Sambåndet

Lørdag 19. januar 2019
RSS
SOLIDARITET: Fakkeltoga for forfølgde engasjerar mange menneske. Her er frå markeringa i Oslo i 2017. ARKIVFOTO: Markus Plementas, KPK

– Millionar av barn lid under trosforfølging

Det får store konsekvensar for barn når kristne vert forfølgt. Dette kjem i søkelyset når det blir arrangert fakkeltog for den lidande kyrkja i haust.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 29. oktober 2018.

SÅRBARE BARN: Stefanusalliansen og Åpne Dører set søkjelyset på barn og unge under fakkeltog for forfølgde i haust. FOTO: Åpne Dører

Ifølgje organisasjonane Stefanusalliansen og Åpne Dører lever 83 prosent av folkesetnaden i verda i land der tru- og livssynsfridomen er sterkt eller særs sterkt avgrensa.

– Ein stor del av desse – mange millionar – er barn og unge. Dei forstår ikkje alltid kvifor dei vert utestengt, mobba og forfølgt, seier informasjonsleiar i Åpne Dører, Linda Askeland.

Ho har sjølv vore i Egypt og har sett korleis kristne minoritetsbarn vert handsama der og korleis dei får eit avgrensa tilgjenge til ressursar.

– I eit klasserom med 60 elevar vart kristne barn plassert heilt bakarst og vert mobba både av lærarar og medelever. Mange går ut av femte klasse utan å kunna lesa eller skriva, fortel Askeland.

Barn frå livssynsminoriteter rundt om i verda risikerer òg at foreldre vert fengsla eller drepe for trua si, og mange av dei vert tvinga på flukt.

Auka oppslutning om fakkeltog

Kvart år i november arrangerer Åpne Dører og Stefanusalliansen fakkeltog i fleire norske byar for forfølgde. Askeland fortel at oppslutninga rundt fakkeltoga aukar jamt for kvart år.

– I Bergen var det over 600 med i toget i 2017, mengda har auka for kvart år. Òg i mindre byar som Ålesund møter folk opp. Det har vore meir enn 450 i fakkeltog der, seier ho.

I år er to nye byar med på å arrangera fakkeltog for forfølgde: Lakselv i nord og Arendal i sør. Til saman vert det arrangert fakkeltog 11 stadar over heile landet frå 29. oktober til 9. desember.

Fakkeltoga set særleg søkelys på kristne, som er den største gruppa av livssynsminoriteter som vert forfølgt, men løftar òg fram menneskerettar og trusfridom generelt.

– Bibelen utfordrar oss tydeleg på å reisa oss mot all urett: for dei som vert undertrykt og halde nede. Det er absolutt bibelsk belegg for å gå i fakkeltog for alle barn og unge som vert forfølgt for trua si, seier Askeland.

Politisk påverknad

POLITISK: Stefanusalliansen og Åpne Dører ynskjer óg å påvirka politikarar gjennom fakkeltoga. Her er utanriksministar Ine Marie Eriksen Søreide saman med Kjell Ingolf Ropstad og Knut Arild Hareide under fjorårets fakkeltog i Oslo. ARKIVFOTO: Markus Plementas, KPK

Kvart år i samband med fakkeltoget i Oslo vert det levert eit opprop til sentrale politikarar i Utanriksdepartementet. Åpne Dører trur engasjementet påverkar.

– Vi trur jo at det har ein påverknad. I fjor vart det til dømes løyvd fleire millionar meir til arbeid for trusfridom, seier Askeland.

Ho viser til då regjeringa i 2017 dobla bistanden til religiøse minoritetar frå 20 til 40 millionar kroner.

– Få grupper er meir sårbare i krig og konflikt enn religiøse minoritetar. Dei vert utsett for grove overgrep i fleire land. Lista er lang: Isils overgrep mot yazidiane i Irak, presset mot kristne minoritetar i Midtausten, angreip mot kristne og shiaer i Pakistan, uttalte dåverande utanriksminister Børge Brende i ei pressemelding den gongen.

I offentlege rom

Askeland trur det gjer noko med folk å fysisk gå i fakkeltog framfor å berre sitja på eit møte.

– Det handlar om å vera til stades i det offentlege rom og gå i solidaritet med dei forfølgde barna. Å setja beina sine midt i byen og løfta ein fakkel i mørket, gjer noko med oss, seier ho.

Det er lokale komitear som arrangerer fakkeltoga i dei ulike byane.

Stefanusalliansen og Åpne Dører oppfordrar òg kyrkjelydar til å markera sundag for forfølgde på ein av gudstenestene i november.

– Vi tilbyr ressursar til markeringane inkludert opplegg for barn i sundagsskulen. Nytt av året er ein liten teiknefilm som forklarer kva forfølging er for dei minste, seier Linda Askeland. KPK

ingunn@kpk.no

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Åpne Dørers World Watch List 2019 viser både at forfølgelsen av religiøse minoriteter øker og en trend som gjør det vanskeligere å være annerledes og en minoritet.

Når Ap og SV nå kritiserer at det kommer forbud mot selvbestemt tvillingabort, gjør de det vel vitende om at det i deres egen regjeringstid ikke var lov med «fosterreduksjon» verken før eller etter 12. uke.

ImF Sunnmøre har nå overtatt som eier av jernvare- og fargehandelen Johan R Sunde og har ansatt Even Dybvik til å lede driften av butikken.

Onsdag lanserer Åpne Dører World Watch 2019 som viser en økning på 30 millioner mennesker det siste året som forfølges på grunn av sin kristne tro.

OPPDATERT Styret i Bergens Indremisjon møtes i neste uke for å diskutere veien videre etter at Arne Pareli Pedersen har sagt opp stillingen sin som forsamlingsleder 2.

Copyright © Sambåndet 2019