FRIKJEND: Etter 8 år i fengsel er kristne Asia Bibi frikjend for blasfemiskuldingane og vert sett fri. Foto: Åpne Dører

Asia Bibi frikjend, skal ut av Pakistan

Fembarnsmora Asia Bibi, som var dømd for blasfemi i Pakistan, har fått dødsdomen oppheva, og planar er lagt for eit trygt liv utanfor heimlandet.

Samstundes som frigjevinga skaper glede, er det stor uro for valdelege reaksjonar mot kristne og andre religiøse minoritetar i Pakistan. Det er alt demonstrasjonar i fleire byar i landet.

Frikjend

Pakistansk høgsterett starta handsaminga av Bibi si ankesak i byrjinga av oktober. Over tre veker seinare er det klart at ho er sett fri.

Den norske organisasjonen Stefanusalliansen melder at pakistansk høgsterett frikjende Asia Bibi onsdag morgon pakistansk tid. Dei byggjer på det den pakistanske avisa dawn.com skriv, men også andre kjelder organisasjonen har i landet. Med dette er anken frå 2015 over dødsdomen mot Asia Bibi, godteken.

Asia Bibi har allereie snakka med pressa om det som har skjedd. Ifylgje telegrambyrået AFP er ho svært glad for resultatet.

– Eg kan ikkje tru det eg høyrer. Kan eg sleppe ut no? Vil dei verkeleg sleppe meg ut? Eg veit ikkje kva eg skal seie. Eg er berre så glad.

Skjerpa tryggleik

Opphevinga av domane i lågare rettsinstansar gjer at Bibi no slepp ut etter åtte år under vanskelege tilhøve i fengsel. Desse åra har mellom anna gått sterkt ut over helsa hennar.

Paradoksalt nok er situasjonen likevel at ho er meir utrygg utanfor fengselsmurane, for i det pakistanske samfunnet er det mange som er ute etter å ta saka i eigne hender og som vil drepe både henne og familien hennar.

Bibi-saka er inga småsak i det pakistanske samfunnet. Då det vart kjent tysdag kveld at høgsterett ville kome med si avgjerd onsdag, vart det sett inn strenge tryggingstiltak i hovudstaden Islamabad. Tryggleiken kring sentrale institusjonar, mellom dei høgsterettsbygninga, vart sterkt skjerpa.

Stefanusalliansen melder at det ekstreme islamske partiet Tehreek-i-Labbaik Pakistan 13. oktober kom med trugsmål om å paralysere landet dersom Asia Bibi var frikjend. Dei har óg truga dommarane i saka på livet.

På grunn av situasjonen i landet har Asia Bibis familie vore ute av Pakistan ei god stund. Det er grunn til å tru at mannen hennar, dei fem borna og mora endeleg får treffe kvarandre ein stad utanfor Pakistan om kort tid. Det blir no jobba med å få henne ut av landet.

Sjå video frå Christians in Pakistan

– Sanninga sigra

Asia Bibi vart skulda for blasfemi etter ein diskusjon med nokre muslimske kvinner om eit glas vatn ved ein vasspost. Etter å ha blitt klaga for blasfemi vart ho i 2010 dømd til døden.

At ho no, etter ein svært lang prosess, endeleg er fri, kan ho nesten ikkje tru sjølv, og mellom dei mange som har kjempa for henne på ulike måtar, er det stor glede.

– Dette er godt nytt. Sanninga har sigra. Bøner er blitt høyrde, og eit mirakel har funne stad. Vi takkar Gud. Rettferda sigra, seier ein glad Sajid Christopher Paul som leier organisasjonen Human Friends Organization (HFO), Stefanusalliansen sin partnarorganisasjon i Pakistan.

Sajid seier seg uroleg for tryggleiken for pakistanske kristne. Ekstreme islamistiske parti har kravd at Asia Bibi må bli hengd og også truga støttespelarane hennar og dommarane i saka.

– Det trengst mykje forbønn for Asia Bibi og for tryggleiken kring dei kristne i Pakistan, seier Paul.

Også generalsekretær Ed Brown i Stefanusalliansen seier seg uroleg.

– Eg er glad for dommen og for at Asia Bibi no er sett fri. Samstundes er eg uroa over kva som kan skje i etterkant. Vi ser allereie at det er demonstrasjonar, og det er frykt for at dei skal utvikle seg slik at det blir retta vald mot kristne. Styresmaktene har også sendt ut meldingar om at religiøse minoritetar må bli beskytta, og kyrkjeleiarar er blitt oppmoda om å be sine tilhengjarar om å halde seg heime desse dagane, seier Brown til KPK. KPK

stein@kpk.no

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.