I kø for å endra abortlova

Leiaren for Unge Venstre kjem med groteske argument i abortsaka, skriv Sambåndet på leiarplass.

Lite visste vi då vi sende augustnummeret i trykken, at analysen av eit framlegg i Sverige om å setja grensa for sjølvbestemt abort ned frå 18 til 12 veker, skulle bli brennaktuell. Frå dagen etter at bladet kom ut, stod den eine etter den andre av ungdomspartileiarane i Norge fram med ønskje om det motsette. Dei vil leggja ned abortnemndene som i dag kjem inn i bildet når nokon ønskjer abort etter 12 veker. I forlenginga av det vil dei flytta grensa for sjølvbestemt abort.

Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) vil ha fri abort til 18 veker, seks veker lengre enn i dag. Det same vil Sosialistisk Ungdom. Og FpU, viste det seg, hadde allereie gjort vedtak om 18 veker. Rød Ungdom vil ha 22 veker. Leiaren for Unge Venstre gjer framlegg om ei dobling, til 24 veker. KrFU og Unge Høyre har ikkje signalisert ønskje om å flytta grensa for sjølvbestemt abort.

Om grensa for abort blir sett til 24 veker, skulle ingen vera tvil om at det er drap av eit barn det er snakk om

Sambåndet er for rettsvern av eit liv frå unnfanginga av. I Norge er abort ikkje lovleg om ein kan rekna med at fosteret er levedyktig, og den grensa går i dag etter 22 veker av svangerskapet. Om grensa for abort blir sett til 24 veker, slik Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark vil, skulle ingen vera tvil om at det er drap av eit barn det er snakk om. Professor emeritus i barnesjudomar, Ola Didrik Saugstad, har opplyst at i 2015 og -16 overlevde i gjennomsnitt 54 prosent av gutane som vart fødd ved 23 veker, 68 prosent ved 24 veker og 80 prosent ved 24 veker. For jentene er tala høvesvis 57, 75 og 85 prosent.

Hansmark meiner grensa skal setjast ved tidspunktet når barnet kan kjenna smerte. Påstanden hans om at det først skjer ved 24 veker, vert avvist av Saugstad og andre. Grotesk er det når Hansmark seier at «problemet ved å setja grensa for abort ved tidspunktet når eit foster kan leva utanfor livmora, er at den grensa «stadig kan flyttes nedover mot uke null med ny teknologi». Sjølv om det skulle bli mogleg å berga eit liv tidlegare enn etter 22 veker, er det altså for Hansmark viktigare fortsatt å kunne ta det same livet som ein då kunne ha redda.

Då fleire partier i 2016 avviste å diskutera avgjerda om at tvillingabort var innanfor abortova, var argumentet at dei ikkje ville endra lova. To år etter står altså ungdomspartia i kø for å gjera nettopp det. Neste år er det val igjen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.