SENTRUM: Antikvariat og ikoner er ein del av tilbodet til Bergen kristne bokhandel. FOTO: PETTER OLSEN

Kristen bokhandel vil ha fleire eigarar

Salt Bergen blir ny aksjonær i Bergen kristne bokhandel AS. Styret ynskjer ytterlegare fire nye eigarar.

– Å få et breiast mogleg eigarskap har heile tida vore ein del av konseptet, seier styreleiar Johannes Kleppa i Bergen kristne bokhandel AS (BKB) til Sambåndet.

Konfesjonslaus.

Salt er tilknytta pinserørsla. Kleppa seier at statuttane for bokhandelen ikkje har noko konfesjonelle krav. Av framlegg til stiftingsdokument gjekk det fram at eigarane måtte kjennast ved den Billy Graham-initierte Lausanne-pakta, men dette vart ikkje ført vidare inn i statuttane.

– Me inviterte alt av frikyrkjer til å teikna seg som aksjonærar, seier Kleppa.

Bergen kristne bokhandel AS blei stifta 31. august 2015. Aksjekapitalen er på 1.030.000 kr, og det er 36 aksjonærar. Indremisjonsforbundet (ImF) og Bergens Indremisjon er to av dei største eigarane med 9,71 prosent av aksjane, tilsvarande 100.000 kroner, kvar. Ingen enkeltaksjonær eig meir enn 9,71 prosent.

Vivo.

Vivo bokhandel AS gjekk inn med 50.000 kroner i aksjekapital frå starten, tilsvarande 4,85 prosent av totalen. Då dette selskapet gjekk konkurs i mai 2016, kjøpte Bergen bokhandel AS denne aksjeposten tilbake.

– Det er denne posten Salt Bergen har sagt at dei vil kjøpa ein femtedel av, seier Kleppa til Sambåndet.

Styreleiaren i BKB seier at Salt blei spurt òg i 2015, men at dei då takka nei. Ifølgje Kleppa var grunngjevinga då at forsamlinga som er tilslutta pinserørsla, ikkje vurderte det som si oppgåve å vera med på å driva bokhandel.

Vil stå saman.

– Me er glade for å vera med no, svarar personleg assistent for pastor Øystein Gjerme i Salt, Ruben Berge.

På spørsmål om kva som er motivasjonen svarar Berge slik:

– Salt vil stå saman med andre forsamlingar i Bergen og ynskte òg å koma førespurnaden frå Johannes Kleppa i møte. Me vil gjera vårt for at det skal vera ein berkraftig og god bokhandel i Bergen.

Av andre kyrkjesamfunn på eigarlista kan nemnast Kristent fellesskap i Bergen (15 aksjar/1,46 prosent) og Den frie evangeliske forsamling (10/0,97).  

Fire andre.

– Planen min med tanke på resten av aksjeposten til ein verdi av 50.000 kroner, er å kontakta Kristkirken, Centralkirken, Tabernaklet, Frikyrkja og Delk. Det er ikkje først og fremst for pengane sin del, men for at me kan stå saman om å driva bokhandelen, seier styreleiar Johannes Kleppa i Bergen kristne bokhandel AS.

Kristkirken i Bergen vart stifta i 1994 etter brot med Bergen frikirke. Centralkirken i Bergen høyrer til Metodistkyrkja i Norge. Pinsekirken Tabernaklet i Bergen er, som Salt, tilslutta pinserørsla i Norge. Heile namnet på Frikyrkja er Den evangelisk lutherske frikyrkja, og Delk står for Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunn.

Marknadsføring.

– Breiddt eigarskap har òg med marknadsføring å gjera – altså at bokhandelen blir kjent i fleire forsamlingar, og at desse får eit aktivt tilhøve til bokhandelen, seier Kleppa.

Styreleiaren kan fortelja at initiativtakarane òg prøvde å få Den norske kyrkja (DNK) med som eigar i 2015. Det viste seg ikkje å vera mogleg utfrå grunngjevinga at DNK ikkje hadde eit organ som kunne kjøpa aksjar.     

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.