Sambåndet

Søndag 22. september 2019
RSS
LEIR: Turleiar Øyvind Vevle og kona Reidun (forsidebilde) midt i flokken han leia. Bildet over: Olaug Saurås frå Åsane, Ingeborg Lomheim frå Hafslo og leirsjef Ove Fotland frå Hordvik nyt utsikten over Osterøy i retning Åsane. Me kom oss nesten på toppen av Bruviknipa (Brøknipa).

Fjellhopping på Osterøy

Dei 27 deltakarane på Nordhordland Indremisjon sin fjellvandringsleir på Raknestunet fekk mange flotte opplevingar på Osterøy førre veke, fortel ein av deltakarane, Leikny Strømme Flathus, i denne luftige reportasjen.

Av Leikny Strømme Flathus, tekst og foto . Publisert 22. august 2019.

STEMMESEGGI: Artikkelforfattar Leikny Strømme Flathus midt i flokken på Stemmeseggi. Turleiar Øyvind Vevle peikar med vandringsstaven og fortel. Flott med kjentmann på tur! Andre av oss brukte stavane meir som støtte og uvurderleg godt hjelpemiddel til å kome oss fram.

OSTERØY: Stemmeseggi tysdag, med bratte lier på begge sider. Rispingen 742 moh på ein regnvåt onsdag (laut snu like før toppen, måtte jo heim til middag!) og 822 meter høge Brøknipa torsdag i nydeleg ver. Dei 27 deltakarane på Nordhordland Indremisjon sin fjellvandringsleir på Raknestunet fekk mange flotte opplevingar på Osterøy førre veke.

Pensjonert forkynnar Leif Nesheim frå Knarvik har lenge vore primus motor for dei årvisse fjellvandringsleirane. Mange av deltakarane kjem att år etter år, men no tek fleire til å verte gamle. Men sjølv om gjennomsnittsalderen på deltakarane etter kvart har vorte noko «pensjonistisk», held farten seg bra oppe på turane. Det sørga turleiar Øyvind Vevle for, lokal kjentmann frå Lonevåg. Dei gamle er enno eldst!

Dårlege kne

HJELLVIK SINE: Trolsk stemning i regnværet for gruppa som kjekk kortaste turen med bibeltimehaldar Audun Hjellvik.

For dei som streva mest med form og kne leia bibeltimehaldar Audun Hjellvik ei mindre gruppa kvar dag på litt kortare turar i spanande Osterøy-natur. Men då vart det gjerne litt meir skogstur enn fjelltur. Sjølv om også dei fann kjekke turmål med god utsikt.

Siste dagen danna me faktisk ei tredje gruppe, for oss som nesten held farten, men med opning for å gje oss før målet var nådd, om form og klokke skulle tilsei det. Så her vart dagane verkeleg tilpassa alle som var med. Vi hadde endåtil med eit par heimesitjarar som også hadde fine dagar, med sine eigne småturar og bilturar.

Foredrag

LEIARANE: F.v leirsjef Ove Fotland, bibeltimehaldar Audun Hjellvik, predikant og drivkraft Leiv Nesheim, dagleg leiar på Raknestunet Solbjørg Angelskår Mortensen og turleiar og kjentmann Øyvind Vevle frå Lonevåg.

Om kveldane var det sosial samling med ulike spanande foredrag om lokalt næringsliv og historie.

Pensjonert lærar Norvald Vedå synte bilete og snakka om sandfarten på Osterfjorden, medan pensjonert NLA-mann Audun Mosevoll fortalde om lokale utvandrarar til Amerika og om første emissæren i Nordhordland, Johan Haldorsen. Turleiar Øyvind Vevle held foredrag om Osterøy meir generelt.

Song og vitnemål høyrde også med, samt nydeleg ferskt bakverk kvar kveld. Strålande opplegg som alle verka sette pris på!

For unge med

Kva leirstad leiren har hatt som base, har variert. Ein har vore både i Eksingedalen, på Hardangervidda, i Modalen og fleire andre stader tidlegare. Neste år er staden enno ikkje avgjort.

Siste kvelden vart framtida for leiren diskutert. Fleire ynskte nye og yngre deltakarar velkomen – for dette er eit opplegg som passar for alle som er glad i fjellet. Ein litt bekymra, godt vaksen deltakar ville gjerne ha leiren slik han var – «ein leir som passar for oss». Og ja – me er mange som trur at leiren vil vera ei stor oppleving både for unge og eldre, både for nye og erfarne deltakarar – nett slik han er. Til neste år òg.

BEITE: Mange fine opplevingar på tur. Her møter me beist på beite.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Divisi besøker Sør-Rogaland denne helgen. «divisi-kveld» i Ålgård kirke der menigheten inviteres til fellesskap i sang og musikk, er en av programpostene.

Daniel Sæbjørnsen skal møte ungdommer på digitale plattformer, og han ønsker en dialog heller enn en monolog.

Sarah Hetland (19) og Tore Lindefjeld (18) er godt fornøyd med fjorårets Lederkonferanse og planlegger å få med seg årets konferanse. Fristen for å melde seg på til lavest mulig pris, er utsatt til 24. september.

KOMMENTAR Vil den nye oversettelsen av Bibelen til nordsamisk skape like mye diskusjon blant brukerne som 1978-oversettelsen til norsk gjorde? Det finnes i alle fall paralleller.

En fellesgudstjeneste på Saron markerte etableringen av Blå Kors Bryne.

Copyright © Sambåndet 2019