REFORMASJONSSYMBOL: Klatreløypa med korsene i Klatreparken Domkirkeodden skal symbolisere reformasjonen der katolske og protestantiske kors er på hver sin side av et hinder. BEGGE FOTO: Fredrik Garshol/ Klatreparken Domkirkeodden

Er det greitt å trø på eit kors?

Ein klatrepark får kritikk for å bruka det kristne korset i hinderløype. Biskop synest det er greit og samanlikner det mellom anna med å hoppa paradis.

«Respektlaust, upassande, tankelaust, unaudsynt og fordummande» er nokon av orda som går igjen på Facebook om Klatreparken Domkirkeodden på Hamar sin bruk av kors som element i ei klatreløype. Løypa er utforma slik at ein må tråkka på korsa for å koma seg over.

– Er det OK å trampa på korset, det viktigaste kristne symbolet, når det «berre» er som fritidssyssel, spør Hilde Berit Evensen i eit innlegg som har fått mange støttande kommentarar.

Evensen er ikkje sjølv kristen, men skriv at ho er «er oppvaksen med kristendomen som kulturhistorisk viktig for forståinga av Noreg og Hamar.»

– Eg kjenner mange kristne og synest det er rart dei ikkje reagerer på den medvitslause nytta av to typar kors i den nye klatreparken på Hedmarksmuseet og Domkirkeodden, skriv ho vidare og legg til at ho synest nytta av kors i klatreløypa er unaudsynt og fordummande.

Reformasjonstema

Klatreparken Domkirkeodden ligg i eit område med stor historisk og religiøs tyngde og er ein tematisk park der dei vitjande kan klatra seg gjennom historiske epokar og hendingar.

Hinderet som vert diskutert, ligg i mellomalder-løypa og har reformasjonen som tema. Det består av katolske og protestantiske kors som skilst av hinder i midten som skal representera skiljet mellom dei to trusretningane.

Dagleg leiar for klatreparken, Aleksander Gamme, ante ikkje at korsa skulle skapa ein slik kontrovers då han designa løypa.

– Det har aldri vore nokon intensjon i å symbolisera at ein skal «trampa på korset». Tvert imot, det er fint å balansera på desse korsa der oppe, du dansar varsamt og spent medan korsa ber deg av garde til neste hinder, skriv han på Facebook.

Positiv biskop

POSITIV: Biskopen i Hamar bispedømme, Solveig Fiske. ARKIVFOTO: KPK

Hamar-biskop Solveig Fiske synest på si side det er positivt at klatreparken brukar kors til å seia noko om reformasjonen og meiner det er ein ekstra god symbolikk i at korsa ber klatraren over ein hindring.

– Det er viktig å ha ein debatt om nytta av religiøse symbol, og at det skapar kjensler hos folk skal ein ta på djupaste alvor. Ein skal aldri tulla med religiøse symbol eller misbruka det som for andre er heilag, men eg følar ikkje det er det som vert gjort her, seier Fiske til KPK.

Ho meiner det er ein strategisk og fagleg grunngjeving for å nytta kors i klatreparken.

– Å bruka korset i ein klatrepark på Domkirkeodden, som er så tett forbunde med den gamle historiske kyrkjestaden, gjer tydeleg at det absolutt ikkje er gjort med eit respektlaus føremål. Korsa er brukt på ein måte som innbyr til undring og refleksjon, seier biskopen.

– Ikkje uvanleg å trø på korset

Fiske seier det ikkje er uvanleg å trø på korset, til dømes i golvmosaikkar i kyrkjer. Ho trekkjer òg koplingar til andre leikande aktivitetar som inneheld kors-symbolet.

– Dette er tradisjon for dei som hugsar paradisleikene som var forma som eit kors med ruter for liv og død, som eit bilete på livet.

Gutar som hoppar paradis i sanden. Måleri av Théophile-Emmanuel Duverger frå rundt 1900. Kilde: Wikimedia Commons

Gamme synest det er interessant at biskopen har eit anna syn enn kritikarane på Facebook, og han meiner utsegnene hennar viser eit beundringsverdig leiarskap i Den norske kyrkja og i Hamar bispedømme.

– Eg forstår jo at dei fleste faktisk ikkje forstår kvifor det er kors mellom trea i det heile. Det er interessant at biskopen ser ein annan symbolsk vinkling enn kritikarane, og at ho trekkjer fram at det ikkje er uvanleg at ein tråkkar på kors, seier han.

Klatreparkleiaren lovar likevel å ta kritikken til etterretning.

– Eg har respekt for at korset som symbol vekker kjensler, og det skal vi ta på alvor. At dei vitjande i Klatreparken Domkirkeodden får gå over korsa er slett inga prinsippsak, så vi er allereie i gang med å diskutera endringar med hinderet, seier Gamme. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.