SUNNMØRE: Folk frå heile Sunnmøre i tillegg til Sogn og Fjordane og Hordaland kom til Herøy Frikyrkje, for å vere med på det niande Hauge-seminaret i rekka. Frontbilde f.v.: Per Sævik, Linda Helen Haukland, Alv Magnus og Per-Arne Lillebø. Arrangørane lovar at ekstra satsing på seminaret til 10-årsjubileet neste år. Bildet over: Linda Helen Haukland. Begge foto: Torill Myren

‘- Den som trur, set spor

Hans Nielsen Hauge snudde opp ned på Norge. Kva kan det lære oss i dag?

Historikar Karsten Alnæs har sagt at det er to personar som verkeleg har endra Norgeshistoria; det er Olav den Heilage og Hans Nielsen Hauge.

Per Sævik, Per-Arne Lillebø, Roger Kvalsvik og Olaus Jon Kopperstad inviterte sist helg til det niande seminaret i rekkja om samfunnsreformatoren Hauge.  

– Vi ønskjer å vise kva Hans Nielsen Hauge betydde for Norge og lære av hans verk og innsats både når det gjeld samfunnsbygging og bygging av åndelege fellesskap, seier arrangørane.

Linda Helen Haukland, førstelektor ved Nord Universitet og historikar, var med på Hauge-seminar i Herøy som foredragshaldar for andre gong. Ho fortel ho er med fordi Hauge spelar ei så viktig rolle i Norge si historie at det er viktig å gjere folk kjent med han og rekkevidda av det han gjorde.

Viktig for demokratisk utvikling

I overgangen mellom 1700-talet og 1800-talet gjorde haugianismen at evna til å lese og skrive spreidde seg som eld i tørt gras. Nordmenn flest lærte å lese og skrive gjennom det som starta som ei religiøs rørsle.

– Dei vart kalla «lesarar» fordi dei samlast om Bibelen og møttest for å lese.

I tillegg skreiv dei brev til haugianarar andre stader i landet. Slik bygde dei nettverk og vart kjende med og for heile landet.

– Dette var ein viktig premiss for den demokratiske utviklinga i landet vårt.

La grunnlaget for likeverd

Haugianarane vart leseføre og skriveføre, bygde kunnskap og nettverk på grasrotnivå – og bygde dermed opp bøndene som demokratiske borgarar. Dei braut opp kunnskapshegemoniet og maktmonopolet til eliten. Det spegla seg i at det var fleire haugianarar både på Eidsvoll våren 1814 og i det første Stortinget. På Stortinget i 1883 var fleirtalet haugianarar. Og haugianarane sitt livs- og menneskesyn påverka samfunnsutviklinga.

– Haugianarane hadde eit viktig premiss om likeverd på tvers av kjønn, alder, sosial tilhøyrigheit og helse. Det var bruk for folk uansett. Alle var like mykje verd. Slik bidrog dei til at vi vart eit land av likemenn i mykje større grad enn mange andre land.

Motstand og forfølging

Men sigrane til Hauge og haugianismen kosta. Dei møtte motstand, forfølging og til dels tortur. Hauge sjølv vart fengsla 11 gongar. Han vart nedbroten og alvorleg sjuk.

Sosiolog og mangeårige leiar av Ungdom i oppdrag, Alv Magnus, fortalde om Hauge sine mange og til dels lange opphald i fengsel, og han såg føre seg korleis Hauge trass i fysiske plager ikkje gav opp verken håpet eller trua. Det var noko av det som gjorde sterkast inntrykk på Inge Kolås frå Ørsta, ein av dei rundt 250 deltakarane på seminaret.

– Eg har vore med på Hauge-seminar fleire gongar før og opplever det som givande og interessant. Denne gongen var forteljinga frå cella til Hauge – korleis han, heilt nedbroten, likevel ikkje gav opp, ikkje vart bitter – noko av det som rørte meg mest.

Radikal

Både Linda Helen Haukland og Alv Magnus peikte på Hauge som ein som vart berørt av Gud og var villig til teneste. Slik vart han radikal i si samtid.

– Den som trur, set spor, sa Alv Magnus.

– Evangeliet har ei kraft til å endre samfunn.

Også Linda Helen Haukland utfordra dei frammøtte med kva haugianismen betyr når det gjeld å leve radikale liv. Ho framheva haugianarane som lesarar, slike som las Bibelen og vart kjent med Jesus som ein ven som gir kraft og styrke.

– Slik kunne dei gå den ekstra mila, vise kjærlegheit i praksis. Dei ikkje berre visste kva som var rett, men fekk gjort det rette. Slik fekk dei etablert ein ny kultur vi framleis ser spor av i landet vårt.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.