Sambåndet

Lørdag 19. januar 2019
RSS
GOD JUL: Fengselskapellan Yury Zelentsov gjev konfekt både til tilsette og innsette i Kongsvinger fengsel før jul, her til Egidijus (30) frå Litauen som skal feira jul bak murane i år. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Den siste jula bak murane

Julaftan tenner Egidijus eit lys på cella og ber ei bøn for 2019. Om eit år skal han feira jul heime i Litauen, i fridom.

Av Stein Gudvangen, KPK¨. Publisert 22. desember 2018.

30-åringen handhelsar og smiler. På eit knøttlite besøksrom i Kongsvinger fengsel er det så vidt plass til fengselskapellan Yury Zelentsov frå Frelsesarmeen, journalisten til Kristeleg Pressekontor og Egidijus sjølv. Den gode førjulspraten er det stort rom for.

Lang veg heim

Samtalar med folk utanfrå er gull verd i ein rutineprega fengselskvardag. Egidijus ser alltid fram til Yury sitt besøk kvar veke.

Det var ikkje her Egidijus helst ville vore no. Når foreldre, sysken og storfamilien samlast i høgtida, er ikkje han til stades. To gonger i veka kan han ringa heim. Men når kyrkjeklokkene ringar inn jula over Kongsvinger, er han langt unna sine næraste i Litauen.

Òg elles har han vore langt av lei ein periode. Førebels har han sona eit par år av domen sin. Om nesten eitt år håpar han å vera ein fri mann. Då er to tredelar av straffa unnagjort.

– Korleis er det å feira jul ein stad ein ikkje ynskjer å vera?

– Det er annleis enn vanleg. Eg prøver å ikkje tenkja for djupt, seier Egidijus.

Vi anar at tårene pressar på.

Fengselslivet skildrar han som «ikkje lett».

– Men eg får støtte heimanfrå. Dei ventar på meg. Det gjev meg motivasjon, og no tel eg berre ned til eg skal ut, seier han.

I Litauen er maten annleis enn i Norge både til kvardags og i jula. Tradisjonen tilseier at det skal vera 12 ulike typar mat når det er jul. Blant dei tradisjonelle rettane er zeppeliner, ein slags potetball med svinekjøtt inni og rømmesaus med bacon som vert aust over. Det går nokre månader til før Egidijus får smaka dette, men mest av alt er det den store familiesamlinga han saknar.

Yury er viktig

Noko tyder på at han er på rett kurs no. Opphaldet bak murane har endra han. Dette er ein annan ung mann enn den Yury trefte for eit par år sidan, og for Egidijus er praten med Yury eit høgdepunkt i veka.

– Kor viktig er han for deg?

– Han er viktig. Nokon her inne har nære vener blant dei innsette som dei snakkar med. Andre snakkar med psykolog. Men det er ikkje alle du kan spørja om kva som helst. Det kan eg med Yury, så kvar veke ser eg fram til å møta han, og eg skammar meg ikkje over å spørja han om ting. Han gjev meg råd og har nesten alltid rett. Han er vis, seier Egidijus og set tydeleg nok kapellanen i forlegenheit.

– Eg ville vore ein annan utan han, held Egidijus fram.

Han seier han var hardhuda før. No er han meir sensitiv. 

– Blant anna gjennom møta med Yury, er eg vorte ein annan. Det har forandra meg. Før hadde eg eit anna temperament. Eg hadde kort lunte. No er eg mykje rolegare.

Tenner lys

Egidijus har ikkje vore fast kyrkjegjengar, men heime i Litauens austlege kyrkjetradisjon tenner dei gjerne eit lys i kyrkja og ber ei bøn når noko står på. Det har Egidijus gjort mange gonger.

– Det er eit viktig symbol på at ein løftar bønene sine til Gud, seier Yury som kjenner denne tradisjonen godt.

– Nokre gonger tenner vi lys fordi vi vil takka Gud for noko. Andre gonger vil vi seia at det er noko vi er lei oss for eller vil be Gud om, seier Egidijus som kanskje tenner eit lys på cella julaftan.

Bortsett frå fridomen i 2019, har ikkje Egidijus nokon store juleønsker.

– Eg likar betre å gje enn å få, fortel han. – Det eg har innsett medan eg har vore her, er at det gjer meg godt å gje til andre, seier han.

Frelsesmusikk

Yury Zelentsov (46) er kaptein i Frelsesarmeen og fengselskapellan, med bakgrunn frå Sibir. Seint i tenåra flytta familien til St. Petersburg. Med oppvekst i sovjettida har han røynt kva knappleik er. Han svelta aldri, men stod ofte i kø for å få kjøpa mjølk, smør eller kjøt.

Yury er musikkutdanna og spelte opphavleg trompet. Han hadde ingen kristen oppvekst, men den sterke musikkinteressa trekte han ein dag mot lyden av hornmusikk frå eit frelsesarméorkester som spelte under eit friluftsmøte i ein park. Snart var han med i den lokale forsamlinga. Der gjennomgjekk han «ein gammaldags omvending» og vart frelsesoffiser.

Etter ei tid i Finland søkte han seg med kone og to barn til England. Politiske tilhøve gjorde at han som russar ikkje fekk opphald, og no har familien vore i Norge i 11 år. Den vendinga er dei glad for. Dei trivst, norsken sit som eit skot, nyleg fekk dei permanent opphaldsløyve, og Yury håpar på dobbelt statsborgarskap. Dei er her for å verta buande.

  Denne adventsdagen er uniformslua bytta i nisselue. Over Kongsvinger fengsel ligg vinterdisen tjukk og kvit. Furuskogen er dekt av is og snø og gjev klassisk julestemning. Bak porten deler Yury ut stablar med konfekt til tilsette og innsette. Det skal verta julekos bak dei låste dørene òg.

Ser ikkje fruktene

Her er Yury to dagar i veka året igjennom. Han møter ein straum av innsette som kjem og dreg. Det er berre utanlandske statsborgarar her. Etter soning må dei ut av landet. Nokre vert han kjent med over tid, andre ser han ein kort periode utan å ana korleis det går med dei.

– Eg sår, og så veit eg ikkje alltid kva for frukter som kjem av arbeidet mitt, fortel han.

Likevel ser han på dette som djupt meiningsfullt. Iblant får han vita at innsette han kjenner godt, har hatt ei vellukka tilbakeføring til samfunnet. Denne førjulsdagen deler han ein slik historie med Egidijus som tydeleg lèt seg oppmuntra. Innsatsen for tilbakeføring er ledd i programmet Safe Way Home som Yury leiar.

– Dei som viser framgang og vilje til endring i løpet av soninga og som treng hjelp med reintegrering, kan få bistand frå oss, seier Yury.

Han kontaktar organisasjonar og menneske som kan hjelpa. Programmet er kåra til det beste og mest velfungerande i heile Europa. Han trur det kjem av at dei tek utgangspunkt i behova til kvar enkelt person.

Fotball og biblar

– Kva snakkar du med dei innsette om?

– Dei kan spørja om kva dei vil. Alle gutane veit at eg er kristen, at alle er velkomen uansett kva dei trur på, at eg er til stades for dei og ikkje har nokon agenda. Vil dei snakka om dagens fotballkamp mellom Manchester United og Leicester, gjer dei det. Vel dei å stilla eksistensielle spørsmål, snakkar vi heller om det. Ein dag leverer eg eit par skor nokon har bede om, ein annan dag ein bibel. Eg byrjar der dei ynskjer eg skal byrja, og vegen frå skor til bibel er veldig kort.

I bilen på veg opp frå Oslo har han nettopp biblar i bagasjen, ved sida av all konfekten. Denne dagen deler han ut Guds Ord på gresk, albansk og rumensk. Eller det kan like gjerne gå i ukrainsk, russisk, portugisisk, spansk eller koreansk.

– Eg har biblar på 50 språk på kontoret, seier Yury og sender ei varm takk til Bibelselskapet som gladeleg forsyner han med den viktigaste boka i verda.

Stor forandring

Fengselskapellanen trur livet i fengsel gjev høve for refleksjon for mange.

– Men Egidijus er ein av dei få eg kjenner, som verkeleg har lært noko i løpet av opphaldet her. Eg ser ei kjempeforandring. Før var han ein litt tøff gut, sjølvbevisst og røff i kantane. No er han mykje mjukare og tenkjer ofte på andre.

Yury vert forbløffa når Egidijus seier han er meir glad i å gje enn å få. Han trur mykje har å gjera med profilen til Kongsvinger fengsel.

– Her er dei verkeleg oppteken av rehabilitering og å hjelpa dei innsette til å forstå at det dei er straffa for, er vondt, og at dei ikkje treng å gjera det igjen. Dei får hjelp til å finna ut korleis dei kan leva vidare med den bagasjen dei har med seg. Eg er veldig stolt av å vera ein del av nettverket som jobbar her, seier Yury. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Åpne Dørers World Watch List 2019 viser både at forfølgelsen av religiøse minoriteter øker og en trend som gjør det vanskeligere å være annerledes og en minoritet.

Når Ap og SV nå kritiserer at det kommer forbud mot selvbestemt tvillingabort, gjør de det vel vitende om at det i deres egen regjeringstid ikke var lov med «fosterreduksjon» verken før eller etter 12. uke.

ImF Sunnmøre har nå overtatt som eier av jernvare- og fargehandelen Johan R Sunde og har ansatt Even Dybvik til å lede driften av butikken.

Onsdag lanserer Åpne Dører World Watch 2019 som viser en økning på 30 millioner mennesker det siste året som forfølges på grunn av sin kristne tro.

OPPDATERT Styret i Bergens Indremisjon møtes i neste uke for å diskutere veien videre etter at Arne Pareli Pedersen har sagt opp stillingen sin som forsamlingsleder 2.

Copyright © Sambåndet 2019