Sambåndet

Søndag 20. oktober 2019
RSS
RITISERER: Lærebokforfattar Tommy Moum meiner Bjørn Are Davidsen med rette kritiserer lærebøkene for å innehalde lausrivne sitat og ikkje sjå dei i ein større samanheng, men meiner Davidsen sjølv til dels gjer seg skuld i det same. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Lærebokforfattar kritiserer kritikar

Lærebokforfatter Tommy Moum meiner Bjørn Are Davidsen står i fare for å gå i den same grøfta han anklagar andre for.

Skrevet av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor den 2. august 2019.

Moum er medforfattar av nokre av lærebøkene som får juling i Davidsen si ferske bok Lurt av læreboken? Davidsen seier til Kristelig Pressekontor (KPK) at Moum sine bøker vert kritisert litt på eit par punkt, men at dei elles vert framheva som svært gode og omtrent er dei einaste lærebøkene som får ros.

Moum fekk lese nokre kapittel av førsteutkastet til Davidsen si bok og erkjenner at ein del lærebøker er for dårlege, sjølv om han óg har innvendingar til noko av kritikken.

Moum sine kommentarar står å lese lengst bak i boka. Her seier han mellom anna (retta til Davidsen, red.anm.):

– Pinlege blemmer

– Du har utvilsomt funne mange pinlege blemmer og misvisande påstandar. At slikt blir påpeika og synleggjort, er både legitimt og viktig. For oss som skriv lærebøker, er det berre å ta det til etterretning og så korrigera dei tabbane vi måtte ha begått. Samtidig meiner eg kritikken din nokre gonger blir urimeleg og på kanten til uetterrettelig. Enkelte stader kryssklipper du urelaterte sitat frå heilt ulike bøker slik at dei kan passa inn i det som er ditt narrativ (det ein vil fortelja, red.anm.). I iveren etter å avsløra tendensiøse og feilaktige lærebøker står du i fare for å gå i same grøfta sjølv. Du kritiserer med rette lærebokforfattarar for nokre gonger å plukka ut lausrivne sitat og ikkje sjå dei i ein større samanheng. Enkelte stader synest eg du delvis gjer deg skuldig i det same, seier Moum.

Davidsens respons var å endra sluttproduktet på ein del punkt.

– Ikkje bevisst negative

Moum svarer vidare:

– Eg fann sjølvsagt enkelte formuleringar som er klart negativt lada [når det gjeld kyrkja og dei kristne]. Men eg er nok ikkje heilt samd i at lærebøkene generelt sett har ein bevisst negativ tendens. At du finn enkelte setningar og avsnitt som stiller det religiøse i eit lite flatterande lys (smigrande, red.anm.), kan jo òg komma av det faktumet at kyrkja faktisk har bidratt til mykje død og fordervelse. Fortenesta di er å vise til mykje av det positive kyrkja har drive med, og sjølvsagt burde dette òg koma fram i bøkene. Men det ville bli like feil om bildet av kyrkja og kristendommen si historie ikkje òg gjenspeilte dei mørke sidene.

Moum erkjenner at ein lenge har kunna finne feil i lærebøker – slik som når det gjeld synet kyrkja har hatt på jorda kva form har. Davidsen skriv om dette som «Den mest typiske og langtlevende feilen» i lærebøkene. Den eldste referansen han har funne, er frå Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet utgitt av J.W. Cappelen forlag i 1863. Der blir det hevda at kyrkja i mellomalderen trudde jorda var flat, noko Davidsen viser at det ikkje finst belegg for i kjeldene.

Moum meiner framstillingane nokre gonger har vorte «meir svartkvite enn dei burde vera» og innrømmer at vekta ofte kan bli lagt på dei brota som oppstår i historia, og at lærebokforfattarar kan ha falle for freistinga til å kontrastera for sterkt mellom ulike epokar slik at nyansane vert vekk.

– Prisen å betala for ei slik kontrastering er naturlegvis ei kraftig forenkling. Ein del av dei misvisande framstillingane du peikar på, trur eg kan tilskrivast dette grepet meir enn noko ønske om til dømes å svartmåla den kristne mellomalderen og lovprisa den humanistiske renessansen, seier Tommy Moum. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Inspirert av den amerikanske tradisjonen Thanksgiving inviterer divisi til å takke for alt det gode Gud har gitt oss.

Landsmøtet i KrFU får seg denne helgen forelagt et endringsforslag som vil rive bort grunnlaget for de kristne friskolene. Vi forventer at landsmøtet avviser forslaget.

De leter etter en mann, men ingen supermann. Han skal være en skoleleder, men trenger ikke være tidligere skolemann. Og så må han trives med ungdommen.

Bildøy bibelskole har sikret inntekter som kommer fra utleie av tjenesteboliger til eksterne leietakere.

Torsdag sydde Rebekka Slettebø den fineste brudekjolen og vant med det Symesterskapet på NRK. Der har hun også fortalt om sin kristne tro.

Copyright © Sambåndet 2019