VIKTIG: Pengane som kjem inn i julegryta, er hjørnesteinen i Frelsesarmeens sosiale arbeid lokalt. FOTO: Frelsesarmeen

13000 bad om hjelp til jul

Fem prosent av alle innbyggjarar i Norge over 16 år bur i eit hushald som har vanskeleg eller svært vanskeleg for å få endane til å møtast.

Desember i år er 118. gong Frelsesarmeen set ut julegryta. For mange byr gryta på julestemning, men for andre tyder den naudsynt mat, varme klede − og vørdnad.

– Det norske folk si gåvmilde gjer meg like overvelda kvar jul, seier leiar for Frelsesarmeen i Norge, William Cochrane i ei pressemelding.

– Den posisjonen julegryta har her i Norge, og den enorme tillita og givergleda som her vert vist, er ei støtte og tillit Frelsesarmeen ikkje tek lett på, forsikrar han.

Framleis behov i Norge

Frelsesarmeen fortel at 13 000 personar bad om hjelp til jul i fjor, mange av dei med forsytaransvar for barn. Over 2000 åt i fjor julemiddag hos Frelsesarmeen.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå lever 10,3 prosent av alle barn i eit hushald med vedvarande låginntekt. Ifølgje Frelsesarmeen bur 5 prosent av Noregs folkesetnad over 16 år i eit hushald som har vanskeleg eller svært vanskeleg for å få endene til å møtast.

Pengane som vert gjeve i julegryta, går til det sosiale arbeidet til Frelsesarmeen lokalt. Gåvene kan verta til alt frå hjelp til mat og klede, omsut og pleie, eit meiningsfullt arbeid, eit rusfritt fritidstilbod til eit gudstenestefellesskap.

Pengane som kjem inn i julegryta, er hjørnesteinen i Frelsesarmeens sosiale arbeid lokalt gjennom heile året, og i 2017 samla det norske folk inn rett over 32 millionar kroner i grytene.

Òg utan kontantar

Tradisjonen tru står julegryta på gatehjørne, kjøpesenter og andre stadar Frelsesarmeen håpar å møta givarane andlet til andlet. I 2017 vart 16 000 dugnadstimar gjennomført for å betena alle dei over 200 grytene, men Frelsesarmeen førebur seg òg på det kontantlause samfunnet.

– Vi er glad for å sjå at givargleda synest i julegryta både på Vipps, Facebook-innsamling og andre betalingshøve, seier kommunikasjonssjef i Frelsesarmeen, Geir Smith-Solevåg.

I fleire år har det vore mogleg å gje med SMS – og det var ein sterk auke av delen innsamla pengar digitalt via Vipps i fjor.

 – Vi er oppteke av at det skal vera ei glede å gje – og enkelt. Uansett korleis ein gjev, er det kort veg frå givar til mottakar, seier Smith-Solevåg. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.