Sambåndet

Mandag 24. juni 2019
RSS
GJENKLANG: Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad i Garness håpar songane om Jesu lidingshistorie kan gje gjenklang i livet til folk i dag og gje stemme til den lidande kyrkja og dei forfølgde kristne. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Påskekonsert gjer stemme til lidande kristne

Med konserten «Gåten om korset» ynskjer arrangørane å trekkja liner frå Jesu lidingar på krossen til dei kristne som lid i dag.

Av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor. Publisert 5. april 2019.

ØVING: Garness stiller med ein stor produksjon til påskekonsertane med både band, kor, tekstlesing og visuelle effektar på skjerm. Her øver bandet i Frelsesarmeens studio i Oslo. (f.v.) Hildegunn Garnes Reigstad, Ingelin Reigstad Norheim, Thomas Gallatin, Ruben Fredheim Oma og Christer Slaaen. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

I helga blir turneen som Stefanusalliansen arrangerer med påskekonserten Gåten om korset, avslutta. Konserten er eit prosjekt i samarbeid med forfattar Jostein Ørum og duoen Garness og inneheld 14 heilt nye påskesongar. Første konsert var i Kristiansand 28. mars, og siste sjanse er i Grimstad 7. april. 

Garness, som består av systrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad, har sett musikk til Ørum sine tekstar.

– Konserten fortel Jesu lidingshistorie, men trekkjer òg inn perspektivet med forfølgde kristne som må lida for trua si i dag, fortel Reigstad Norheim til Kristeleg Pressekontor.

– Når ein les Det nye testamente, står det mykje om det å ta del i Kristi lidingar. For oss som lever i Norge, kan det nok verka litt fjernt, men det er viktig at vi ber for dei som lid for trua si, og at vi  kjempar saman med dei, legg systera til.

Stemmene frå den lidande kyrkja

For nokre år sidan skreiv Ørum boka «De som så ham». Den handlar om 40 menneske som opplevde Jesu siste veke saman med han.

– Men eg vart ikkje heilt ferdig med historiene. Etter kvart som eg har fått møta mange menneske frå den lidande kyrkja, høyrde eg òg meir og meir stemmene deira i Jesu lidingshistorie, seier Ørum til magasinet Stefanus.

Det var Ørum som først tok kontakt med Stefanusalliansen om å laga Gåten om korset.

Tekstane i påskekonserten følgjer ulike personar som såg Jesus eller var saman med han i veka før han døydde, og konserten fortel påskeforteljinga gjennom auga deira frå palmesøndag til oppstoda første påskedag.

– Vi håpar folk kan kjenna seg igjen i eigne liv i dag, og at stemma deira kan verta stemma vår. Dette synest vi Jostein har fått veldig bra til i tekstene sine, seier Garnes Reigstad og legg til:

– Vi håpar vi kan treffa nokre kjenslestrenger i folk slik at påskehistoria kjennest relevant for dei liva vi lever i dag.

Ikkje berre dystert

Garness fortel at nokon av songane vågar å vera i det mørke rommet – utan å koma med alle svar.

– Det synest vi er litt fint. Det var jo sånn for dei kristne som opplevde første langfredag. Dei visste ikkje at det ville koma ein påskemorgon, så i desse songane lèt vi det dirra litt, seier dei.

Men duoen lovar at det ikkje berre vert dyster stemning.

– Nåden er òg sterkt til stades gjennom konserten, og det er veldig variert musikalsk. Vi har alt frå lette pop-prega låtar til innslag av arabiskinspirerte tonar. Vi har både svære låtar med masse overskot og såre, inderlege songar, fortel Garness.

– Held ut lidinga

Stefanusalliansen er ein er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særleg vekt på trusfridom som ein grunnleggjande menneskerett.

– Vi ynskjer at folk skal få sjå den spenninga som ligg i påskeforteljinga med det dramatiske at Jesus måtte lida, samstundes som det er gjennom lidinga at han sigrar, seier assisterande generalsekretær i Stefanusalliansen Hilde E. Skaar Vollebæk til KPK.

Ho fortel at mange kristne i verda lever med eit mykje høgare medvit rundt dette enn i Norge.

– Dei held ut i lidinga fordi Jesus gjorde det, og dei veit det ikkje er forgjeves. Når dei lever i ein pressa kvardag, må dei verna om vona som oppstandelsen gir, seier ho.

Turneen består av ti konsertar i ti ulike kyrkjer rundt om i landet. Garness fortel at dei verkeleg slår på stortromma denne gongen.

– Dette er den største produksjonen vi har reist rundt med som Garness. I tillegg til bandet skal vi ha med oss eit kor frå Bibelskolen i Grimstad, og det vert òg eit visuelt konsept med videografikk som vert vist på skjerm, fortel Garnes Reigstad.

Jul, påske og pinse?

Garness har tidlegare blant anna gjeve ut eit julealbum og har gjennomført mange julekonsertar.

– Det er utruleg mange tilbod før jul, så vi synest det er veldig gøy og meiningsfylt og no få løfta fram påska meir i det kunstnariske og kulturelle. Det finst jo mykje god påskemusikk, men kanskje ikkje så mykje nytt, seier dei.

Òg Skaar Vollebæk samanliknar prosjektet med dei mange julekonsertane der folk tek seg tid til å reflektera.

– Vi har lyst å bidra til at bodskapen til påska òg får slike rom til å reflektera i. Vi har òg som føremål å bidra til at impulsar frå forfølgde kristne sitt trosliv kan inspirera norske kristne, seier ho.

Dersom finansiering kjem på plass, har Garness eit ønske om å òg gje ut Gåten om korset som album.

– Då står vel berre pinsa att blant dei store kristne høgtidene? Kjem det eit pinsealbum òg?

– Ja, eg kjenner at det boblar litt etter dette prosjektet. Pinseperspektivet er jo ikkje med her då dei ikkje hadde fått Den heilage ande der vi avsluttar historia vår, seier Garnes Reigstad.

Garness fortel at dei ikkje har nokon konkrete planar om eit pinsealbum.

– Men du skal aldri seia aldri, ler dei. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Divisi skal ha en del av det musikalske ansvaret i forsamlingen Betlehem i Bergen.

Vi kan ikke være bekjent av hvordan kirken og den kristne tro framstilles i norske lærebøker, mener forfatter Bjørn Are Davidsen.

OPPDATERT Kommunestyret i Fjell vedtok torsdag å slette gjeld på 1 millioner kroner for forsamlingen ImF Straume og 3,5 millioner for kretsen ImF Midthordland.

Årsmøtet i ImF Midthordland vedtok også at 50 prosent av inntektene ved fremtidige bedehussalg, skal gå til det nye fondet.

Årsmøtet i ImF Hordaland har satt av 100 000 kroner til overvannsprosjektering på Fjell-ly.

Copyright © Sambåndet 2019