Sambåndet

Fredag 25. mai 2018
RSS
DRIFT: ImF ser det ikkje som realistisk å kunne halde opp drifta av til dømes fiskarheimar om ikkje Indre sjø maktar det sjølv. Historisk bilde av fiskarheimen Havly i Stamsund. Foto: Kristian Magnus Kanstad / Nordlandsmuseet/Wikimedia Commoms

Betinga svar frå ImF til Indre sjømannsmisjon

ImF er open for samtalar med Den indre sjømannsmisjon om fusjon eller samarbeid – på vilkår av at Indre sjø vil fornya visjonen for arbeidet.

Av Petter Olsen. Publisert 11. mai 2018.

Det går fram av eit brev signert styreformann og generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF), høvesvis Odd Asbjørn Nybø og Erik Furnes. Ordlyden i brevet vart vedteke av ImF-styret i møte 4. mai.

Fusjon

I aprilnummeret av Sambåndet kunne ein lese at Den indre sjømannsmisjon (DISM), ved landsstyreleder Ingolf Solsvik, hadde vendt seg til ImF – og Norges samemisjon – med spørsmål om fusjon eller samarbeid. Bakgrunnen er driftsunderskot i rekneskap og budsjett. Alternativt ser landsstyret føre seg oppløysing eller ny driftsmodell.

ImF-styret handsama dette i maimøtet. I svarbrevet viser ImF-styret til at ingen av organisasjonane er uendra sidan førre fusjonsutspel frå DISM – i 2004. Den gongen var ImF positiv, medan styrande organ i DISM sa nei.

Endra situasjon

Av konkrete endringar peikar ImF-styret på «flytting av ressursar inn mot forsamlingane og deira tilsette og leiarar». Styret trur dette er ei rett satsing både ut frå kyrkjesituasjonen og fordi dei fleste unge ønskjer «eit helskapleg tilbod i si forsamling». ImF-styret er òg ærleg på at denne trenden utfordrar bedehusorganisasjonane, fordi «vi strevar med å vekke det same (engasjement) rundt våre mange fellestiltak og organisasjonsarbeidet».  For det andre nemner ImF-styret tung satsing på å fornya ressursane som er retta mot barne- og ungdomsarbeidet. For det tredje held styret fram den nye leiarkonferansen.  

ImF-styret viser òg til at mellom anna 24 skular, ti barnehagar og 14 leirstadar er ein del av ImF-familien. Men styret legg til at det er nettopp slike fellestiltak ein strevar mest med å gje tilstrekkeleg merksemd, oppfølging og økonmi.

Fornying 

Konklusjonen i brevet er slik:

«På bakgrunn av dette må vi vere ærlege og seie at det arbeidet som DISM har i dag, i stor grad er i same kategori som det arbeidet vi strevar med å halde oppe sjølve. Eit unntak er det nyare arbeidet mellom sjøfolk i norske hamner, men når ikkje DISM sjølve maktar å halde oppe drift av fiskarheimar, leirstad og Elieser-båten, ser vi inga realisme i at ImF skal klare det noko betre.

Vi er opne for samtale dersom DISM vil fornye visjonen i tråd med den tenkinga vi har gitt uttrykk for ovanfor, men vi maktar ikkje ta ansvar for å bevare det som vi opplever har hatt si tid.»

Landsmøtet i Den indre sjømannsmisjon får saka på bordet 22.-24. juni. 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Til høsten blir det ledige plasser i Betania Studentfellesskap. Husfar Torgeir Skrunes vil helst ha inn jenter.

‒ Vi har beholdt godkjenningen av 120 studentplasser, sier en lettet og fornøyd rektor Gunnar Ferstad ved Bildøy Bibelskole.

Plussreiser opplever størst vekst i turer til Israel/USA, og flere av de nye kundene kommer fra andre kirkesamfunn enn lutherske.

Er det at man bare ønsker å være morsom, en legitim grunn for en publikasjon til å bruke et navn som ligner en annens merkevare?

Forholdet til jøden Jesus sto sentralt da Israels første 70 år som gjenopprettet stat ble markert på Jæren i går kveld.

Copyright © Sambåndet 2018