TEOLOGISK KAMP: Martin Accad framhever den teologiske dialogen og tolkningen som et middel i kampen mot ekstremisme. Her i panelsamtale med generalsekretær i Stefanusalliansen Ed Brown (t.v) og Sheikh Mahmoud Jalloul fra Tauheed-moskeen i Oslo. Ole Thomas Talset (t.h) fra Skaperkraft ledet samtalen. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Erkjenner samanheng mellom religion og vald

Religiøse leiarar må slutta å seia at valdelege konfliktar ikkje har noko med religionen deira å gjera, meiner islam-forskar Martin Accad.

– Studiar viser at nesten ingen konfliktar i historia starta som ein religiøs konflikt. Men når ein konflikt adopterer ei religiøs grunngjeving, vert han som regel forlenga og vanskelegare å løysa, seier Martin Accad.

Han arbeider som Chief Academic Officer og Associate Professor of Islamic Studies ved Arab Baptist Theological Seminary i Beirut, Libanon. Accad forskar og foreles om islam og relasjonar mellom kristne og muslimar og er på besøk i Norge denne veka.

Han meiner religiøse leiarar må slutta å seia at valdelege konfliktar ikkje har noko med religionen deira å gjera.

– Uavhengig om religion er ei årsak til eller rettferdiggjering av ein konflikt, er det klårt at religion har noko å gjera med valden som er knytt til religiøs retorikk eller diskurs (samtale, drøfting, red.anm.). Det er uansvarleg av religiøse leiarar å stilla seg på utsida av dette, seier Accad.

Les òg: Derfor er noen kristne sinte.

Les òg: Drivkreftene i religionen.

– Det handlar om tolking

Med den ferske SN-rapporten (Sameinte nasjonar, FN på bokmål, red.anm.) «Plan Of Action For Religious Leaders And Actors To Prevent Incitement To Violence That Could Lead To Atrocity Crimes» som bakteppe arrangerte Stefanusalliansen og Skaperkraft eit frukostseminar tysdag. Her samtalte Martin Accad med generalsekretær i Stefanusalliansen Ed Brown og Sheikh Mahmoud Jalloul frå Tauheed-moskeen i Oslo om rolla til religiøse leiarar i kampen mot valdeleg ekstremisme.

Accad meiner at religiøse leiarar frå ulike religionar må samarbeida for å nedkjempa ekstremismen.

– Dette krev ei felles forståing av fenomenet religiøs vald. Man må sjå at det alltid handlar om tolking og ikkje om kjernen i religionen. Då innser du at du må gå i partnarskap for å kjempa mot eit verdssyn som definerer oss og dei som motsetnader, seier Accad til Kristeleg Pressekontor.

Den kristne islam-forskaren medgjev at det ikkje alltid er lett å samarbeida med dei som vert sett på som dei religiøse «andre».

– Du får motstand frå ditt eige fellesskap fordi dei vurderer det som om du samarbeider med fienden. Religion er i sin natur ekskluderande og innovervendt. Å erkjenna at du treng hjelp og må samarbeida med andre for å skapa eit sømeleg samfunn, kan vera vanskeleg for mange religiøse.

– Stadfestar ekstremistane

Accad meiner både kristne, muslimar og andre religiøse leiarar må vera medvite ansvaret sitt, tilby alternative tolkingar og leita etter årsaker som har ført til ideologien bak valden til ekstremistar. Å berre fordømma dei er ifølgje han ikkje nok.

– Fordømming er viktig for dei som er rundt, men mot dei som utøver valden, har den inga nytte. Dei militante gruppene vil berre få stadfesting på at dei er usamde med mainstreamen, seier Accad og viser til terrorgruppa IS som eit døme.

Baptist-teologen meiner at kristne leiarar som hevdar at grupper som IS avslørar «det sanne andletet til islam», bidreg til det same.

– Dei stadfestar synet til ekstremistane på seg sjølv som «dei rette muslimane», og stadfestar korrektheita av deira tolking av islam.

Teologisk dialog

Gjennom å stadig krevja at religiøse leiarar skal ta avstand frå og fordømma terroristane meiner Accad at leiarane samstundes vert hindra i å gjera den eigenlege jobben sin.

– Om det finst nokon positiv følgje av IS, må det vera at det har tvinga mainstream-muslimske lærde til å revidera enkelte koran-vers og finna alternative tolkingar. Leiarane må gjevast rom for å jobba med dette og ikkje måtte bruka tid på å fordømma ekstremistane heile tida, seier Accad.

Det han aller helst vil sjå, er at religiøse leiarar frå ulike religionar og trusretningar kjem saman i lukka forum over lengre tid og har dialog om teologiske skilnader og tolkingar.

– I offentlege settingar vert ein ofte defensiv og vil vinna debatten, men privat kan ein delta respektfullt i utveksling av idear som er fruktbare for alle partar.

Likar ikkje minoritetsomgrep

Som kristen arabar likar ikkje Accad å stemplast som minoritet, korkje av muslimar eller vestlege kristne.

– Eg er ein del av ein numerisk minoritet, men er òg del av den moralske majoriteten. Denne majoriteten består av truande menneske som ser trua si som ei kjelde til kjærleik, toleranse og fred og ikkje-truande som har dei same verdiane, seier Accad.

Han meiner at å bli fortald at ein er ein forfølgd minoritet som må vernast, ofte kan føra til at ein kjenner på at ein ikkje har ein plass i samfunnet, noko som igjen fører til vonlause og emigrasjon.

– Desse stempla er nedlatande og farlege fordi ein tileignar seg dei og byrjar å leva etter dei. 

Martin Accad trur at gjennom å koma saman og drøyma om eit betre samfunn, og sjå seg sjølv som ein moralsk majoritet, kan ein i staden marginalisere dei religiøse fanatikarane. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.