UNGE SLIT: – Det er vanskeleg for unge å snakke om trua si, seier Mari Tesdal Hinze, assisterande rektor ved Rønningen folkehøgskule i Oslo. Foto: Stein Gudvangen, KPK

‘- 68-er-foreldre gjer det vanskeleg å snakke om tru

Det er vanskeleg for etnisk norsk ungdom i dag å snakka om tru, observerer skuleleiar og generalsekretær.

Mari Tesdal Hinze har vore Tensing-leiar i mange år. 33-åringen er no assisterande rektor ved Rønningen folkehøgskule i Oslo der ho dagleg snakkar med ungdom. 

 Snakkar lite om tru

  – Det er ein tendens og ein observasjon eg har gjort gjennom fleire år medan eg var tilsett i Tensing Norway og jobba med inspirasjonsteam for dei, at det er vanskeleg for unge å snakke om trua si. Nokre av problemstillingane går på korleis ein skal snakke om tru, seier Hinze og held fram:

Litt privat

– Det med tru er for mange litt privat, og det har alltid vore noko stigmatiserande å vere kristen. Somme har kjent at dei er blitt pusha eller konfrontert fordi dei er kristne. Og det er ikkje så lett å finne arenaer der ei kan dele trua si opent med andre, seier Mari Tesdal Hinze.

  Ho fortel at mange kjenner dei må argumentere overfor andre i staden for berre å fortelle om kva dei trur på.

  – Dei kan bli spurde om dei står inne for det eine og det andre bibelverset, seier ho og tek til orde for at samtaler om trua ikkje treng å vere så teoretiske eller teologiske.

  På Rønningen folkehøgskule er dei tydelege på at dei ynskjer å opne for samtaler om tru, og skuleleiinga legg ikkje skjul på kva skulen står for og kva verdisett skulen har.

  – Samstundes skal vi har stor respekt for at ikkje alle elevane våre har ei tru eller er komne dit at dei kallar seg kristne, seier ho og strekar under at skulen er oppteken av at alle skal kjenne at dei kan ta del i det som går føre seg på skulen.

  – Ser de at elevar snakkar meir ope om trua gjennom dette?

  – Det er det ikkje så lett å måle, men i årets gjeng er det mange som er meir opne enn vi har sett før, medan andre ikkje er så opptekne av trua. Men vi ser verdien i samtalene som går føre seg om dette, seier ho.

Muslimar ei gåve

Generalsekretær Øystein Magelssen i Norges KFUK-KFUM, som eig Rønningen folkehøgskule, har sett den same tendensen som Hinze, og han peiker på at ungdomar ser ut til å mangle eit språk for å uttrykke trua si.

  – Men dette er litt tosidig. Vi ser til dømes at i einskilde delar av landet, der dei har fleirkulturelle nærmiljø, har dei ein truspraksis som handlar om å vere meir tydelege om religiøse verdiar og haldningar. Der er det mindre tabulagt å snakke om trua enn det er andre stader.

  – Kjem det av eit muslimsk nærvær på desse stadene?

  – Ja, det er ikkje minst takka vere muslimske foreiningar. Muslimane er mindre forlegne når det gjeld trua si enn vi er. Sånn sett er dei ei gåve som gjer det lettare å skape større rom for at vi er heile menneske som også har åndelige behov. Eg ser i ein del byar at gudstru ikkje er så tabu lenger, seier Magelssen.

Skuldar på 68-arane

Men han ser òg at det er vanskelegare for etnisk norsk ungdom som har vakse opp i ein sekularisert kultur, å snakke om kristen tru. Her peiker Magelssen på ein foreldregenerasjon som har oppretta eit såkalla nøytralitetsideal.

  – Kan vi legge skulda på 68-arane her?

  – Ja, det kan vi godt, sjølv om ungdomar no ofte ikkje er så forlegne som mange har vore ei tid. Eg vil seie at det meir dreier seg om at dei manglar eit språk for trua. For mange er det ganske framandt å skulle snakke om kva dei trur på, meiner han.

Generalsekretæren meiner det viktigaste er å arbeide for å etablere trygge og opne fellesskap lokalt der det finst plass til heile menneske, der dei møter forkynning og kan snakke om tru og verdiar.

  – Vi må gi unge ei oppleving av dette som noko udramatisk, som noko naturleg. Det vil føre til at folk blir mindre forlegne og hjelpa på språkfattigdomen. Folk må få ei oppleving av at det ikkje krevst at dei har ei stor forståing eller er særleg fromme, seier Magelssen som også tek til orde for å drive med det han kallar «praktiske ting» som å korse seg og å tenne lys i ei kyrkje.

«Bryt lydmuren»

Det er 50 år sidan Tensing-bevegelsen vart starta i Noreg. Det kristne kortilbodet har dyrka fram mangfaldige kjende songarar og hjulpe mange til tru. Men i 2018 er det mange unge som slit med å snakke om kva dei trur på.

Bryt lydmuren er eit ferskt prosjekt frå Norges KFUK-KFUM som skal hjelpe ungdomar til eit større frimot til å snakke om gudstrua si.

  – Vi ynskjer ved bruk av filmar og tilhøyrande samtaleopplegg å gi eit nytt bidrag til kyrkja sitt arbeid for å reise opp unge menneske til å leve i tru livet igjennom og å sette ord på det, som det står i presentasjonen.

  Opplegget er meint til bruk i undervisning på leirar, i Tensing-grupper, i konfirmantundervisning og liknande og er retta mot ungdom i alderen 15 til 18 år, men både eldre og yngre ungdomar kan ha stor nytte av det, meiner dei i KFUK-KFUM. Målet er i alle fall at det skal oppstå meiningsfulle samtaler når filmane er viste.

  – Det er sterkt å sjå når unge folk står og fortel kva dei trur på. Vi har freista å fokusere på dette i trusopplæringa, men vi har ikkje alltid fått det til fordi så mange manglar eit tydeleg språk for trua si. Nokre har kanskje snakka med vener om dette, men mange gjer ikkje det eingong. Så vi må utfordre litt til å snakke om dette, til å dele i grupper og ulike fellesskap slik at opplevinga blir trygg, seier Mari Tesdal Hinze.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.