Sambåndet

Mandag 17. juni 2019
RSS
ISRAEL: Galilea og Genesaretsjøen var kjerneområde for Jesus. FOTO: ImF MEDIA ARKIV

Inga respons frå kristen-leiarar på tur til Israel

Ein komité i samarbeid med Plussreiser organiserte undervisningstur til Israel med tilsette i tre kristne organisasjonar som målgruppe. Ingen melde seg på, og turen måtte kansellerast.

Av Petter Olsen. Publisert 20. mars 2019.

GAMLEBYEN: Jerusalem - her Betesda-dammen - skulle vera ein viktig del av turen. FOTO: ImF MEDIA ARKIV

– Me er litt undrande til at det blei slik, seier Grethe Monslaup til Sambåndet.

Ho sat i komiteen for turen saman med mannen Kenneth og ekteparet Grethe og Ronny Andvik.

19. november i fjor sende komiteen e-post til «organisasjons- og kretsleiarar» i ImF, NLM og Delk (Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn) der dei informerte om formålet med turen.

Røter

– For at kristne leiarar og forkynnarar skal få høve til å tileigne seg kunnskap om dei jødiske røtene til den kristne trua har vi laga ein undervisningstur til Israel den fyrste veka i mai 2019, skriv dei mellom anna i vedlegget som fulgte e-posten.

Teolog Jan Rantrud skulle vera reiseleiar og forkynnar på turen. Rantrud har budd i Israel i ei årrekkje, snakkar hebraisk og er velkjend med dei jødiske røtene til kristendommen. Turen var lagt opp som ei vandring i seks–sju dagar rundt om i Jerusalem og Galilea.

Komiteen bad leiarane om å ta henvendinga opp i aktuelle styrer, oppmode dei tilsette om å reise, gi dei fri og sponse heile eller delar av turprisen på om lag 15.000 kroner.

Ansvar

– Utgangspunkter for oss i komiteen er at det skal vera eit arbeidsgivaransvar i kristne organisasjonar at dei tilsette kjenner dei jødiske røtene til kristendommen. Slik kunnskap vil i sin tur motverka både erstatningsteologi, liberal teologi og antisemittisme, seier Grethe Monslaup til Sambåndet.

Ho peikar på at det å til dømes vera kristen forkynnar er eit låglønsyrke, og difor vona komiteen at organisasjonane ville sponsa tilsette slik at dei fekk råd til å reisa.

Årsmøte

Men respons på e-posten har det altså vore smått med. Grethe Monslaup kan opplysa at kretsstyret i Nordhordland Indremisjon (NHI) hadde bestemt at tilsette som ville reisa, skulle få fri med løn. Monslaup sit sjølv i kretsstyret.

Det høyrer med til historia at dei same fire som sat i komiteen for turen, la fram eit forslag for årsmøtet i NHI i juni i fjor om å setja av 50.000 kroner kvart år «med det formål å sende tilsette og fritidsforkynnarar til Israel». Pengane ville dei ta frå Nybrots- og evangeliseringsfondet. Ein timelang debatt enda med vedtak, med 40 mot 17 stemmer, om å senda saka over til kretsstyret utan realitetshandsaming.

Støttar formålet

Sambåndet har snakka med fem av dei regionale leiarane i ImF som fekk e-posten: Ragnar Ringvoll (ImF Sør), Torgeir Lauvås (ImF Rogaland), Marit Hårklau Ådnanes (Indremisjonssamskipnaden IMS ), Ole Andreas Wastvedt (ImF Midthordland) og Sondre Orrestad (Sogn og Fjordane Indremisjon).

Felles for dei er at dei har problemer med å hugsa e-posten frå november i fjor. Dei viser til at det generelt kjem mykje e-post og mange tilbod om ting å vera med på. Ingen har tatt saka vidare til styret. Leiarane peikar òg på at kretsøkonomien set krav til prioritering. Alle ser likevel verdien som ligg i formålet med turen.

– Eg var sjølv på privatreise i Israel i haustferien. Akkurat dette initiativet trur eg ville vore meir aktuelt for oss om det kom frå ImF sentralt, seier Ole Andreas Wastvedt.

– Eg ser at e-posten kom i ein særs travel periode. Om eg hadde vore merksam på den, ville eg aller først ha høyrt kva dei andre leiarane i krinsane våre tenkte. Antisemittisme er ikkje eit problem eg møter i det lokale arbeidet vårt, seier Marit Hårklau Ådnanes.

Eigne turar

– Rolla til Israel i frelseshistoria og i politikken er viktig. Vi har snakka litt om ein eigen tur for våre tilsette, slik kretsen òg har gjennomført tidlegare. Då fekk dei tilsette fri med løn og betalte turen sjølv, seier Ragnar Ringvoll.

– For min del var det ikkje aktuelt med ein slik tur i mai. Kretsen har dessutan «ein fot innanfor» ein israelstur i oktober som styreleiaren vår står bak, seier Sondre Orrestad.

– Få av kollegaene mine på kretskontoret har vore i Israel, og me har snakka litt uformelt om å få til ein tur. Eg trur det ville vore lurt om dei i komiteen hadde vore meir i dialog med oss i kretsane om planane for turen, seier Torgeir Lauvås.          

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Utdanningsdirektoratet setter en stopper for ny bibelkunnskapslinje på bibelskole eid av Normisjon. Bildøy bibelskole har søkt om å få starte en tilsvarende linje.

Korleis såg eigentleg Jesus ut? Den pensjonerte læraren Jostein Andreassen meiner å vita kvar svaret kan vere å finne.

En oppfordring til misjonsfolket i Nordhordland Indremisjon om å samle inn kr 2 millioner til kretsen i løpet av juni har resultert i kr 1 million etter en drøy uke.

Kretsårsmøtet bestemte også at deler av summen for å realisere nye Raknestunet, skal hentes fra evangeliserings- og nybrottsfondet.

ImF stiller seg bak et felleskristent dokument for hvordan konvertitter bør tas imot i forsamlingene.

Copyright © Sambåndet 2019