KRINSSTYRET: Ole-Jørgen Storsæter, til venstre, vart takka av på årsmøtet til Nordhordland Indremisjon i sommar etter tre periodar i krinsstyret. FOTO: PETTER OLSEN

Nordhordland får fast krinsleiar

UTVIDA MED INTERVJU Etter seks år med mellombelse løysingar er det no klart at Ole-Jørgen Storsæter blir ny krinsleiar i Nordhordland Indremisjon.

Storsæter startar i stillinga 1. januar neste år. Han er 28 år, er gift og har tre barn og er i dag tilsett som tømrar hos Byggmester Lars Svendsen AS i øykommunen Fedje i Nordhordland, der han òg bur saman med familien. 

Sidan Glenn Nord-Varhaug slutta som krinsleiar i Nordhordland Indremisjon frå og med 1. januar 2014, har fleire vore konstituert i stillinga. Den siste tida har Odd Sverre Hove og Ove Fotland delt på ansvaret.

Ole-Jørgen Storsæter er godt kjent med arbeidet i krinsen etter å ha site tre periodar i krinsstyret. Han gjekk ut av styret på årsmøtet i juni år.

Innhaldsrik stilling

-Veldig spanande og utfordrande. Denne stillinga inneheld så mange ulike ting, er den første kommentaren frå Ole-Jørgen Storsæter når sambåndet.no får han på tråden.

Dermed er 28-åringen midt inne i det som har vore nemnd som eit mogleg problem med nettopp stillinga som krinsleiar – at den har eit innhald som kan vera vanskeleg å foreina i ein person, til dømes det å både vera aministrator og andeleg leiar og forkynnar.

-At ein person kan gjera alt dette til hundre i stil, er urealistisk. Eg lyt knyta til meg folk eg kan støtta seg til, både i staben og mellom frivillige, seier Storsæter og held fram:

-Det blir ein læringsprosess der eg får kvila i at eg er betre på noko enn på noko anna.

Styremedlem

Ole-Jørgen Storsæter har site i krinsstyret i heile den perioden Nordhordland Indremisjon har jakta ny krinsleiar etter Glenn Nord-Varhaug.

-Tanken har nok slått meg i desse åra at dette kunne vera noko for meg, men eg har likevel vore roleg for at eg ikkje har vore inne i biletet. Jeg har hatt rolla som styremedlem, seier Storsæter.

Han stadfestar at han vart kontakta av Human på ettersommaren i år. Før det hadde han fått nokre uformelle førespurnadar, men ikkje frå offisielt hald.

-Det er vel eigentleg først no både eg og familien verkeleg har tenkt over det og tatt det seriøst, seier Storsæter.

Han vedgår at det ligg «mykje bøn og tenking» bak avgjerda, og samtalar med folk han har tillit til.

-Det måtte modnast fram, og eg trur ikkje eg kan peika på ein enkelt ting som vart avgjerande for at eg takka ja til tilbodet, seier Storsæter.

Pendlar

Familien på fem, der borna er seks, fire og eitt år gamle, bur i dag på Fedje, om lag fire mil og ei ferje frå krinskontoret på Frekhaug, ei reisetid på mellom ein og halvannan time kvar veg.

-Me blir buande her, og eg satsar på at me finn ein god rytme, seier Storsæter.

Den påtroppande krinsleiaren ser mange spanande ting å ta tak i.

-Utfordringange står i kø, som økonomi, Raknestunet, og det at heile bedehusstrukturen er i endring. Det er ei utvikling på bedehuset i retning forsamlingar, samstundes som ein framleis har foreiningsstrukturen mange stader, konstaterer Storsæter.

Krinsen si rolle

Trenden med fleire forsamlingar helsar han velkomen.

-Det er heilt naturleg når ein ser på utviklinga i Den norske kyrkja. Men så må me heller ikkje gløyma at ikke alle stader har dei same ressursane. Det store fleirtalet av bedehusflokkar i krinsen har til dømes ikkje økonomi til å tilsetja ein forsamlingsleiar, påpeikar Storsæter.

Storsæter er trygg på at krinsen framleis har ei rolle i bedehusland.

-Sjølv om ein har forsamlingar som driv seg sjølv, er dei ikkje seg sjølv nok. Det er viktig med ein overbygning der ein kan ha fellesskap med fleire. Men for krinsen er det ein ny måte å jobba på, seier Storsæter.

Endring

Ole-Jørgen Storsæter har fagbrev som tømrar og har i tillegg tatt nokre høgskulefag. Som T2-student ved Bildøy Bibelskole var han eittåring i krinsen han no skal leia. Han har òg vore fritidsforkynnar i krinsen og sivilarbeidar i Laget.

-Eg kjenner krinsen ganske godt og har vore på mange av bedehusa. Likevel vil det vera mange nye å bli kjende med, seier Storsæter.

Den 28-årige trebarnsfaren er klar over at livet vil endra seg frå januar av. No er han åtte timar på jobb og syklar heim kvar ettermiddag.

-Kvardagen blir ein heilt annan og med ein annan rytme, konstaterer Ole-Jørgen Storsæter – på troppande krinsleiar i Nordhordland Indremisjon.   

Eit kuriøst poeng er at Storsæter blir den tredje nye krinsleiaren på kort tid med førenamn Ole. Frå før er Ole Andreas Wastvedt og Ole Christian Martinsen tilsett som krinsleiar i høvesvis ImF Midthordland og Nordmøre og Romsdal Indremisjon. 

Glad

Konstituert krinsleiar Ove Fotland i Nordhordland Indremisjon stadfestar at rekrutteringsbyrået Human har vore involvert i tilsetjinga. Dei har mellom anna kontakta personar etter tips frå krinsleiinga. 

– Dette har vore ein prosess der ting har modnast fram over tid. Eg er glad for at Ole-Jørgen Storsæter no har takka ja til tilbodet om fast og full stilling som krinsleiar, seier Fotland til sambåndet.no. 

Stillinga som krinsleiar vil vera ein kombinasjon av administrative oppgåver og det å vera ute blant folk som forkynnar. 

– Det var god stemning på krinskontoret på Frekhaug då tilsetjinga vart kjend, seier Ove Fotland.

Fotland seier at Odd Sverre Hove og han sjølv står i stillinga ut året, og at dei òg kjem til å ta eit ansvar for nyttårsmøtet 5. og 6. januar, i samråd med den nye krinsleiaren. 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.