Sambåndet

Onsdag 12. desember 2018
RSS
– VIKTIG SIGNAL: Generalsekretær i Laget, Karl-Johan Kjøde, meiner brevet fra KD og LNU sender eit viktig politisk signal og vonar det skal hjelpa dei i saker der rektor nektar elevar å driva skulelag på skulen. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Vonar fleire rektorar vil tillata skulelag

Laget vonar eit nytt brev frå Kunnskapsdepartementet og LNU vil gjera det enklare for rektorar å seia ja til skulelag på skulen.

Av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor . Publisert 1. desember 2018.

Kunnskapsdepartementet (KD) og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) har signert eit brev til alle kommunane og fylkeskommunane i landet der dei vert oppfordra til å låna og leiga ut rom til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, både i og utanfor skuletida.

– Politiske signal er viktig. Dette er ei tydeleg oppfordring frå Kunnskapsdepartementet som skuleleiarane må ta inn over seg, seier generalsekretær i Laget, Karl-Johan Kjøde, til Kristeleg Pressekontor.

Ei høyring i Stortinget i mai i år viste at barne- og ungdomsorganisasjonar møter ulike utfordringar når dei ynskjer å bruka lokalane til skulen, blant anna økonomi, tidspunkt og føremålet til organisasjonane. Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (Laget) er ein av dei som har møtt stengte dører.

– Når vi har saker med rektornekt, der vi føler det er urimelege grunner til å nekta skolelag, har vi no eit ferskt, politisk vedtak å slå i bordet med, seier Kjøde som fortel at Laget for tida har fire pågåande saker der rektor har nekta ungdom å ha skulelag på skulen.

– Men vi opplever òg nokon stadar at rektor snur og tillèt skolelag likevel.

Vil leggja til rette for frivilligheit

Etter eit forslag frå KrF bad Stortinget i juni regjeringa gå i dialog med KS og LNU med sikte på å sikra barne- og ungdomsorganisasjonar tilgjenge til skular og andre offentlege bygningar lokalt.

– Regjeringa vil leggja til rette for frivilligheit. I Jeløya-plattforma understrekar vi at barn og unge skal ha høve til å skapa sin eigen frivilligheit og til å organisera sin eigen kultur, og eg håpar at denne oppfordringa til kommunar og fylkeskommunar vil bidra til det, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Etter god dialog mellom KD, LNU og KS vert brevet sendt no til kommunane i alle landet og fylkeskommunar.

– Frivilligheita skapar store verdiar i kommunar over heile landet. Frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er viktige møteplassar. Dei skapar arenaer der barn og ungdom kan oppleva meistring og både røyna og sjølv utøva demokrati. Vi er difor glade for at vi har fått med oss regjeringa på dette samarbeidet, seier styreleiar i LNU Rode Margrete Hegstad i pressemeldinga.

– Vi oppfordrar til å gjera det enklare for barne- og ungdomsorganisasjonane å finna fram til kva for lokale som er tilgjengeleg og å laga brukarvennlege reservasjonsløysingar, seier Sanner.

Nemner ikkje religiøs aktivitet

Kjøde fortel at dei no vil prøva å sjå om brevet frå KD og LNU kan ha ein effekt der dei opplever at elevar ikkje får lov til å driva skolelag på skulen.

– Her i Oslo har vi til dømes ei sak som vi saman med LNU har anka til Kunnskapsdepartementet og vidare til fylkesmannen. Grunngjevinga frå rektor er at ingen religiøs aktivitet tillatast. Rektor meiner at religiøs aktivitet på skulen fører til auka konfliktnivå. Som ei generell grunngjeving formidlar dette eit veldig negativt syn på religiøs tilhøyrsle, seier han.

Brevet som vert sendt ut, nemner ikkje religiøse aktivitetar spesifikt, men påpekar at praksis må vera ikkje-diskriminerande og at forskjellshandsaming må vera på sakleg grunnlag.

– Sidan bakgrunnen for representantforslaget var våre opplevde rektornekt, kunne eg ha ynskt meg at det stod noko meir konkret om diskriminering av religiøs aktivitet. På den andre sida har den religiøse elevfrivilligheita vore ein så stor del av elevfrivilligheita generelt at når det vert omtalt under eitt, gir det òg den religiøse elevfrivilligheita legitimitet, seier Kjøde.

Forvirring over retningslinjer

HØRING: Laget, her representert ved Daniel Overskott og Tønnes Christian Due-Tønnesen, har vært en pådriver for forslaget om nasjonale retningslinjer for barne- og ungdomsorganisasjoners tilgang til bruk av skoler og stilte opp på høringen i Utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget. Foto: Ragnhild Hasselgård Morland, Laget NKSS

Laget var ein av pådrivarane for forslaget som vart fremja av stortingsrepresentantane Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Tore Storehaug og Geir Jørgen Bekkevold frå KrF i vår.

– Det å kunna møtast i friminutta og møta likesinna tyder utruleg mykje, sa feltarbeidar Tønnes Christian Due-Tønnesen i høyringa i mai.

Han viste i innlegget sitt til rapporten til Stålsett-utvalet om det livssynsopne samfunnet.

– Då synest vi det er inkonsekvent å skulla nekta religiøse utrykk på skulen. Med eit livssynsopen samfunn meiner vi at tru og livssyn skal på plass på lik linje med andre element. Når ulike livssyn vert synlege på skulen, vil dette skapa dialog, forståing og mangfald, sa Due-Tønnesen.

Òg Ny Generasjon uttalte seg i høyringa.

– Røynsla vår er at rektor og skuleleiing ofte er forvirra over kva for retningslinjer som gjeld for plassen til organisasjonar i skulen. Rektor opplever krysspress frå elevar, kollegaer og foreldre som skapar lokal spenning og usikkerheit, sa dagleg leiar i Ny Generasjon, David Haddeland. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

14 bibelskoler har gått sammen om å opprette Informasjonskontor for bibelskolene i Norge for å fremme skoleslaget for potensielle elever.

Rus, seksualitet og nettvett er tema for færre enn halvparten av kirker og organisasjoner som driver med arbeid for aldersgruppen 9 til 13 år.

Sunniva Gylver ble æret med prisen for sitt mangeårige engasjement og sin formidling av kristen tro til Norges befolkning. – Jeg håper vi alle kan la oss inspirere, sier prisvinneren.

Det er vanskeleg for etnisk norsk ungdom i dag å snakka om tru, observerer skuleleiar og generalsekretær.

Sjølv om Svein Helge B. Torsteinsbø har stått i spissen for arbeidet med å gjera Fosen bedehus om til museum, meiner han ikkje at tida for bedehusrørsla er over.

Copyright © Sambåndet 2018