VAL: Asle Hetlebakke, t.v., er formann i valkomiteen med Helge Kleven som sekretær. FOTO: PETTER OLSEN

‘- Det blir eit reelt formannsval

Sitjande nestformann Gabriel Pollestad eller utfordrar Kjell Hauan blir i november valt til ny formann i ImF.

– Me er trygge på at me har funne to gode kandidatar, seier formannen for valkomiteen, Asle Hetlebakke, til Sambåndet.

Valkomiteen er ikkje heilt i mål med alle dei 12 namna dei ønskjer å leggja fram for generalforsamlinga (GF) under Leiarkonferansen 8.–10. november. Men Hetlebakke går no ut med dei to som har sagt seg villige til å stilla som formannskandidatar.

Gabriel Pollestad er altså sitjande nestformann i ImF-styret, tidlegare krinsstyreleiar i ImF Rogaland og dagleg leiar og styreleiar for fleire aksjeselskap. Kjell Hauan har tidlegare vore kretssekretær i dåværande Flekkefjord indremisjonskrets, medieleiar i ImF, då han i ein periode òg var fungerande generalsekretær, og administrasjonsleiar i ImF Sør. Han arbeider i dag som lastebilsjåfør.

Fleire har sagt nei

Noverande ImF-formann, Odd Asbjørn Nybø, kunne ikke attveljast til ImF-styret grunna tidsavgrensinga som ligg i lovane, noko han varsla under Medarbeidardagen i fjor. Styrevalet i 2019 blir dermed òg eit formannsval. Slik var det òg på førre GF, i Ålesund i 2016, då Nybø vart valt med Gabriel Pollestad som den andre kandidaten. Nybø har altså site tre år som formann.

– Dersom sitjande formann gir seg, skal det helst vera to kandidatar til dette vervet. Ganske fort blei det avklart at sitjande nestformann ville stilla, og me vurderte å berre ha han som kandidat, men me ønsker eit reelt val, seier Asle Hetlebakke.

Formannen i valkomiteen kan fortelja at dei òg har vore i kontakt med fleire enn Pollestad og Hauan om vervet som formann, men at det er desse to som har svara ja og som komiteen stiller seg bak.

Erfaring

– Til formannsvervet har me sett etter personar med erfaring frå leiing, både i styre- og yrkessamanheng. Då kom namnet Kjell Hauan på bordet, seier Hetlebakke.

Valkomiteen har ikkje først og fremst lagt vekt på kva utdanning formannskandidatane har.

– Den andelege leiarerfaringa er viktig. Samstundes skal jo òg styreformannen leia det som kan samanliknast med ei bedrift med tilsette. Komiteen trur at me med har to kandidatar som kjenner indremisjonsfamilien både sentralt, på kretsplan og det lokale arbeidet. Dette siste er nesten ein føresetnad for å kunne leia ein organisasjon som ImF, peikar Hetlebakke på.

Kvar sin stil

Komiteen har hatt samtalar med både generalsekretær Erik Furnes og avtroppande formann Odd Asbjørn Nybø om kva dei to toppleiarane i dag tenkjer framover.

– Dei seier at generalsekretær og formann til ei kvar tid må finna sin stil og sin delegering, fortel Hetlebakke.

Krevjande

– Kva trur du vil vera dei mest krevjande oppgåvene som den nye formannen må gå inn dei næraste tre åra?

– Det kan delast inn i internt og eksternt. På grasrota er det nok ei forventing om at styret stakar ut ein endå tydelegare kurs framover. Det er press frå ulike sider om kor store endringar ein vil ha, til dømes dette med forsamlingsbygging. Å sy saman organisasjonen framover vil nok bli ei utfordring, meiner Hetlebakke.

Og eksternt, frå samfunnet elles, blir det ikkje mykje enklare, slik valkomiteformannen vurderer det.

– ImF er ein konservativ organisasjon. Både skulane våre og kretsar og lokale forsamlingar kan fort møta eit endå sterkare press når det til dømes gjeld samlivsetiske problemstillingar. Kva skal ein forkynna? Det kan nok bli tøffare reint generelt å stå på Bibelen. ImF frontar eit syn som samfunnet rundt oss er ueinig i, og der me nå òg har fleirtalet i Den norske kyrkja mot oss, peikar Asle Hetlebakke på.

Sambåndet kjem tilbake med resten av lista til styrevalet når den er klar. 

1 svar
  1. Rebekka Blomsø says:

    Jeg Rebekka Blomsø er leder for Gatekirken: Hører Du Ropet:Kom! Driver med Gateevangelisering. Forkynner Guds ord, vitner, samtaler, ber, betjener, trener folk og disippelgjøring. Er ledig for oppdrag. Har startet vi leser Bibelen sammen i Betania Vigeland. Nå har menigheten der tatt over den flokken som jeg fikk inn der. Mobil nr:97648057

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.