STUDENTER TIL MENIGHETENE: På "Velkommen til Oslo" får nye kristne studenter innblikk i ulike menigheter i byen, og kan finne sin plass i fellesskapet. Nå har konseptet spredt seg til flere norske byer. Bildet er fra arrangementet i 2017. FOTO: Velkommen til Oslo

Set inn tiltak for å halda på studentar

'- Det er ei stor utfordring at vi mistar studentar frå fellesskapet, seier Karl Johan Kjøde i Laget.

– Ifølgje internasjonale statistikkar sluttar dei fleste evangeliske kyrkjegåande studentar å gå i kyrkja. Å ha eit arrangement som heilt i starten introduserer dei for det kristne fellesskapet, tyder mykje, seier Kjøde.

Sidan 2012 har fleire kyrkjelydar i Oslo gått saman om arrangementet «Velkommen til Oslo», ein rusfri parkfest der nye kristne studentar kan få innblikk i dei ulike kyrkjelydane og forsamlingane i byen og bli kjende med andre kristne. I år har konseptet spreidd seg til fleire studentbyar i landet.

– 22. august vert det òg arrangert Velkommen til Bergen og Velkommen til Trondheim. Alle arrangementa føregår på same dag, og med same hensikt. Dette er stort for oss, og vi håpar vi kan starta i fleire byar i 2019, fortel Elisabeth Bjørsvik som er eventansvarleg for Velkommen til Oslo (VTO).

Òg i Tromsø vart det arrangert eit liknande opplegg den 17. august.

Strategisk

Ein av organisasjonane som har samarbeidd med VTO om å spreia konseptet til nye byar, er altså Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (Laget). Generalsekretær Karl-Johan Kjøde meiner VTO har ein strategisk verdi for kyrkjelydane for å tiltrekkja seg studentar.

– Vi ynskjer òg at arrangementet skal hjelpa kyrkjelydane å tenkja studiestadar og trur det er bra å spreia dette til fleire byar.

Utfordrande fadderveker

Faddervekene som vert arrangert ved studiestadane, kan, ifølgje Bjørsvik, òg ofte vera utfordrande for kristne studentar då vekene vert prega av mykje fyll. Ho fortel kva ein mannleg student opplevde då faddergruppa hans valde å dra heim til ein av fadrane for å drikka før opplegget.

– Der var det både alkohol og hasj, og aktivitetane handla om å senda rundt eit pornoblad og snakka om kven i gruppa kvar enkel skulle ha med seg heim i løpet av kvelden.

Då det vart tydeleg at studenten var ein kristen, fekk han kommentarar og vitsar slengt etter seg.

– Sjølv om det gjekk bra, var det sårt å sjå korleis studiestart skulle markerast og korleis miljøet såg ut til å vera. Han hadde heldigvis kristne vener som han fekk snakka med, men det er trist å vita at ikkje alle har ein slik venekrins, seier Bjørsvik.

Auka pågang

På arrangementa er det gjerne ein appell eller andakt, konsertar og stands der kyrkjelydane får presentera seg sjølv.

I Oslo vert arrangert VTO i parken på St.Hanshaugen, og talet på deltakande kyrkjelydar har vore stabilt på rundt 15. I fjor og i år har òg fem organisasjonar vore med.

– Nytt frå i år er at vi i større grad har merkt pågang frå fleire kyrkjelydar og har måtta takka til nei fleire. Vi har per no ikkje søkt om fleire standplassar, men vil vurdera dette til neste år, seier Elisabeth Bjørsvik. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.