ORIGINALT: Teksten på veggen bak meg har alltid vore her, seier Svein Helge B. Torsteinsbø. FOTO: PETTER OLSEN

Bedehus i hovud og hjarta

Sjølv om Svein Helge B. Torsteinsbø har stått i spissen for arbeidet med å gjera Fosen bedehus om til museum, meiner han ikkje at tida for bedehusrørsla er over.

KARMØY: – Gudsordet er levande, seier 23-åringen frå Kopervik.

På Fosen aust for Kopervik står Fosen bedehus, eller Norsk bedehusmuseum som no er namnet. Svein Helge B. Torsteinsbø stig opp på den originale talarstolen og byrjar på kortversjonen av den 114-årige historia til bedehuset.

2300 kr.

– I 1904 er det nokre som blir samde om at dei ikkje lenger vil ha bryet med å reisa inn til Avaldsnes til gudsteneste. I staden ville dei byggja bedehus, seier Torsteinsbø.

Fosen bedehus vart reist til ein samla kostnad av 2300 kroner, alt finansiert ved gåver til bygget frå folk i fire skulekrinsar. På 1960-talet tok Frelsesarmeen over bygget, og huset var ein periode ein utpost av Kopervik korps. På 1970-talet vert det gitt tilbake til bedehusverksemd og drive vidare fram til 1993. Då døyr den siste formannen i styret. Det sit då ei dame igjen – Kristine Fosen. Ho var nabo og tok vare på bygget ved hjelp av eigne ressursar fram til ho døydde i 2016.

Ville riva.

KLAR TALE: Eit pauli ord ved inngangen. FOTO: PETTER OLSEN

– Det blir bestemt at bygget skal gå over til bygdelaget, men dei søkjer om å få riva det. Rogaland fylkeskommune svarer nei, for slik som området her ser ut, har det vore sidan 1904. Difor meinte fylkeskommunen at dette er eit unikt kulturhistorisk område, fortel Torsteinsbø.

Det er då han sjølv kjem inn i bildet ved at Karmøy kommune vende seg til Vest-Karmøy yngre lokalhistoriske foreining med spørsmål om dei ville ta over bygget.

– Det valde me å svara ja til, og me gjorde bygget om til museum. Det er denne foreininga som eig gjenstandane, medan Norsk bedehusmuseum eig bygget. Sjølv om bygget skulle gå under på eit eller anna vis, er den historiske verdien til gjenstandane sikra, seier 23-åringen.

Vil skifta tak.

Siste oppussinga på huset vart gjort i 1970. Då var det sett inn nokre små vindauge øvst på veggen for at ikkje talaren lenger skulle få billys rett i ansiktet gjennom vindauga.

– Me valde å bruka om lag 200.000 kr på å skifta vindauga tilbake til dei originale, med støtte frå både fylke og kommune. Samstundes vart bygget påkosta 70.000 kr utvendig. Desse pengane stod me for sjølv gjennom inntekter frå sal av juleheftet «Jul på Karmøy». Neste prosjekt blir å skifta tak, men det blir nok ikkje før om nokre år. Då skal me få tilbake teglsteinspanner, seier Torsteinsbø.

Då Vest-Karmøy yngre lokalhistoriske foreining tok over bygget, stod det igjen ein talarstol, nokre grøne stolar, fem benker og to orgel.

– Elles har me tilført alt ein no ser i bygget. Pianoet kjem til dømes frå ein bedehusfamile i Veavågen. Skrifta på veggen – «Se der Guds lam – se det menneske» – har alltid stått her, seier Torsteinsbø.

Ståstad.

FORMAL: Inga tvil om prioriteringane. FOTO: PETTER OLSEN

Kva har så bedehusrørsla og bedehus i seg sjølv å seia for museumsentusiasten?

– For meg personleg betyr det stort sett det meste. Jeg studerer til mastergrad i bedehushistorie ved Universitetet i Stavanger og trivst ganske godt med det. På same tid er bedehuset òg plassen der eg har funne min heim, det er der eg høyrer heime, seier Torsteinsbø.

23-åringen reiser som frivillig forkynnar for Misjonsselskapet og er dermed rundt på fleire bedehus.

– Eg har funne min teologiske ståstad på bedehuset. Ofte høyrer me at bedehuskristendom er mørkemannskristendom med ein hang til å døma, men eg meiner bedehuset er noko heilt anna enn det. Det er ein stad der folk er varme. Eg har aldri møtt ein kald skulder på eit bedehus. Eg har møtt varme personlegdomar som verkeleg brenn for å forkynna Jesus.

Sentralisering.

– Men du har gjort bedehuset her til eit museum. Kva tenkjer du om bedehusrørsla framover?

– Grunnen til at me har dette bedehusmuseet, er ikkje at bedehuskulturen svinn bort. Me ser at når bedehusa oppgraderer og fornyer seg, er det mykje som blir kasta som ikkje burde ha blitt kasta. Difor oppretta me eit museum. Samstundes ser ein tendensar til at mindre bedehus vert lagde ned. Men sjølv om ein får færre bedehus, trur eg folk søkjer saman om dei større bedehusa. Det me opplever no, er berre ei sentralisering. Det er ikkje det at gudsordet går tilbake. Gudsordet er levande – i mange bygder. Men folk søkjer saman i større flokkar og eit tettare fellesskap. Dette er ikkje ei nedlegging av bedehuskulturen, seier Svein Helge B. Torsteinsbø.

Sjølve utstillinga kan du lesa meir om på sambåndet.no ved juletider. 

Sjå dokumentar på NRK nett-tv: «Jesus lever på Karmøy«

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.