Sambåndet

Søndag 21. juli 2019
RSS
ROM MED UTSIKT: I skråninga nedanfor hovudbygget vil det liggja opptil seks hybelhus med flott utsikt. FOTO: ERIK FURNES

Ja til kjøp av skuletomt

OPPDATERT Ørskog kommunestyre har samrøystes vedteke at ImF får kjøpa tomt til ny folkehøgskule for den symbolske sum av 1 krone. Men ImF blir ikkje skogeigar i same slengen.

Av Petter Olsen. Publisert 19. mars 2019.

STYRE: Sven Wågen Sæther (t.v.) og Ragnar Bakken frå interimsstyret har tru på prosjektet. FOTO: ERIK FURNES

Kommunestyret vedtok dette 21. mars. ImF set no som mål at skulestart blir hausten 2020.

Utmark og skog

I eit notat datert 19. mars som ligg ved kommunestyresaka, peikar rådmann Synnøve Vasstrand Synnes på at det er «reist et spørsmål om utmarksteigar/skogeigedommar skal følgje med i salet». I eit brev av 1. mars til Ørskog kommune skriv generalsekretær i ImF og leiar for interimsstyret for skulen, Erik Furnes, fylgjande: «Vi har ikkje oversikt over areala på Ørskogfjellet som var ein del av overdraginga frå fylkeskommunen i 2012, men vi bed om å få vere med på ei vurdering av kva av dette som vil vera interessant som ein del av skulens eigedom».

I notatet til kommunestyret opplyser rådmannen at det aktuelle gards- og bruksnummeret er på i alt 632 dekar fordelt på ni teigar, samt eit fellesareal på 338 dekar «ved Varguaksla». Av dette er 23 dekar fulldyrka jord og 138 dekar produktiv skog. Ørskog kommune hadde skogsdrift på eigedommen i 2015 og tok då ut 1315 kubikkmeter gran til ein verdi av 367.000 kroner. 

Delvis overtaking

I innstillinga til formannskap og kommunestyre legg rådmannen opp til at ImF «får overta heile tomtearealet knytt til bygningsmassen på Lande. Rådmannen skriv vidare: «Når det gjeld utmarksteigar etc. på Ørskogfjellet, er rådmannen meir i tvil. Friluftsaktivitet etc. for folkehøgskulen vil kunne skje utan at Indremisjonsforbundet eig areal her, jfr. allemannsretten. (…) Rådmannen meiner difor det kan vera like hensiktsmessig at kommunen beheld desse. Unntak kan gjelde for selet (seterhus, red.anm.) på Nysætra, om Indremisjonsforbundet har interesse av å overta dette med tanke på sine aktivitetar». 

I notatet av 19. mars til kommunestyret utdjupar rådmannen med at dersom dei nemnde skogteigane og fellesareala skal seljast – altså heile eigedommen – «er dette ei deling av driftseining og må behandlast som delingssak etter jordlova. Då måtte Fylkesmannen ha kome inn i bildet.

Men no heiter det i vedtaket både frå formannskap (14. mars) og kommunestyre at «delar av eigedommen (…) vert fråskilt og overdratt Indremisjonsforbundet (…). Frådelinga skal omfatte tomteareal knytt til bygningsmassen på Lande. Utmarksteigar etc. (…) er ikkje omfatta av overdraginga, med unntak av sel på Nysætra som høyrer til eigedommen».  

Hausten 2020

Ørskog kommune gav ImF frist til 1. mars med å svara på om ein ville ta over eigedomen til tidlegare Ørskog vidaregåande skule for å starta folkehøgskule for hovudsakleg 16-åringar. I eit brev datert nettopp 1. mars, stadfesta generalsekretær i ImF og leiar for interimsstyret for skulen, Erik Furnes, at ImF – på nokre vilkår – vil takka ja.

– Vi vil starta hausten 2020, sannsynlegvis med 40–50 elevar, og så trappe opp dei neste åra. For å ha ei berekraftig drift er målet for skulen 100 elevar, og dette elevtalet vil liggja i den fornya søknaden som må sendast til Kunnskapsdepartementet innan 1. april, melder Furnes i brevet.

I vedtaket frå kommunestyret 21. mars set kommunen frist for oppstart av skulen til hausten 2020. «Dersom det vert godtgjort gode grunnar», kan fristen utsetjast i dialog med ImF. 

Nye hybelhus

Etter tilråding frå Folkehøgskulerådet har interimsstyret sett 40 millionar kroner som maksimal låneramme for skulen. I samråd med ingeniør- og arkitektfirmaet Moldskred AS har styret kome fram til at det då ikkje er mogleg å totalrenovera hovudbygninga, som er frå 1937.

– Gode butilhøve for elevane er aller viktigast. Vi vil bruke dei gode erfaringane som Trøndertun folkehøgskule har hatt med å byggja frittståande hybelhus, informerer Furnes om.

Det er då tale om einebustader i to etasjar med ni soverom, tre bad, to boder og felles stove. Kvar eining vil ha plass til 16 elevar. Med totalt seks slike hus kan skulen husa 96 elevar. Prisen er 2 millionar kroner inklusive moms for kvart hybelhus. Grunnarbeid kjem i tillegg.

– Truleg vil vi byggja tre einingar til første elevkull, og vi vil koma med snarleg byggjemelding innanfor noverande områdeplan, varslar Furnes.

Symbolsk sum

På prioriteringslista for hovudbygget står mellom anna skifte av tak i tilbygget frå 1987. Det er òg eit mål å få gjort noko med utearealet kring hovudbygget med tanke på ulike aktivitetar.

Når det gjeld vilkår for overtaking, gjer ImF det klart at det berre er aktuelt å betala «ein symbolsk sum». Dette var òg tilfelle då Ørskog kommune sjølv fekk ta over anlegget frå Møre og Romsdal fylkeskommune i 2012. Erik Furnes peikar i tillegg på at ein er avhengig av rask handsaming av byggesaka for hybelhusa.

Om kommunestyret gjer positivt vedtak i saka 21. mars, er neste trinn finansiering og planarbeid. Her tar ImF eit atterhald:

– Skulle vi i planperioden fram mot 1. juli støyta på uforutsette hindringar som gjer det uaktuelt å realisera prosjektet, må vi ha høve til å annulera kjøpsavtalen, strekar Erik Furnes under. 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

KVS-Lyngdal og Lyngdal Bibelcamp ser positivt på at Lyngdal får Anne-Cath Vestlys familiepark.

Nabokjerringar og -gubbar er med på å gjera det trygt å vera småbarnsfamilie på sommarstemne.

Kan ein spøke med det heilage? Meiningane om slikt er sterke, og provoserande religiøs humor kan få alvorlege følgjer. Men kva meiner folk flest?

− Ikke la bekymringene kvele troen og det mennesket du er, advarer Karen Sofie Aasmyr.

På ImFs lederkonferanse i fjor var temaet «Følg meg!. Det er også tema for Andreas Evensens bibeltimer på Lyngdal Bibelcamp.

Copyright © Sambåndet 2019