel og vedkjenning, er ikkje av ny dato. Det viser kyrkjehistoria til fulle. Korleis ulike grupper samlar seg om ulike løysingar viser boka Norsk kirkedebatt gjennom 100 år (1979) av Carl Fr. Wisløff også på ein klargjerande måte. Det er kyrkje- og embetssynet som i stor grad skil mellom gruppene sine løysingar. Det er nok situasjonen i dag også, spør ein meg. Wisløff sitt råd er tydeleg: Truande prestar og lekfolk må gå til sin daglege gjerning med frimot! «Ingen organisasjonsformer er i seg selv hellige og umistelige.»

ImF-arven er tydeleg – vekt på forsamlings- og nådemiddelbruk utan energilekkasje til ordningsspørsmål

ImF-arven er tydeleg – vekt på forsamlings- og nådemiddelbruk utan energilekkasje til ordningsspørsmål. Folket og kyrkjelandskapet treng denne radikale lekmannsrørsla som aldri før. Ei luthersk kyrkje er ei tenande kyrkje!

Les mer: I aprilnummeret av Sambåndet kan du lese hva 13 forkynnere mener er ImFs arv og hvilke deler av denne det er verdt å legge vekt på videre. Er du ikke abonnent, kan du kjøpe dette nummeret av bladet i digital utgave via denne lenken.

3 Comments »

  • 1

    Merete Ytterdal

    11. mai, 2018, kl. 09:53

    Sitat: «Når somme uttalte at vi treng ikkje vedkjenningsskrifter, «for Bibelen er mi vedkjenning», svara våre fedre slik grunnleggaren Andreas Lavik sa det: Bibelen er ikkje vår vedkjenning. Bibelen er Guds vedkjenning. Vedkjenningsskriftene er vår vedkjenning, vårt gjensvar. (Å vedkjenna er jo «å seia det same som» eller å «sanna» at Bibelen talar sant frå Gud.)» Sitat slutt.

    Som en på nyfødt kristen,som tror på Jesus Kristus som Herre og Frelser, er Bibelen Guds Ord vår vedkjenning. Troen på Herren Jesus Kristus. Av nåde er vi frelst ved tro, det er ikke av våre gjerninger.

    I himmelen skal ikke barnedøpte sitte på ett gjerde og de troende døpte (døpt på egen tro og bekjenning) sitte på et annet gjerde. Vi er alle forent i én kropp, Kristi kropp. Vi er kalt til å elske hverandre inderlig. Alle vi som tror på Bibelens budskap på Frelsen i Kristus Jesus, er blitt et lem på Kristi kropp.

    Kroppen kan ikke kappe av sine egne lemmer og fordømme dem, de er uansett en del av Kristi kropp, ved troen på Jesus Kristus. Den Augsburgske bekjennelse FORDØMMER (art. IX, red.anm.) de som på sin egen samvittighet og overbevisning går i dåpens grav, tross de er barnedøpt. Når den overbevisning de får av å lese Guds Ord, leder en til en dåp som voksen bekjennende kristen, hvordan kan man fordømmes for dette?

    I det hele burde man være åpen for Åndens ledelse i alt – også erkjenne når avgjørelser var feil. Men å ha det skrevet at gjendøpere, brødre og søstre i Kristus, FORDØMMES for sin troendes dåp, er tragisk.

    Mange bryr seg ikke om bekjennelsesskriftene, da de ikke er enige. Dette igjen fører til et annet problem. Man står ikke for ImFs bekjennelser, man står ikke inne for det. Men samtidig tjener man i og er medlem i ImF. Det er også kjent at ansatte i ImF er troendes døpt, selv ansatte forkynnere. Da lurer jeg på hva som et hensikten med å ha denne forbannelsen talt over de som er gjendøpere? Hva gjør dette med Ånden i Imf? Er vi ikke kalt til å velsigne?

    Jeg mener det er på høy tid at både Luthers lille katekisme og Den Augsburgske bekjennelse blir fjernet fra Imf, og at de tre andre trosbekjennelsene blir gått kraftig etter i sømmene

    Jeg mener det er på høy tid at både Luthers lille katekisme og Den Augsburgske bekjennelse blir fjernet fra Imf, og at de tre andre trosbekjennelsene blir gått kraftig etter i sømmene for å se om de er på linje med GUDS ORD. For det er ved Guds Ord som vi hørte forkynt, vi kom til tro på Herren Jesus, og det er Guds Ord som Den Hellige Ånd bruker til å rettlede sine barn til den sunne lære i et liv som lem på Kristi kropp. Hvem er vi som fordømmer søstre og brødre i Kristus?

    Jeg måtte selv ta meg en alvorlig tenkepause. Ved studie av Guds Ord kom jeg og min mann, hver for oss, til overbevisning om at vi skulle gå i dåpens grav. Vi hadde tidligere tjent i et av ImFs bedehus, og avgjørelsen førte til mye vondt. Samtidig ble vi omsluttet av kjærlighet av de fleste.

    Så var valget vårt. Skulle vi nå tjene i en pinsemenighet eller fortsette i Imf på bedehuset vårt? Da måtte vi bli sett på som fullverdige lemmer av Kristi kropp. For det er vi.

    Her er et alvorlig problem for ImFs vokst og virke. Skulle alle de som ikke er enige i f.eks Den Augsburgske trosvedkjenning, GÅ UT AV TJENESTE OG BEDEHUS….Hvor få ville det ikke være igjen? Skal man ha trosvedkjenninger, må folket være enig og stå for desse vedkjenningene, ellers blir det reint som et stort vissvass.

    Mvh Merete Ytterdal

    Svar
    • 1.1

      Petter Olsen

      11. mai, 2018, kl. 15:23

      God ettermiddag, og takk for respons!

      Som redaktør for Sambåndet og moderator for kommentarfeltet på sambåndet.no har jeg oppfordret kronikkforfatter Karl Johan Hallaråker til å svare på kommentaren din. Han har, av praktiske årsaker, bedt meg om å videreformidle følgende svar:

      På oppmoding frå redaktøren skal eg få gje deg eit ope og ærleg svar.

      Eg forstår at du og din mann har komme til ei anna overtyding enn det som den evangelisk lutherske kyrkja i ulike trussamfunn og misjonsorganisasjonar har. Det skal de respekterast for. Eg toler også godt å høyra argumentasjonen. Den er ikkje ny korkje for meg eller andre som kjenner tematikken.

      Når det gjeld språkbruken «fordømer», så må ein lesa det på 1500-talet sine premisser og ikkje ut frå vår tids bruk/ubruk av uttrykket. Med mine briller i 2018 les eg det som at ein seier at ein er «djupt usamde» med dei som lærer gjendåp. – At alle som trur på Jesus, tilhøyrer Hans kropp, er vi forhåpentlegvis alle samde om. Dommen høyrer Herren til.

      Lokale tilhøve kan vera ulike, og det kan vera fleire årsaker til at kristne med ulik vedkjenning lever nær innpå kvarandre. Eg skal ikkje kommentera lokale forhold. Men generelt og prinsipielt vil eg seia følgjande om dette:

      Dersom ein ønskjer å vera med i ei evangelisk luthersk forsamling, forventar eg at ein har respekt for den forsamlinga sitt læregrunnlag, og ikkje forventar at ein kan undergrava dette læregrunnlaget frå innsida. Det same gjeld sjølvsagt motsett veg – om lutherske er med i ei pinseforsamling. Eg kan vel også legga til – Eg skreiv ikkje profilartikkelen for at pinsevenner skulle seia ja til det eg skreiv, men for at lutherske kristne i ImF skulle få høyra om våre røter.

      Dersom ein ønskjer å vera med i ei evangelisk luthersk forsamling, forventar eg at ein har respekt for den forsamlinga sitt læregrunnlag, og ikkje forventar at ein kan undergrava dette læregrunnlaget frå innsida

      Eg kan så nemna korleis eg pleier å gjennomføra samtale med dåpsforeldre, før vi døyper barnet:

      Barnet er unikt – skapt i Guds bilete! Barnet – mennesket sitt verd er uavhengig av alle ytre attributter. Barnet tilhøyrer – som alle menneske – den menneskeslekta som har vendt Gud ryggen. Det er det heilage alvoret. «Vi er av naturen vreidens born» (Ef 2,3). Vi har bruk for Jesu frelsesverk frå vi blir fødde inn i denne verda.
      Gud «kunne ikkje leva med» at vi alle blei borte frå Han. Dette er Guds ufattelege kjærleik! Difor Joh.3:16.

      Jesu frelsesverk er for oss alle, men vi er alle «åndeleg døde», korleis då få del i Jesu frelse? Sagt biletleg – vi er ikkje i stand å gå til Golgata for sjølve å henta Jesu soningsverk.

      Dette er Guds svar: Gud kjem til oss med Jesu frelse gjennom evangeliet. Det er ikkje vi som er i stand til å dra til Golgata for å henta frelsa sjølve, korkje vaksne eller born. Det store er at Gud kjem med det – både til store og små.

      Gud kjem gjennom evangeliet – knytt til Ord og sakrament. Dette er vi avhengige av frå vi blir fødde inn i denne verda. Difor er det viktig at borna blir døypte. Dåpen er Guds nådekanal til oss uavhengig av våre prestasjonar.

      Dåpen er ei eingongshending, men fører oss inn i det kristne fellesskapet der vi møter Guds gåver – evangelieordet gjennom forkynninga/opplæringa og ved nattverdbordet – gjennom livet. (Læra om dei fire B’ane.) Dersom vi kjem bort frå Jesus, må vi kallast tilbake ved evangelieordet. Han føder oss på ny ved Guds ord (1. Pet 1,23).

      Dåpsbodet sluttar med Jesu eige løfte: «Sjå eg er med dykk alle dagar.» Apostelen Paulus sunmmerer det opp slik: «Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesus Kristi dag.» (Fil 1:6).

      Vil du vita meir om både luthersk og andre dåpssyn, sjå mi truslære «Vi tror sammen», Lunde forlag

      Karl Johan Hallaråker

      Svar
  • 2

    merete Ytterdal

    12. mai, 2018, kl. 08:55

    Takk for utfyllende svar.

    Det blir vanskelig å skulle ta på seg forskjellige briller for å tolke utrykke «fordømmer». Du tolker det som «dypt uenig», andre mener det faktisk betyr det det sier. Å fordømme betyr i religiøse vendinger «å dømme til fortapelse», altså at troende søstre og brødre i Kristus går fortapt pga. sin troendes dåp/gjendåp. At du tolker det annerledes forstår jeg, men da burde det være et vedlegg til bekjennelsene med tolkning.

    Å skulle respektere Indremisjonens lære er en selvfølge når man tjener der. Jeg respekterer og støtter den vandring Herren leder en til gjennom sitt Ord. Vi ser stykkvis og delt, og ingen ser den hele Sannhet åpent fremfor seg. Vi må hele tiden være åpen for Den Hellige Ånds korrigering.

    Guds Ord sier (Apg 8,36-39): «Mens de kjørte langs veien, kom de til et sted hvor det var vann, og hoffmannen sa: ‘Her er vann. Er det noe til hinder for at jeg blir døpt?’ FILIP SVARTE: ‘HVIS DU TROR AV HELE DITT HJERTE, KAN DET SKJE’. Da sa han: ‘Jeg tror at Jesus Kristus er Guds sønn.’ Så lot han vognen stanse, og begge to steg ned i vannet, både Filip og hoffmannen, og Filip døpte ham.» Sitat slutt.

    Hvordan kan noen fordømme en som blir overbevist om gjendåp/ troendes dåp på dette grunnlag? Ja, jeg sier «fordømmer», for det er ordlyden i Den Augsburgske bekjennelse. Din tolkning av ordet «fordømmer» er din private. Ordet «fordømmer» betyr ifølge leksikon «å dømme noen til evig straff». Om du tolker det som «dypt uenig», er du selv ikke på linje med læren du forsvarer. «Dypt uenig» og «dømt til evig straff» samstemmer IKKE.

    Svar

Skriv en kommentar

Til høsten blir det ledige plasser i Betania Studentfellesskap. Husfar Torgeir Skrunes vil helst ha inn jenter.

‒ Vi har beholdt godkjenningen av 120 studentplasser, sier en lettet og fornøyd rektor Gunnar Ferstad ved Bildøy Bibelskole.

Plussreiser opplever størst vekst i turer til Israel/USA, og flere av de nye kundene kommer fra andre kirkesamfunn enn lutherske.

Er det at man bare ønsker å være morsom, en legitim grunn for en publikasjon til å bruke et navn som ligner en annens merkevare?

Forholdet til jøden Jesus sto sentralt da Israels første 70 år som gjenopprettet stat ble markert på Jæren i går kveld.

Copyright © Sambåndet 2018