Sambåndet

Onsdag 13. november 2019
RSS
MINNESTEIN: Den kjente kristne dikteren Trygve Bjerkrheim blir æret med en bauta i bygda Bjerkreim i oktober. Foto: Kåre Ekroll

1900-talet sin bedehus-poet

OMTALE Denne sommaren har vi fått ei unik song- og melodisamling i form av boka «Himmelbru».

Skrevet av Harald Myklebust den 31. august 2018.

Boka inneheld 411 tekstar av den mest skriveføre poeten i bedehusland i det førre århundre, Trygve Bjerkrheim (1904–2001).

FORSIDE: «Himmelbru» er kome ut på Lunde Forlag.

Ein interesseorganisasjon, Trygve Bjerkrheims Vener (TBV), med sine over 1000 medlemar, tok initiativet og skaffa pengar til eit arbeid med å samle saman (kjende og ukjende) dikt, viser, songar og salmar (og omsetjingar) som han har gjort.

100 nye

Om lag 100 nye melodiar (over 20 prosent) har fått plass etter som mange nye (unge og eldre) komponistar har blitt utfordra til å tonesette ikkje berre kjende, men ukjende Bjerkrheim-tekstar (mange 1000 å ta av!).

Over 1500 melodiar er blitt vurderte, i ulike stilar og sjangre, dei fleste i eit tonalt bedehusspråk, men mange i ei mer moderne og ungdommeleg melodi- og rytmedrakt. Heile 160 komponister er representerte!

Vekking

Som Lina Sandell i Sverige på 1800-talet let evangeliet tone ut på sangens vinge i vekkingane som gjekk over Sverige, og som flaug innover vårt eige land, slik fekk Trygve Bjerkrheim vere ein sterk bidragsytar til songen som fylgde vekkingslivet og misjonskallet i vårt eige folk på 1900-talet.

Bjerkrheim let det sentrale Kristus-vitnemålet prege poesien sin, forsoninga i Jesus Kristus med det nakne korset og den tome grava, kallet til å fylgje han i kvardagen, gle seg over å møte medmenneske i heim og samfunn med ord frå Han, fryde seg over land, folk, kultur og natur – Trygve Bjerkrheim femnde det heile og vart ein som alle lag av folket vart glade i.

Substans

Og songane hans vert sungne i glede og sorg og har funne vegen til song- og salmebøker, ikkje berre i vårt eige land, men utover. Kjende artistar nyttar songane hans i sine produksjonar. Ja, i vårt broderland i aust er det fleire songarar og komponistar som brukar hans tekster nettopp fordi dei i vår moderne tid, men mange nye kristentekstar, synest innhaldet – den evangeliske substansen – i desse er for tynn. Her kjem Trygve Bjerkrheim til sin rett med eit solid evangelium.

Boka vil vere ei inspirasjonskjelde for ein kvar som er glad i å synge og spele. Melodiane har fått høveleg akkordsetjing (besifring). Songevangelistar og artistar, musikklag og kor, vil her kunne utvide repertoaret sitt – frå ei levande minnebok etter ein av våre store poetar. Trygve Bjerkrheim sjølv er representert med fire eigne melodiar.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

OPPDATERT Bibelskolestudenten som ble skadet i en badeulykke i Israel i forrige uke, omkom i ulykken.

Heller ikke på den ekstraordinære generalforsamlingen ble det flertall for ny styreform for foreningen guttogjente.no.

GF Å legge ned kretsene i sin nåværende form og erstatte dem med noen få nettverksbyggende sentra. Det var et av forslagene da generalforsamlingen i ImF diskuterte den store saken om framtidig organisasjonsstruktur.

GF ImF-styret fekk fullmakt frå generalforsamlinga til å slå ImF Trossamfunn saman med andre trussamfunn. Eit stort mindretal ville berre slå saman med NLM sitt trussamfunn.

OPPDATERT MED VARAMENN Gabriel Pollestad er ny formann i Indremisjonsforbundet. Fredag ble også resten av styret valgt.

GF Sambåndet har stilt formannskandidatene i ImF 11 spørsmål. Her kan du lese deres svar og dermed blir bedre kjent med dem.

Copyright © Sambåndet 2019