Sambåndet

Lørdag 19. januar 2019
RSS
OPTIMIST: Generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann i Den Norske Israelsmisjon finn grunn til å smila ved inngangen til organisasjonen sitt jubileumsår i 2019 . Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Israelsmisjonen rettar blikket mot forsamlingane

Israelsmisjonen ynskjer å ha eit engasjement retta mot bedehusforsamlingane i NLM og ImF.

Av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor . Publisert 20. desember 2018.

Den norske Israelsmisjon (DNI) tek mål av seg til å vera «kanalen til kristenfolket i møte med det jødiske folk», som generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann uttrykkjer det. Dette gjeld særleg i den lutherske delen av kyrkje- og organisasjonsmangfaldet, men òg overfor andre konfesjonar.

  – Vi ser ei utvikling der kyrkjebiletet vert meir fragmentert, og det vert etablert nye forsamlingar, blant anna i organisasjonar som Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet. Dette er gode samarbeidspartnarar for oss, og der vil vi ha eit engasjement, seier Heitmann til Kristelig Pressekontor (KPK).

  – Og dette bidreg til rekruttering og inntekter til arbeidet de driv?

  – Det gjer det, men vi må òg ha noko å tilby dei. Vi er ein kompetanseorganisasjon med fagleg og teologisk kunnskap om jødedom og messianske jødar. Mange i desse samanhengane synest det vi kan by på, er spennande, seier generalsekretær Heitmann.

Optimisme

Eit underskot på 3,7 millionar kroner i 2017 førde til at kraftige grep måtte takast i Den Norske Israelsmisjon (DNI). Ved slutten av året er nedgangen snudd til oppgang og rekneskapen går i pluss ved inngangen til eit år der organisasjonen ikkje berre feirar eitt, men to jubilé.

For det første er det 175 år sidan stiftelsen av Israelsmisjonen. Den fann stad i 1844, to år etter at Det Norske Misjonsselskap vart grunnlagt. Dessutan er det 70 år sidan Israelsmisjonen etablerte eit eige arbeid i Israel, som i 1949 var ein pur ung stat. Den mest synlege markeringa av desse to hendingane vil finna stad i Israel i november 2019. I Norge vil feiringa ikkje verta så stor og omfattande.

Berga av fond

Med eit budsjett på 20 millionar enda Israelsmisjonen med eit stort underskot i 2017. Det var likevel ikkje større enn at DNI klarte å handtera det greitt. I åra forut for underskottsåret la Israelsmisjonen seg opp betydelege beløp i fond etter fleire år med store testamentariske gåver. Då kriseåret kom, berga dette i stor grad organisasjonen økonomisk.

– Fonda gjorde at vi klarte å meistra situasjonen, men vi har òg brukt opp reservane som vi har hatt over lengre tid, seier generalsekretær Rolf Gunnar Heitmann til Kristeleg Pressekontor.

Mykje av årsaka til underskotet ligg òg i at det vart budsjettert med for store inntekter frå arveoppgjer for 2017. I budsjettet for 2019 har organisasjonen teke lærdom av dette, men likevel hatt eit så godt år at dei har utvida budsjettramma til over 21 millionar kroner. Det tyder at verksemdnivået vert oppretthalde etter snuoperasjonen i år.

Auka gåveinntekter

Det viktigaste grunnlaget for ein slik satsing er at inntektene er betydeleg høgare i år enn året før.

– Vi har hatt ein vekst på i alt 12 prosent. Det svarar til omkring 2,5 millionar kroner, opplyser Heitmann til KPK.

Han kan visa til 250 nye faste givarar i år, eller medvandrarar som det no heiter i DNI. Inntektene frå misjonen sin bruktbutikk og nettsal av produkt frå Israel er derimot låge.

– Særleg nettsalet går dårleg, seier Heitmann og fortel at salet av israelske produkt no i større grad vil verta gjort av frivillige medarbeidarar rundt om i landet.

 Vervinga av faste givarar gjev ei meir regelmessig inntekt, noko organisasjonen medvite har jobba for og ser resultat av.

 – Dette gjev oss betre kontroll med økonomien, seier Heitmann.

 Bemanninga ved hovudkontoret i Oslo er òg redusert, med 1,6 årsverk. Dette har skjedd gjennom naturleg avgang og bidreg til innsparinga. Samstundes er det satsa meir på nettverks- og kompetansebygging, frivilligheit og å utrusta såkalla DNI-ambassadørar som skal jobba lokalt.

  Dessutan har Israelsmisjonen innført ein ny kategori støttepartnarar, såkalla tidsgivarar, som forpliktar seg til å gje ein viss del av si tid og ikkje berre pengar. Mange av dei er pensjonistar.

  – Dei vert òg rekna som ein del av staben vår, men får ikkje løn, seier Heitmann.

Bibelskole i Israel

Han leier ein organisasjon med ganske få lokale samskipnader og eit forholdsvis lite ungdomsarbeid. Det siste har ført til nytenking og har tatt DNI inn i eit samarbeid med Ungdom i Oppdrag og med Helgeland folkehøgskole om ein intensiv bibelskole for norsk ungdom – i Israel. Den startar offisielt neste haust og går over åtte veker.

– Vi hadde eit pilotprosjekt no i haust, og dei ungdomane som var med, fekk eit heilt nytt syn på Bibelen. Det er spesielt å møta bibelstoffet på dei stadane der hendingane i Bibelen fann stad, formidla av lærarar som har god kunnskap, seier Heitmann.

Israelsmisjonen står òg bak ei heil undervisningsuke for elevane ved Helgeland folkehøgskole kvart skuleår.

– Misjonsengasjementet går ikkje i arv, og vi må presentera utfordringane og kallet for nye generasjonar. Skal vi gjera det, må vi skapa møteplassar der vi kan nå inn. Det kan vera på arenaer der ungdom allereie samlast, som på bibelskolar, større festivalar og stemner eller i forsamlingar og bibelgrupper, seier Rolf Gunnar Heitmann. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Åpne Dørers World Watch List 2019 viser både at forfølgelsen av religiøse minoriteter øker og en trend som gjør det vanskeligere å være annerledes og en minoritet.

Når Ap og SV nå kritiserer at det kommer forbud mot selvbestemt tvillingabort, gjør de det vel vitende om at det i deres egen regjeringstid ikke var lov med «fosterreduksjon» verken før eller etter 12. uke.

ImF Sunnmøre har nå overtatt som eier av jernvare- og fargehandelen Johan R Sunde og har ansatt Even Dybvik til å lede driften av butikken.

Onsdag lanserer Åpne Dører World Watch 2019 som viser en økning på 30 millioner mennesker det siste året som forfølges på grunn av sin kristne tro.

OPPDATERT Styret i Bergens Indremisjon møtes i neste uke for å diskutere veien videre etter at Arne Pareli Pedersen har sagt opp stillingen sin som forsamlingsleder 2.

Copyright © Sambåndet 2019