Sambåndet

Torsdag 15. november 2018
RSS
AVTALE: Deltakarane på Sendt 2014 forplikta seg på å planta 400 nye forsamlingar innan 2025. ImF tok ansvar for 20 av desse. FOTO: ImF Media arkiv

Fond for fleire fellesskap

ImF sentralt vil gi økonomisk støtte til folk som vil starta nye indremisjonsforsamlinger og -fellesskap. ImF-styret oppmodar kretsar og lokalforeingingar til å gjera det same.

Av Petter Olsen . Publisert 31. oktober 2018.

Konkret skal dette skje ved at ImF-styret i møte 21.–23. september starta prosessen med å gjera Evangeliseringsfondet om til eit plantingsfond.

 – Samanlikna med kor mykje til dømes Salt og Hillsong – begge med røter i pinserørsla – satsar på å planta forsamlingar, må me tenkja radikalt nytt, seier generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet (ImF) til Sambåndet.

20 fellesskap.

Sendt-konferansen i 2014 forplikta 15 organisasjonar og kyrkjesamfunn seg til saman å starta 400 nye kristne fellesskap innan 2025. ImF-samanhengen tok på seg å planta 20 av desse. Sendt Norge er organisert som ei foreining og er ei vidareføring av det som tidlegare vart kalla Dawn. Sendt skal bidra til forsamlingsplanting, og ImF er ein del av dette nettverket.

– Under årsmøtet til Sendt Norge 1. juni kom det ei klar utfordring til medlemsorganisasjonane om at ein i løpet av 2018 bør etablera eit plantingsfond for å få fart på plantinga av nye forsamlingar i Norge, opplyser Furnes.

Furnes meiner det òg må vurderast å kunne bruka pengar frå eit slikt fond til å gi økonomisk støtte til personar og grupper innan ImF som vil ta opplæring i plantingsarbeid (M4).

Tre millionar.

Det er pinserørsla og Misjonskyrkja (tidl. Misjonsforbundet) som har lukkast best med planting, og i begge desse samanhengane er det etablert plantingsfond.

– Salt gjev like mykje stønad som dei lokale plantarane er villig til å satsa sjølv, og så vert stønaden trappa gradvis ned over ein periode på tre år, utdjupar Furnes.

Evangeliseringsfondet i ImF utgjer tre millionar kroner. Slik fondet har fungert, kan ein søkja om stønad frå den avkastninga som fondet gir. For 2017 vil det seina knappe 30.000 kroner, og 13.200 kroner var fordelt til dei aktuelle prosjekta.

– Skal me få effekt av eit plantingsfond, monnar det lite berre å kunne bruke avkastinga, seier Furnes.

ImF-styret var samd med generalsekretæren. I vedtaket frå styremøtet heiter det mellom anna at «Styret ønskjer å bidra meir for at det skal plantast fleire nye forsamlingar og felleskap i Norge (…), og vi er villige til å ta av sjølve fondet for å få fortgang i plantingsarbeidet».

Oppmoding.

Erfaringa frå eksisterande plantefond er at fondet får tilbake det som er gitt, når forsamlinga er etablert, og dermed minkar ikkje fondet over tid. Erik Furnes peikar på at andre delar av ImF-familien – einskilde krinsar, lokalforeiningar og forsamlingar – har større reservar enn sentraleininga på Straume.

– Med vår organisasjonsstruktur kan me ikkje gjera anna enn å gå føre med eit godt eksempel, seier Furnes. 

ImF-styret fylgjer opp dette i vedtaket ved å utfordra «ressurssterke einingar» i ImF til å gjera det same som ImF sentralt no har starta på.

Neste skritt, slik ImF-styret òg har gjort vedtak om, er å laga retningsliner for det nye fondet. Framlegg til slike vil styret handsama i slutten av november. 

Sambåndet kjem tilbake med meir stoff om dette i nr. 11/18.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Daglig leder Andreas Evensen i ImF-Ung ønsker å overlate deler av administrasjonsarbeidet i jobben til en ny medarbeider.

KOMMENTAR Enhver tanke om at det å utlegge Bibelen ved å vise til bilder i teksten, ikke representerer livsnær forkynnelse, bør tas til fange. Om ikke før så i alle fall etter Lederkonferansen 2018.

Divisi og Helge Harila inviterte misjonsfolket til konserten «Kveldssang» fredag kveld under Lederkonferansen i Straume Forum. Her skulle de presentere et knippe nye salmer.

Igjen fikk vi oppleve det på samme måte som folket på pinsedagen måtte erkjenne etter å ha lyttet til Peters tale: «(…) da de hørte dette, stakk det dem i hjertet».

En rolig og spent Kenneth Foss er klar til å ta imot et halvt tusen mennesker på ImFs Lederkonferanse 2018.

Copyright © Sambåndet 2018