Sambåndet

Mandag 15. oktober 2018
RSS
BRENNPUNKT: KrF-leiar Knut Arild Hareide har blitt avkrevd svar om retninga for KrF. FOTO: PETTER OLSEN

Kva skal KrF gjera?

KOMMENTAR Det lett å seia at KrF må stramma seg opp og ta eit tydeleg standpunkt. Men det er lettare sagt enn gjort. For det kan fort bli gale, kva ein gjer, skriv Tom Hetland på Synspunkt-plass i Sambåndet.

Av Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad . Publisert 25. september 2018.

Verda er snudd på hovudet. I det super-sekulære Sverige har Kristdemokraterna fått 6,4 prosent av stemmene i det siste valet. Det er nesten dobbelt så mykje som norske Kristeleg Folkeparti får på enkelte målingar. Medan dei kristelege partia i andre nordiske land før var bleike kopiar av det mektige norske partiet og berre kunne drøyma om noko slikt som ein statsministerpost, er det i dag Lars Korvalds og Kjell Magne Bondeviks parti som kjempar mot sperregrensa.

Og nå nærmar det viktige vegvalet seg. Fredag 28. september kjem landsstyret i KrF saman for å drøfta regjeringsstrategien. Partileiar Knut Arild Hareide har lova ei avklaring av KrF sin posisjon seinast før jul.

Uvissa gneg på partiet

Det er på høg tid. Uvissa gneg på partiet. «Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn», står det i Skrifta. Jamvel i Johannes’ openberring, sjølvaste Apokalypsen. Er også KrF på veg mot endetida?

Ideelt sett skulle vippeposisjonen gitt KrF maksimal utteljing for sin politikk. I staden framstår partiet som uklart og vinglete. I fleire saker fungerer KrF som ein bremsekloss mot at regjeringa skal driva politikken for langt mot høgre. Det kan vera populært i mange krinsar, men veg ikkje opp for at partiet i altfor liten grad maktar å setja ein sjølvstendig dagsorden, heller ikkje i ei tid der utviklinga innan bioteknologi og kunstig intelligens reiser nye og alvorlege utfordringar mot det kristne og humanistiske menneskeverdet.

(I parentes: Det gjer naturlegvis ikkje saka betre at KrF til tider er fullstendig tonedøv for kva som rører seg i folket. Når partiet har klart å bli både fødselshjelpar og garantist for regionreforma, det tåpelegaste og minst gjennomtenkte prosjektet i moderne norsk historie, kan ein i alle fall ikkje skulda på andre for at veljarane sviktar.  Ingen skal undrast over at Trygve Slagsvold Vedum ler både mykje og ofte når han får slike gåvepakker i fanget.)

Det kan fort bli gale, kva ein gjer

Så er det lett å seia at partiet må stramma seg opp og ta eit tydeleg standpunkt. Men det er lettare sagt enn gjort. For det kan fort bli gale, kva ein gjer.

For tilhengarane av at KrF skal følgja Venstre og gå inn i regjeringa, er resultatet i Sverige naturlegvis til stor inspirasjon. Kristdemokraterna har plassert seg klart og tydeleg på borgarleg side – og har tydelegvis vunne på det.

Men Sverige og Norge kan ikkje utan vidare samanliknast. KrF har lenge hatt ein meir venstreorientert profil enn søsterpartiet i Sverige, noko som truleg reflekterer haldningane til kjerneveljarane i dei to landa. Det svenske partiet har større tru på skattelette og marknadsløysingar, det vil ha ein tøffare kriminalpolitikk, vidare satsing på kjernekraft og seier klart ja til EU og meir frihandel.

Det er ingen tvil om at KrF-veljarane også i Norge lutar meir mot høgre enn mot venstre

Nå er det heller ingen tvil om at KrF-veljarane også i Norge lutar meir mot høgre enn mot venstre. Ei undersøking frå TV2 tyder på at tre av fire veljarar som har sagt farvel til KrF så langt i år, har gått til eitt av regjeringspartia. Flest går til Høgre (42 prosent).

Les òg: Slagside i KrF-havari.

Også ved dei fleste tidlegare vala har KrF tapt meir til høgre enn til venstre. Unntaket er dei store nedgangsåra i 2003 og 2005, då fråfallet var nokså likt til begge sider. Regjeringsperioden med Høgre og Venstre i 2001–2005 vart ein katastrofe for KrF, sjølv om Bondevik var statsminister. Den historiske framgangen frå 1990-talet vart nulla ut på få år. Medan partiet på 1990-talet hadde fotfeste over heile landet, vart det nå utradert i Nord-Norge og på Indre Austlandet. Slike spor skremmer også.

Eit vedtak om å gå inn i regjeringa kan hjelpa partiet på kort sikt

Det kan henda at KrF i dag ikkje har noko anna val enn å prøva å tetta igjen lekkasjane av borgarleg innstilte kjerneveljarar på Sør- og Vestlandet. I så fall kan eit vedtak om å gå inn i regjeringa hjelpa partiet på kort sikt. Meir usikkert er det om ein slik strategi legg grunnlaget for ny vekst på lengre sikt. Det er både avhengig av korleis KrF får profilera seg i regjering, og av utviklinga i andre parti, framfor alt Frp. Knut Arild Hareide og Sylvi Listhaug i same regjering blir ikkje enkelt.

KrF sitt dilemma handlar likevel ikkje berre om politisk strategi. Det avspeglar meir grunnleggjande at kristenfolket i Norge går i ulike retningar. Alt i 2003 slo Maktutgreiinga fast at kyrkjeleiarane er den mest radikale elitegruppa i landet. Den tendensen har berre forsterka seg sidan då. Oslo-biskop Kari Veiteberg snakkar om miljø, innvandring og fattigdom som ein radikal SV-ar. Samstundes går store delar av frikyrkjene og bedehus-Norge i amerikansk retning, der dei evangeliske kristne er ei mektig konservativ kraft i politikken. Dei intense debattane om homofili og islam forsterkar dette skismaet.

Knut Arild Hareide blir ståande i ein stadig breiare spagat

KrF har aldri samla heile kristenfolket, men det har likevel historisk hatt ein samlande sentrumsposisjon i Kristen-Norge. I vår polariserte tid forvitrar sentrumsposisjonane nær sagt over alt, og det råkar også KrF. Knut Arild Hareide blir ståande i ein stadig breiare spagat. Det er derfor tvilsamt om eit landsstyrevedtak – same kva veg det går – vil føra han og partiet med samla bein over på fast grunn.

Kommentaren blei først publisert i Sambåndet nr. 09/18, datert 22.09.18. 

Les òg: Jonas Gahr Støre mener det er bånd mellom arbeiderbevegelsen og den kristne lekmannsbevegelsen.

Frå redaksjonen: ImF og Sambåndet er partipolitisk nøytrale. Uavhengig av kva parti ein eventuelt røystar på, er det ei historisk kopling mellom dåverande DVI og KrF som kan gjera det interessant for Sambåndet sine lesarar kva som skjer med nettopp dette partiet. Nils Lavik var første stortingsmannen for KrF, samstundes som han var forbundsstyreleiar i DVI.  

5 Comments »

  • 1

    Norvall Thormodsæter

    29. september, 2018, kl. 22:13

    For svært mange av oss har KrF vore et naturleg parti å støtta både lokalt og sentralt. Diverre har det vorte vanskelegare og vanskelegare å indentifisera seg med den politikken og standpunkta partiet har teke dei siste åra. Det vert vanskeleg å finna meining i at Hareide no vil ta partiet mot venstre når all analyse syner at dei velgjarane som forlet KrF, går til høgresida. Det må jo vera ein siTkker veg for å verta kvitt dei siste velgjarane også.

    Trur neppe Ap vil fremja og støtta dei viktigaste sakene KrF har hatt i programmet sitt. Det var også trist å få vita at andre leiarar i partiet på fylkesplan og sentralt ikkje hadde fått uttala seg.

    Einaste løysinga som står att no, er at partiet får ein samlande leiar, og at dei gamle merkesakene vert tekne fram igjen. Skal partiet vinna velgjarar, må dei leita der velgjarane har plassert seg.

    KrF kan kanskje enno reddast, men då må nye krefter sleppa til

    Synest også det var bortimot uverdig når Hareide snakka om KrF si sjel. Slik eg tenkjer om sjel, er ikkje det noko politisk, men noko i samkvemmet mellom Gud og menneske KrF kan kanskje enno reddast, men då må nye krefter sleppa til.

    Svar
  • 2

    Johan Halsne

    2. oktober, 2018, kl. 08:56

    Jeg ønsker ikke kommentere analysen til Tom Hetland. Selvsagt kunne det vært fristende, men lar det ligge.

    Jeg vil heller gi uttrykk for min skepsis på å bruke Sambåndet sin spalteplass på slike politiske analyser, knyttet til et parti. Jeg mener at Sambåndet skal være et misjonsblad og skal ha innhold som er relatert til det.

    Svar
    • 2.1

      Petter Olsen

      2. oktober, 2018, kl. 14:19

      Jeg takker for respons, Johan, men må tilkjennegi en viss undring over innholdet!

      Det du skriver, bærer bud om en overraskende liten kjennskap til hva Sambåndet var ment som, og til hva Sambåndet har vært gjennom snart 120 år. Jeg vil rett og slett oppfordre deg til å melde deg på seminaret om Sambåndet som jeg står oppført med på kommende lederkonferanse:-)

      I korte trekk er det slik at Sambåndet ikke var ment som et rent oppbyggelsesblad, det skulle også beskjeftige seg med aktualiteter. Det var blant annet derfor det bevisst ble valgt et avisformat i starten.

      Du finner det helt naturlig at Dagen bringer samfunnsstoff, gjør du ikke? Men visste du at Dagens statutter har Sambåndets første redaktør, Andreas Lavik, som medforfatter, han som også var DVIs første sekretær?

      Resten får du på seminaret!

      Hilsen fra redaktøren.

      Svar
      • johan Halsne

        3. oktober, 2018, kl. 10:26

        Hei, Petter!
        Skal ikke skryte på meg at jeg kjenner til i detalj hva Sambåndet var tenkt som.

        Ut fra slik jeg kjenner Sambåndet, og tenker om dette bladet, er det først og fremst et misjons- og oppbyggelsesblad.

        Selvfølgelig vil der være aktualiteter i samfunnet som berører vårt arbeid, ståsted og våre liv, og som må få oppmerksomhet i bladet, men å sidestille det med Dagen blir for meg feil. Dagen er en kristen dagsavis som kommer ut 6 dager i uken, Sambåndet er et misjonsblad med 11-12 nr. i året. Da er spalteplassen for dyrebar til å foreta politisk analyse av et parti i Norge.

        Svar
        • Norvall Thormodsæter

          6. oktober, 2018, kl. 14:40

          Hei, Johan!

          Du høres litt gammel ut når du snakker om «spalteplass». I dag går ting litt fortere, og spalteplassen på nettet er bortimot ubegrenset og krever verken trykkeri eller postbud.

          Skjønner hva du mener, men litt delaktig i hverdagslivet må også et kristent blad få være, synes jeg.

          Problemet i dag er vi snart ikke skal si eller mene noe særlig om noe. Før kunne predikantene snakke om samboerskap, skilsmisse, gjengifte og homofili etc. Slikt er det snart ingen som veileder i fordi alle er på ulike måter involvert via slekt og venner og kan bli støtt.

          Kanskje noe av villfarelsene i vår tid kan skyldes litt stor forsiktighet på talerstolene våre?

          Svar

Skriv en kommentar

Både KrF og Kristne Friskolers Forbund vil ta opp saken om kraftige kutt i statstilskuddet til naturbruksskoler.

Religiøse leiarar må slutta å seia at valdelege konfliktar ikkje har noko med religionen deira å gjera, meiner islam-forskar Martin Accad.

STATSBUDSJETTET Misjonseide KVS-Bygland og KVS-Lyngdal vil tape henholdsvis 600.000 og 2 millioner kroner i statstilskudd for 2019.

STATSBUDSJETTET Heller ikke søknad nummer sju førte fram, og nå vil ImF trolig skrinlegge planene om folkehøgskole i Ørskog kommune for 16-åringer.

Vi kjenner behov for å bygge nettverk saman med andre lutherske kristne frå ulike land i verda, skriv Erik Furnes i dette reisebrevet frå Etiopia.

Copyright © Sambåndet 2018