VISJON: ‒ Vi må ikkje stå stille, for samfunnet utviklar seg, seier dagleg leiar Kjetil Sigerseth i Naturlig menighetsutvikling. Her på Misjonsrådet til ImF i 2017. FOTO: PETTER OLSEN

‘- Bør kunne rettleia om forsamling

Indremisjonsforbundets generalsekretær Erik Furnes ønskjer at kvar krets i ImF har ein Namu-rettleiar.

Naturlig menighetsutvikling (Namu) har 20-årsjubileum i år. Det vart markert med ein konferanse i Oslo 28. mai i samarbeid med Norges Kristne Råd.

‒ Vi vil bruke jubileet som ein moglegheit til å sjå 20 år fram i tid og dei utfordringane som forsamlinga vil møte når den vil nå menneske med evangeliet, seier dagleg leiar Kjetil Sigerseth i Namu til Sambåndet.

Partnar
ImF er ein av partnarane i Namu-samarbeidet, og fleire ImF-medarbeidarar tek Namus vegleiarutdanning.

‒ Med det gir vi signal om at vi ser dette som eit tenleg verktøy for korleis ein kan avdekke sterke og svake sider ved forsamlingsarbeidet, samt korleis ein kan arbeide målbevisst med dei største utfordringane, seier generalsekretær Erik Furnes i ImF.

‒ Stemmer det at du har som ambisjon ein vegleiar i kvar krets i ImF?

Ja, eg meiner det vil vere ei styrke for alle kretsar å ha kompetanse på å rettleie forsamlingar i sitt nærområde. Det treng ikkje vere krinsleiar, men nokon som har erfaring og interesse for forsamlingsarbeid.

Leiarutvikling
‒ Korfor bruke Namu sitt opplegg for å få den kompetansen?

Der er fleire alternativ vi kan nytte i å styrke leiarutvikling i arbeidet, og kva som er tenleg, må ein vurdere i kvart enkelt tilfelle. På feltet utrustande leiarskap har Namu mykje å tilføre, og vi ser dette som svært viktig for å styrke det som har vore røtene i indremisjonsarbeidet, nemleg fri utfolding av nådegåver og det allmenne prestedømme.

‒ Korleis ser du på behovet for forsamlingsutvikling?

Svaret på det får vi dersom vi ser på dei kvalitetane som Namu fokuserer på, som utrustande leiarskap, nådegåvebasert teneste, hensiktsmessige strukturar, engasjert trusliv, inspirerande gudsteneste, livsnære grupper, behovsorientert evangelisering og varme relasjonar. Eg vil tru dei aller fleste vil ønskje at dette pregar den forsamlinga vi sjølve går i. Vi treng hjelp til å sjå kva den reelle tilstanden er, og hjelp til å bevege oss mot eit mål der dei truande kan vekse og modnast til å vere menneskefiskarar for Gud.

Sunne forsamlingar
Dagleg leiar Marit Hårklau Ådnanes i Indremisjonssamskipnaden er ein av medarbeidarane i ImF som tek Namus vegleiarutdanning.

Eg såg behov for eit verktøy me kan bruka for å utvikla forsamlingane. Eg kom over Naturlig menighetsutvikling og syntes dette var eit handterleg verktøy som fungerer over tid og er bygd på bibelske universelle prinsipp, seier Hårklau Ådnanes.

‒ Korleis vurderer du opplegget med tanke på behova når det gjeld forsamlingsutvikling?

Det er viktig å vita kva Namu er og kva det ikkje er. Målet til Namu er «fleire sunne forsamlingar». Namu er eit godt verktøy til nettopp dette. Det handlar om bevisstgjering og å ta vekk hindringar for vekst. Vegleiarutdanninga hjelper meg til å stilla rette spørsmål inn i prosessen og å sjå etter samanhengar med meir. Om nokon til dømes vil gå i prosess for å bli ei sjølvstendig forsamling, er dette ein annan prosess, der det trengs noko anna enn Namu.

Til velsigning
Når Furnes får same spørsmål, svarer han med korleis han gjerne startar sin presentasjon av Namu.

Eg startar gjerne ved å vise eit bilde av ein hammar. Ein hammar er eit verktøy som ein kan bruke til å bygge noko fint, men du kan også bruke den til noko destruktivt. Alt avheng av den personen som held verktøyet i si hand. Namu er også eit verktøy, og brukt på ein god måte er eg overbevist om at det vil vere til velsigning for samanhengen vår.

Ein overgang
‒ Kva opplever du som dei største utfordringane og moglegheitene når det gjeld forsamlingsutvikling?

Ofte ser vi at det er på områda leiarskap, strukturar og nådegåver at våre forsamlingar skårar lavt, og det har gjerne konsekvensar for andre område, svarar Furnes og påpeiker at ImF i mange år har levd i overgangen mellom møteveke-strategien og forsamlingsstrategien, og at ImF derfor har ei utfordring på dei områda.

Vi skal framleis vere Ordets folk, der forkynninga skal vere berebjelken i det vi held på med, men vi må arbeide med fellesskapa våre. Eg opplever mykje entusiasme i dei forsamlingane som vil arbeide med dette, og oppslutninga om Leiarkonferansen er eit signal om det same. Det er løfterikt, strekar Furnes under.

Samansett
Kjetil Sigerseth opplever situasjonen når det gjeld forsamlings- og kyrkjelydsvekst, som samansett.

Situasjonen er dessverre slik at mange forsamlingar blir lagt ned eller er i ferd med å bli lagt ned på grunn av at dei ikkje får ny tilvekst. Men der er også mange som opplever vekst, og nye blir danna. Å vere forsamling i dag betyr å være motkultur. Avstanden mellom forsamlinga og samfunnet kan bli stor, seier den daglege leiaren i Naturlig menighetsutvikling.

Les òg: Forsamling vil bli bedre (debatt i kommentarfeltet)

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.