NMS: – Dette flagget er det eldste ein veit om som har tilhøyrt NMS. Det er truleg frå 1890-talet, fortel Svein Helge B. Torsteinsbø. ALLE FOTO: PETTER OLSEN

Flaggar med bedehusutstilling

Mellom takbjelkane og kledninga på Haugesund bedehus fann Svein Helge B. Torsteinsbø ein bylt som skulle visa seg å vera særs interessant.

KARMØY: Me er på Fosen, aust for Kopervik i Karmøy kommune. Her står Fosen bedehus frå 1904, som Torsteinsbø og Vest-Karmøy yngre lokalhistoriske foreining har gjort om til bedehusmuseum. Sambåndet fortalde denne historia i novembernummeret i fjor, men kom då ikkje inn på sjølve utstillinga. 

Svein Helge B. Torsteinsbø leiar opp trappa. På veggen heng det bilder av gamle høvdingar frå bedehusland: Lars Dahle og Einar Amdahl frå NMS (Det norske misjonsselskap), Ludvig Hope frå NLM (Norsk luthersk misjonssamband) og Ole Hallesby og Johan Martin Wisløff frå Indremisjonsselskapet (nå Normisjon). 

Omreisande

I 1948 vart kinamisjonærane frå NMS forvist av kommunistregimet. Dei heimvendte misjonærane tok då til å reisa rundt i Norge med ei misjonsutstilling. Dette heldt dei på med i nesten 20 år, fram til 1966. 

– Då vart gjenstandane pakka ned i esker og trekassar og stua inn på ventilasjonsrommet på Misjonshøgskulen i Stavanger med hengelås for døra, fortel Torsteinsbø 

Ventilasjonssystemet gjekk ut på dato, og alt vart ståande fram til NMS i 2017 klipte av hengelåsen.  

fann dei desse gjenstandaene, men hadde ikkje bruk for dei sjølv, og me blei spurt om me ville koma og henta dei. Her er det gjenstandar frå om lag 1870 til 1966, seier Torsteinsbø.  

Utstillinga var innom nabokommunen Haugesund ein gong. I ein omtale i Haugesunds Avis står det at det som forskrekka folk mest, var den «utstoppa negeren» som NMS hadde med seg.  

Det var ein afrikanar som dei hadde fått lånt frå Britisk museum. Britane hadde stoppa han ut under zulukrigen i Sør-Afrika i 1879, og denne tok NMS med seg rundt. Eigentleg ei bestialsk historie, reflekterer Torsteinsbø 

Slangar 

KONSERVERT: Slange på sprit.

I eit stort glas kan han visa fram ein slange som ligg på sprit og som vart henta heim frå Sør-Afrika i 1930. Ein annen slange møtte sin død for misjonærhand då slangen tok seg inn på ein misjonsstasjon i Kamerun i 1962. 

– Ein misjonær stakk eit spyd i hovudet på slangen og tok skinnet med seg heim, kan Svein Helge B. Torsteinsbø fortelja. 

I 1930 henta ein misjonær i Tanzania heim ein gjenstand som skulle forestille Jesu tornekrone.  

– Bakgrunnen var at misjonæren såg at dei straffa folk med slike tornekroner, og dette ville han illustrera. Tornekrona hang på veggen på Sørbø bedehus på Rennesøy fram til 2017. Då skulle huset tømast, og me fekk henta ut det me ville ha, seier Torsteinsbø.  

Flagget 

er turen komen til å avsløra bylten me starta med. Det var eit flagg Torsteinsbø fann på loftet på Haugesund bedehus. 

Flagget er det eldste ein veit om som har tilhøyrt NMS. Det er truleg frå 1890-talet, og Misjonsmuseet på Vid (tidlegare Misjonshøgskulen) har det ikkje i si samling. Etter det Sambåndet forstår, gjorde førstearkivar Gustav Steensland ved Vid vitenskapelige høgskole store auge då han såg at bedehusmuseet på Fosen hadde dette flagget. 

9. april 1940 gjekk det rykte om at tyskarane ville okkupera Haugesund bedehus. Formannen låste seg inn og gøymte flagget på loftet fordi dei norske nasjonalfargane var ein del av motivet på det. Etter fem år med krig hadde formannen gløymt flagget som var gøymt. Då eg var oppe på loftet der i 2017, oppdaga eg denne bylten og begynte å dra i den. Då kom flagget til syne, fortel Torsteinsbø 

I utstillinga finn ein forresten òg eit flagg fra Den indre sjømannsmisjon som det berre er tre kjente eksemplar av.  

Frå Indonesia

Nokre figurar frå Indonesia har òg ein spanande bakgrunn. Frelsesarméoffiser Walgjerd Midteide var frå Kopervik på Karmøy. I 1916 reiste ho ut som misjonær til Java på Indonesia. Landet kom under japansk okkupasjon under andre verdskrig, og Midteide blir internert i ein japansk fangeleir. 

– Ho greier å smugla med seg ein bibel og desse figurane. Det er alt ho har att frå livet sitt på Java, fortel Torsteinsbø 

Når krigen er slutt, kjem Walgjerd Midteide heim til Norge. Misjonæren er innom Haugesund før ho skal reisa til Oslo og avleggja rapport hos Frelsesarmeen.  I Haugesund er det ein gut som får lov til å leika med desse figurane. Sidan blir dei overlatt til Frelsesarmeeen 

– Då eg i 2017 skulle på eit seminar i Oslo, fekk eg ein telefon frå Frelsesarmeen med spørsmål om eg kunne tenkja meg desse figurane, og dei enda opp her. Dagen etter skulle me ha ei gruppe på omvising her inne. Det viser seg at han som ein gong leika med figurane, er med i denne gruppa, og når han ser dei, renn tårene på han, seier Torsteinsbø. 

Konkurranse

VÅRE JENTER: Gutane på Fosen likte ikkje konkurranse frå andre sida av fjorden.

Utstillinga inneheld meir. Mykje meir. Ein prestekjole med kvit pipekrage og svart samarie som var i bruk fram til 1990-talet. Frå Norsk samemisjon ein bibel på samisk frå 1860-talet. Ei stemmeurne frå NMS frå 192030-åra. Den eldste lysbildeframvisaren som har tilhøyrt Norsk sundagsskuleforbund avdeling Stavanger. Lysbilda er glasplater fargelagt for hand. Den eldste symaskinen til Vea kvinneforeining har òg fått plass 

Kvinneforeiningane var viktige for drifta av bedehusa, forklarer Torsteinsbø 

Gjenstandar frå ei rekkje bedehus er representert. Gismarvik bedehus i Tysvær kommune er eitt av dei. Også her kan Torsteinsbø knyta til ei historie: 

– Gismarvik bedehus var «konkurrenten» til Fosen bedehus og til sjølve bygda. Det er sagt at når det var juletrefest på Fosen, kom gutane roande frå Gismarvik fordi det var så mange fine jenter på Fosen. Gutane på Fosen likte ikkje konkurransen, og det blei slagsmål midt ute på fjorden. Det står i bedehusprotokollen at bedehusstyret har ansvar for alt som foregår inne i bygget, utanfor og like til halvvegs ut på fjorden, fortel Torsteinsbø med smil om munnen.  

Karmøy

I tillegg er det gjenstandar frå svært mange bedehus på Karmøy: Nordbø bedehus, Kopervik IM, Eide bedehus, LjosheimSevland, Berøa og Betania på Langåker. Vidare frå Fosen bedehus, Dale bedehus i Skudenes, Håvik bedehus, Åkra bedehus («dei har vore flinke til å hiva på Åkra!»), Vea bedehus, bedehuset Zion på Norheim og Feøy bedehus. Elles Røvær bedehus og Haugesund IM i Haugesund, Sveio bedehus i kommunen med same namn og Skartveit bedehus i Ryfylke.  

Kvifor to bedehus i bygda Langåker? Svein Helge B. Torsteinsbø har tatt mastergrad i historie med oppgåva «Spenningar i norsk kirkeliv i perioden 1890–1940» og har denne forklaringa i kortform:Det var ein mann som heitte Angus MacKinnon som kom over frå Skottland som representant for Brødremenigheten der, Plymouthbrørne. Han var ikkje så glad i lutheranarar, og difor endte det med to bedehus på Langåker, seier Torsteinsbø – som har meir å seia om «Den hellige ø»: 

 Karmøy er bedehusøya nummer ein. Uansett kva veg ein kjem til Karmøy, møter du eit bedehus: Når du køyrer over Karmsundbrua, møter du Nordbø bedehus. Opp av tunnellen møter du Håvik bedehus. Med skudenesferja møtte du Skudenes bedehus. Det er ikkje mogleg å koma seg til Karmøy utan å møta eit bedehus, konstaterer Torsteinsbø, som sjølv er karmøybu. 

Plassproblem

At ein òg kan finna gjenstandar frå NKS (Norske kvinners sanitetsforening), Norsk Folkehjelp og IOGT har ein naturleg årsak. 

Bedehuset var ikkje berre plassen der Guds ord ble forkynt, det var òg plassen heile bygda samla seg når det skjedde store ting. Dermed var det mange organisasjonar som hadde tilknytning til bedehuset, seier museumsstyraren 

Og den som no trur at me har vore innom alt, har mykje godt i vente. For då Sambåndet var innom, stod det framleis ei rekkje 80-liters kassar som ikkje var pakka ut.  

– Vi har eit lite plassproblem, konstaterer Svein Helge B. Torsteinsbø – som likevel ønskjer seg endå fleire ting. Då særleg frå DVI/ImF, NLM og Santalmisjonen, som er dei organisasjonane det er færrast gjenstandar frå i utstillinga. 

SKINN: – Me har lett for å tenkja at slangar er ekle og slimete, men dei er faktisk ganske glatte, konstaterer Svein Helge B. Torsteinbø.    

Tidlegare publisert denne veka:

 

  

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.