INGEN FARE: Mamma Grace Synnøve Torsøe Johansen (41) og pappa Trond-Vegar Johansen (49) stortrives på Liv & Vekst sammen med Tobias (12), Henrik (7) og Ida Mathilde (10). Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Kjenner seg trygge på stemne

Nabokjerringar og -gubbar er med på å gjera det trygt å vera småbarnsfamilie på sommarstemne.

Misjonskirken Norge samler 1500 deltakarar på sitt store sommarstemne, som i år bar namnet Liv & Vekst 2019, og leiinga er budde på det verste. Torsdag 11. juli var rundt 50 foreldre samla i peisestova på Fredtun folkehøgskule i Stavern for å få informasjon frå stevneleiinga om alt det praktiske og det som handlar om tryggleik, anten barn skulle koma bort eller om det skulle brenna. Det må til når ein slepp det kjæraste ein har, laus på eit stort stemneområde.

Under Liv & Vekst i fjor var det ein leiteaksjon etter eit barn. Den endte på beste vis, ikkje minst fordi beredskapen er på eit høgt nivå.

Då alarmen gjekk, vart apparatet straks sett i sving, og på tolv minutt var den sakna jenta funne. Etterpå visste dei fleste ikkje noko om det vesle dramaet til foreldra og innsatsen frå leitemannskapa.

Leiteaksjon

Og beredskapen er ikkje berre gjennomtenkt, men også utprøvd. Misjonskirken Norge har hatt sommarsamlinga si på Fredtun sidan 2009, og det har vore hendingar meir enn eitt år.

I fjor vart alarmen utløyst av eit foreldrepar som ikkje fann att dottera si, og dei leita straks gjennom stemneområdet. På dryge ti minutt var ho funne. Ho hadde fått ei ny venninne, slik det skal fungere på Liv & Vekst, og vorte med bort i teltet hennar. Der sat dei begge og pleidde det nye vennskapet – medan pulsen steig hos dei som sakna henne.

– På dei minutta hadde vi dekt 80 prosent av området, så dette fungerer godt, seier Øyvind Haraldseid, generalsekretær i Misjonskirken. Han var sjef for stemnet før han vart øvste leiar for heile kyrkjesamfunnet, og han kjenner opplegget i detalj.

«Lille Grimstad»

Plenar og gras på Fredtun er i stor grad fylt av telt og campingvogner. Dei fleste av dei 1500 deltakarane bur på skuleområdet den korte veka stemnet varer, og her er fellesskapen på alle måtar tett.

Ekstra nært og samansveisa er det i «Lille Grimstad», bak internata. Grace Synnøve Torsøe Johansen (41) tar Kristelig Pressekontor med på ei guida omsyning, og vi helsar på stemnenaboar langs heile ruta. I «hovudgata» bur familien Johansen i leid campingvogn. Her treff vi òg mannen Trond-Vegar Johansen (49) og barna deira Henrik (7), Ida Mathilde (10) og Tobias (12).

Dei er her saman med omkring 110 andre frå Misjonskyrkja i Grimstad. Slik har dei gjort det i fleire år no. Dette har vorte ein så sterk tradisjon at Grimstad-gjengen har fått spesialavtale med stemneleiinga: Mot at dei hjelper til med organiseringa av innrykket den første stemnedagen, får dei sjølv koma nokre timar før resten så dei rekk å etablere seg på dei faste plassane sine før det store innrykket.

– Vi tingar fast plass kvart år, og slik har det vore sidan 2010. Vi byrja med ei klynge på fire einingar. No er vi ein svær gjeng på 28, medrekna nokre telt, seier Kjell Gunnar Bøe (36) som har vore med kvar gong og har oversikta.

Her, mellom rader av vogner og romslege fortelt, vert dei beste sidene av landsbylivet praktisert. Sola skin, praten med naboane går over kaffikoppar og grillmat, og ungane spring fritt omkring, syklar til stranda eller speler ball på området.

Få foreldre veit nok heilt kvar alle ungane har teke vegen, men alle vi snakkar med, seier dei kjenner seg heilt trygge. Dei stoler på stemneopplegget, men òg på miksen av dugnadsånd og nabokjerringar og -gubbar i funksjon: Ein passar ikkje berre på eigne barn, men andres òg. Om det trengst, oppdrar ein òg naboens håpefulle. Ein av dagane har dei felles taco-kveld, og manglar ein noko til grytene, låner ein av kvarandre.

Helårsfellesskap

I Grimstad er desse familiane saman i kyrkja det meste av året, men mange er ikkje nøgde berre med det. Når Liv & Vekst er over, held fleire av dei fram med campinglivet saman i Sverige.

– De må jo like kvarandre ganske godt?

– Stort sett gjer vi det, seier Grace og ler. – Vi er mange her, og det er plass både for tilbaketrekking og å vere supersosial. Ungane gjer som dei vil, og alle passar på saman.

– Det er fint å starte ferien på kristen leir, seier Trond-Vegar. – Vi bygger faktisk forsamling også i ferien, og så klekker vi ut idéar her i fluktstolen til ting vi kan gjera i kyrkja når vi kjem heim, seier han.

Mobilfri

I tasteslaveriets tid ser vi få barn bøygd over mobilen. Ungane legg igjen telefonane i vogner og telt. Tobias (12) har sete mobilfri under heile samtalen. Det er som det brukar vere.

– Nokre gonger har vi med mobilen fordi vi nyttar han i ein leik, men ikkje elles, seier han.

– Men då får de ikkje så lett gitt beskjedar? Svekker ikkje det heller tryggleikskjensla?

– Nei, alle påmelde har eit band rundt handleddet med deltakarnummer og telefonnummer til foreldre eller pårørande, forklarer Grace.

Då går det fort å finne mor og far til eit barn som har gått seg bort.

– Vi er meir opptatt av tryggleiken til barna heime enn vi er her, rapporterer mamma Grace frå «Lille Grimstad». KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.