TILGJEVING: Kristne Joumana, t.v., og Jandark er klare for å byggja opp igjen samfunnet i heimbyen Qaraqosh. Dei har tru på tigjevinga si kraft. BEGGE FOTO: Åpne Dører

Kyrkja i Irak vert gjenreist

Utstyrt med von, livsmot og tilgjeving er kristne irakarar i gang med å gjenreisa den over 2000 år gamle kyrkja i Midtausten etter IS sin brutale framferd.

Stadig fleire kristne vender tilbake til Ninivesletta i Irak, melder organisasjonen Åpne Dører. I dette området, som kan kallast fødestaden for den kristne kyrkja, raserte den islamistiske terroristorganisasjonen IS kyrkjer og heimar då dei tok kontrollen og gav kristne eit ultimatum: «Konverter, dra eller døy.»

No som IS gradvis har mista kontrollen, vender dei kristne tilbake. Mange hus er gjenreiste, og fleire er under restaurering. Ein del har valt å ikkje komma tilbake, i alle fall ikkje før tilhøva med heim og infrastruktur er betre. Åpne Dører skriv på nettsidene sine at mykje arbeid står att, og at meir ressursar er nødvendig, men at det finst mykje von og livsmot.

Lét krossen henga

I byen Qaraqosh lét kvinna Jandark krossen på veggen bli hengande då ho saman med dottera Joumana søkte tilflukt i ei kyrkje i ein by i nærleiken.

– Vi var i sjokk i tre månader, eg følte ikkje noko, fortel Joumana til Åpne Dører, som har hjelpt dei med mellom anna traume- og naudhjelp.

Det tok litt over to år før det var trygt å dra heim. Då dei kom heim, så dei øydeleggingane IS hadde gjort. Heimen var rasert, og krossen var delt i fire bitar. Krossen vart etterlaten som eit symbol på at Gud er i Irak og kan ikkje bli jaga ut. No har Jandark limd krossen saman og trur Gud vil retta opp igjen folket på same måte, bit for bit.

– Kven bygde kyrkja? Jesus! Ingen kan øydelegga eller stoppa Guds forsamling, seier Jandark.

Tilgjeving ein del av gjenreisinga

Den natta IS kom, siterte Jandark Herrens bøn igjen og igjen. Då Jandark denne kvelden bad om at Guds rike måtte koma, visste ho at heile byen hennar inkludert henne sjølv, var truga av nokon som ville drepa Guds folk.

For kristne i Irak har det å følgja Jesus betydd at det å gjenreisa liv, heim og samfunn òg betyr tilgjeving – sjølv overfor dei som øydela heim og liv.

– «Elsk fiendane dine og be for dei som forfølgjer deg», siterer Jandark frå Matteus 5,44.

– Vi må leva side om side med desse menneska – og vi må elska dei. Kristen tru handlar om kjærleik, og derfor må vi møta dei som menneske og ikkje som muslimar, seier dottera Joumana.

Påskefeiring igjen

No kan dei kristne i Irak igjen feira påske i heimbyane sine. Åpne Dører høyrer òg historier om muslimar som kjem til tru på Jesus, både som følgje av IS sine fælslege handlingar og fordi kristne har våga liva sine for å dela evangeliet. Kristne har òg vorte sterkare, ifølgje erkebiskop Yohanna Petros Mouche:

– Mange har vorte skaka i trua, og eg ser at mange har komme nærare Gud. Kyrkjene blir fylte, trua deira har vorte sterkare, seier han.

Men sjølv om trusselen frå IS og andre ekstreme grupper er sterkt redusert, eksisterer den framleis.

– Vi treng meir sikkerheit, meir rettferd for folket vårt, seier Fader George i Qaraqosh og legg til:

– Og vi treng politisk støtte som kan garantera at den kristne eksistensen er verna her. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.