BYGGER BRU: – Humor finst overalt. Religion har mykje å tilføre humoren, og humoren kan lette kommunikasjonen, særleg om den er sjølvironisk, seier professor Pål Ketil Botvar.

‘- Humor med tru og livssyn er i skotet

Kan ein spøke med det heilage? Meiningane om slikt er sterke, og provoserande religiøs humor kan få alvorlege følgjer. Men kva meiner folk flest?

– Eldre er meir skeptiske til religiøs humor enn yngre. Ein kan godt spøke med religion generelt, og det er ikkje kontroversielt å spøke med kyrkjer og prestar, men det blir verre når ein gjer det med religiøse symbol, seier professor i religionssosiologi Pål Ketil Botvar.

Han er medredaktør for boka Ingen spøk – En studie av religion og humor som Cappelen Damm Akademisk har gitt ut akkurat i tide til fellesferien og som tar opp slike spørsmål.

Boka er for «alle som er opptatt av religionens rolle i humorsammenhenger, mot praktikere på mediefeltet og religionsfeltet, politikere og andre beslutningstakere, og mot studenter i samfunnsfag, religionsfag og medievitenskap.»

Karikaturstriden

At religiøs humor har alvorlege sider, kjem fram på første blad i boka. Der blir karikaturstriden i 2005 nemnd.

– Karikaturstriden har vore viktig. Vi har hatt ein kontinuerleg debatt særleg om avisteikningar sidan då, men òg om blasfemiparagrafen. Så kom angrepet på Charlie Hebdo i 2015, seier Botvar.

Han peikar på den raske reaksjonen frå norske stand up-komikarar etter angrepet på det franske vekemagasinet. Det vart til framsyninga Krenk 2015 som sette søkelys på kva som kan seiast og kva som var for drygt å vitsa om i trosfeltet.

– Charlie Hebdo skapte debatt innover i komikarmiljøet, seier Botvar.

Sjølv om religion og humor møtest ofte i samfunnet, meiner forfattarane at forskinga på feltet ikkje har halde tritt med utviklinga på området. Boka er eit forsøk på å bøta på det.

Bak prosjektet «Humor og religion – konflikt, dialog, endring» står, forutan Botvar frå Universitetet i Agder, sosiolog Ann Kristin Gresaker frå Kifo – Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforskning og professor Olav Hovdelien frå storbyuniversitetet Oslomet.

Dei har fått pengar frå dei respektive institusjonane sine og dessutan mellom andre frå Medietilsynet via Rådet for anvendt medieforskning og stiftinga Fritt Ord. Det har laga ei kvantitativ spørreundersøking om haldningane nordmenn har til religionshumor, og ei kvalitativ undersøking gjennom intervju med ni stand up-komikarar.

Blodig alvor

Tittelen på boka speglar at humor i høg grad og heilt bokstaveleg kan vere blodig alvor.

– Humor som har med religion å gjere, kan ha store samfunnsmessige konsekvensar. Somme kan bli så provoserte at dei drep, som vi såg med åtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen i Paris. Dette er noko av det verste som kan skje, seier Botvar til Kristelig Pressekontor.

Samstundes meiner han at humor kan ha mange positive konsekvensar.

– Det har skjedd ei utvikling på humorfronten. Mange er lei kvardagshumor, og fleire komikarar tar no for seg seriøse tema som tru og livssyn, seier Botvar.

Professoren viser til komikaren Terje Sporsem som har reist rundt i landet med showet Religion der han fleipar med alle dei fem store verdsreligionane.

– Denne typen humor er litt i skotet, seier Botvar og tek seg i det, sidan ordbruken òg kan oppfattast bokstaveleg.

– Bygger ned skranker

UMUSIKALSK: Professor Pål Ketil Botvar har ei fortid som karikaturteiknar i Vårt Land og har plukka fram denne streken frå ein tenkt situasjon i kyrkje-Noreg med teksten: «Det var for seint då dei oppdaga at den nye organisten kom frå Hell…»

Botvar har sjølv bakgrunn som journalist og avisteiknar i Vårt Land på 1980-talet og vart sensurert då han etter redaktørane si meining gjekk over streken med ein politisk karikatur. Han hadde òg på trykk ei teikning av den religiøse leiaren i Iran, ayatollah Khomeini, som han i dag er usikker på om han ville ha publisert. Så tanken om sjølvsensur er ikkje heilt framand.

Botvar meiner humor kan spela ei rolle i dialogen mellom folk med ulike livssyn.

– Humor bygger ned skranker og svekker fordomar, meiner han og viser til framvoksteren av fleire nye og norske muslimske humoristar, stand up-artistar som viser at ei gruppe menneske som einskilde er redde for, òg har glimt i auget.

– Humor finst overalt. Religion har mykje å tilføre humoren, og humoren kan lette kommunikasjonen, særleg om den er sjølvironisk. Noko av det vi har undersøkt, er kven som lagar humor om kven, og kven det er «lov» å vitsa med, seier han.

Botvar observerer at humor basert på eigne røynsler og eigen bakgrunn lettare fell i god jord enn humor retta mot andre.

Holocaust

– Er det stor skilnad på humor mellom religionane?

– Det er ulike tabu, og jødisk humor er den vanskelegaste, seier Botvar og peiker på det dystre bakteppet som Holocaust gir.

– Derfor er det eigentleg berre jødar som kan laga humor om jødar, meiner han og utdjupar:

– Når andre gjer det, blir det fort gale og ikkje morosamt. Men om dei gjer det sjølv, er det òg morosamare for andre, og då ser ein òg kvar grensene går.

Botvar seier ein må kjenne seg trygg for at noko skal bli morosamt. Derfor kan ein heller ikkje lage humor av alt i nær norsk historie.

– Å vitse med Holocaust er litt som å laga humor om Utøya og 22. juli. Det kan ein ikkje.

Botvar og co. registrerer at muslimar framleis vert sett på som ein minoritet i Norge. Med det er dei ei svakare gruppe, medan kristne ikkje har ein slik status grunna det langvarige hegemoniet til kristendomen, og det at staten stadig hegnar om Den norske kyrkja, trur han.

Ikkje sparka nedover

– Dei yngre er mest opptatt av å stille seg solidarisk med minoritetar. Solidaritet ligg i ryggmargen i samfunnet vårt, meiner Botvar.

Han trur det er grunnen til at så få har sans for humor som «sparkar nedover». Her nemner han komikaren Otto Jespersen som fekk mange negative reaksjonar då han vitsa med at statsminister Kjell Magne Bondevik vart psykisk sjuk. Sjølv om Bondevik sat i den fremste maktposisjonen i landet, vart han i situasjonen sett på som eit sårbart einskildmenneske.

– Folk er opptatt av ikkje å ramme små og svake grupper eller individ. Å gjere det er meir tabu enn å ramme religion i seg sjølv, trur Pål Ketil Botvar.

Professoren håpar elles fleire kan få auga opp for at det finst mykje bra humor, også på stader der ein kanskje ikkje trudde at han fanst. KPK

PS

Same dagen som Kristelig Pressekontor publiserte denne artikkelen (6. juli), skreiv mangeårig emissær i Nordhordland Indremisjon, Audun Hjellvik, fylgjande på Facebook-profilen sin:

«Veldig takknemleg for religionsfridom og le-fridom i landet vårt.»

29 trykte «liker» på denne kommentaren. Hjellvik er vel kjend for sin underfundige, lune humor, som òg kjem fram når han står på talarstolen. Gudleik Himle responderte slik i kommentarfeltet: 

«Der det er fridom, der er smitt og lått. Du å du så mykje smil og lått der er i bedehusrørsla. Fire Facebook-brukarar markerte med «liker» til denne responsen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.